Norborg/Brattvåg2 er krinsmeistrar i 5. divisjon

Norborg/Brattvåg2 spelte 3-3 mot Stranda i sin siste bortekamp for året og vart krinsmeistrar ettersom Blindheim tapte for Langevåg. Sjølve kampen mot Stranda var ikkje like solid som vi har vore vande med i haust. Stranda hadde gjort heimeleksa si og passa godt på spiss Magnus Austbø Seth, samstundes som dei slo til med raske angrep. Eit mål vart det likevel på Seth, som no har scora i 8 strake kampar. Heile tre gongar var Stranda i føringa, men Norborg/BIL2 sine spelarar skal ha honnør for god moral med å kome tilbake kvar gong. Poengdeling var eit greit utfall i ein kamp Norborg hadde ballen mest, men Stranda hadde like mange sjansar. Stranda er dermed det einaste laget Norborg ikkje har slått i år sidan kampen i Uggedalen enda med 4-4. Jesper Vos var Norborg sin beste spelar med to mål og fleire gode involveringar etter at han entra bana ti minutt før pause.
Les meir..

 

På tide å slå Stranda


Norborg/Brattvåg2 tek torsdag turen til Stranda til sin siste bortekamp for året. Vi har mange gode minner frå Stranda stadion. Det var her vi i 2003 tok vår første siger i 4. divisjon på 20 år, og det var her vi i den 17. serierunda i 2008 vann 1-4 og krabba opp på 2. plass bak nettopp Stranda. Norborg vart seinare krinsmeister i 4. divisjon, medan Stranda sprakk og ramla ned til 4. plass i ein særs jamn divisjon. Norborg vann divisjonen på betre målskilnad enn Herd og Bergsøy. Stranda var to poeng bak. Norborg vann også 0-3 i april 2010 etter to mål av Ole Johan Urke og eitt av Geir Ove Grønli, men det er også den siste sigeren Norborg har over Stranda. Tre uavgjorte i Uggedalen og eit 2-1 tap på Stranda er behaldninga, samt eit bittert tap i NM-kvalifiseringa etter ekstraomganger i 2011. Det er på å tide å vinne!
Les meir

G19: Knuste krinsmeistrane

Norborg/Brattvåg/Harøy tok ein knusande 8-1 siger over krinsmeistrane Spjelkavik i kveldens juniorkamp. Magnus Austbø Seth og Per Kristian Hildre sørga for 2-0 leiing til pause. Etter pause scora Nikolai Jensen 2, Seth 2 og Hildre, samt eit sjølvmål av ein uheldig Spjelkavik-spelar etter innlegg av Vidar Nilsen Rogne.
Tabell

5. divisjon runde 21

Då er det klart for nest siste runde i 5. divisjon. Spenninga er på Color Line Stadion på onsdag då Guard tek imot Herd2, ein kamp heimelaget må vinne for å komme à poeng med Herd2 i kampen om å unngå nedrykk.

Guard – Herd2
Dei to siste serierundene skal normalt spelast samtidig, men denne kampen er eit unntak og spelast onsdag medan resten av runda går torsdag. Dette er ein skikkeleg botnkamp. Guard må vinne, medan Herd2 reddar plassen med uavgjort. Vårens møte enda med 3-0 til Guard. Herd har redda plassen i 3. divisjon og kjem nok til å stille sterkt til denne kampen. Vi trur det enda med ein solid bortesiger.
Les meir

Blindheim klar for 4. divisjon

Vi gratulerer Blindheim med opprykk etter 3-0 siger over Skodje. Langevåg vann 6-0 borte mot Volda2, men det hjalp lite sidan avstanden opp til Blindheim er 8 poeng 2 runder før slutt. Herd2 tok eit langt steg mot fornya kontrakt i 5. divisjon med å vinne heile 4-0 over Stranda.
Tabell