Nyoppussa heimeside!

Då kan vi endeleg presentere ei nyoppussa heimeside. Dette er fjerde versjon av norborg.com sidan starten i 2001. Det meste av nyttig info er overført frå den gamle sida. Noko som var litt av ein jobb sidan ein måtte bruke klipp og lim metoden på ca. 900 artiklar. Alle undersidene er derfor ikkje like “vakre” sidan dei vart laga på dei gamle sidene.  Det har også blitt lagt inn fleire hundre bilete.

Kva er nytt? Ved sida ny plattform og sjølve designet så har det i høgremargen blant anna kome inn Twitter. Det at Norborg sin twitterkonto er integrert i nettsida gjer at du slepp å gå inn på vår twitterkonto for å følge med på oppdateringane av f.eks. A-laget sine kampar. Vi har også integrert Instagramkontoen til fotballgruppa. Her vil det siste biletet som er lagt ut der bli synleg. Nederst på høgresida finn du eit søkefelt. Du kan jo søke på ditt eige navn å sjå om du er med i ein artikkel eller to.. I venstremenyen så har det kome inn eit val som heiter “Galleri”. Her vil du finne mange bilete frå dei siste 17 åra, samt nokre eldre bilete.

Med denne nye sida håper vi også at fleire kan bidra med å legge inn stoff for å gjere norborg.com meir levande.

Yrande liv i Uggedalen

Laurdag 5. mai haldt Norborg turnering for dei minste aldersklassene (6-9 år) i fotballen med talentfulle spelarar frå Blindheim, Brattvåg, HaNo, Harøy, Ravn, Skodje, Stordal og Norborg. Totalt stilte desse 8 klubbane med 68 lag. Det var dermed eit yrande liv i Uggedalen denne maidagen.
Les meir →

Fotballskule 2018!

Det blir fotballskule på Uggedal Stadion i veke 26 (25. – 29. juni) for jenter og gutar i alderen 7 til 14 år. Leiar for fotballskulen blir Jonas Storlykken, samt instruktørar frå juniorlaget. Påmeldingsfrist er 5. juni. Plassen er sikra når betaling er registrert, betalingsfrist er 10. juni 2018
Les meir..

Veten Opp 2. september 2018!


Vi vurderer i år i forbindelse med den årlege Vetedagen å gi eit ekstra tilbud til dei som ønsker å få opp pulsen litt meir. Veten Opp 2018 vil vere eit lavterskel motbakkeløp, som går parallellt med den vanlege turen opp. Vi starter i fjøra, og følger den vanlege vegen opp. Det blir startnummer, tidtaking og premiering i dame- og herreklassen.

1. premie: 2000 kr, 2. premie: 1000 kr, 3. premie: 500 kr.

Utover det skal det vere uhøgtideleg, og vi håper flest mulig også i middels form stiller for moro skyld. Tiden vil nok variere frå kanskje 45 minutter for dei sprekaste, til eit par timer for oss andre.. Påmeldingsavgift kroner 100,-