Forrige helg tok heile 22 av medlemane våre turen til Orkanger for å vere med på årets Orkla Cup. Dette er ei av Noregs største turneringer, og i år hadde dei ny rekord mht antall påmeldte, med totalt 228 påmeldte i frå 20 klubbar. Totalt blei det spelt 509 kamper og vi fekk mange fine plasseringer.
Stiller med 12 aldersbestemte lag
Norborg har meldt på totalt 12 aldersbestemte lag i 2018 og stiller lag i følgjande klasser:
Gutar 7 år, Gutar 8 år, Gutar 9 år, Gutar 10 år, Gutar 11 år, Gutar 12 år og Gutar 19 år.
Jenter 7 år, Jenter 9 år, Jenter 10 år, Jenter 12 år og Jenter 13 år.
Fotballtrening for damer på tysdagar kl. 20
Norborg har ikkje damelag med i serien, men ei gruppe damer har i 2018 starta med treningar tysdagar kl. 20 til 2130 på Uggedal kunstgras. Alle damer er velkomen for ei fotballøkt. Interesserte kan også søke opp gruppa deira på facebook; Norborg Damelag.

Norborg stiller med 7-ar lag
Norborg stiller også i år med eit lag i 7-ar serien for herrer. Laget vil bli leia av Noralf Gamlem og har treningar i Uggedalen søndagar frå kl. 20 til 2130. På treningane kan alle møte, damer som herrer, i god eller dårleg form.
Veten Opp 2. september 2018!

Vi vurderer i år i forbindelse med den årlege Vetedagen å gi eit ekstra tilbud til dei som ønsker å få opp pulsen litt meir. Veten Opp 2018 vil vere eit lavterskel motbakkeløp, som går parallellt med den vanlege turen opp. Vi starter i fjøra, og følger den vanlege vegen opp. Det blir startnummer, tidtaking og premiering i dame- og herreklassen.
1. premie: 2000 kr, 2. premie: 1000 kr, 3. premie: 500 kr.
Utover det skal det vere uhøgtideleg, og vi håper flest mulig også i middels form stiller for moro skyld. Tiden vil nok variere frå kanskje 45 minutter for dei sprekaste, til eit par timer for oss andre.. Påmeldingsavgift kroner 100,-
5. divisjon: Sjansesløsing i Volda
Norborg/Brattvåg2 dominerte kampen, men sløste med sjansane og måtte tåle eit 2-0 tap for Volda2. – Vi var best stort sett heile kampen, men var lite presis i sistepasningar og avslutningar, sa trenar Øyvind Sundnes, som leia laget åleine sidan Kristian Søviknes var på jobb i Tyskland.
Les meir..
Inngår samarbeid med Brattvåg
Norborg og Brattvåg inngår samarbeid om lag i både 5. divisjon og i G19 1. divisjon. Norborg måtte som kjent ta turen ned frå 4. divisjon i haust og har i heile 2017 hatt få reine A-lagsspelarar. Då Brattvåg for nokre veker sidan gjekk ut og sa dei ønska seg ein samarbeidsklubb på Nordre Sunnmøre var Norborg raskt frampå. Samtalane var særs positive og ein stiller dermed eit lag i 5. divisjon som vil heite Norborg/Brattvåg2. Laget sine kampar vil spelast i Uggedalen. Samtalane førte også fram til eit felles juniorlag. Norborg har i dei to siste sesongane samarbeidd med Ravn og Harøy og gjort det særs sterkt med to pallplassar. Harøy vil framleis vere med på samarbeidet, medan Ravn truleg vil stille eige lag i 6. divisjon og ikkje vere med på juniorsamarbeidet. Heimekampane til juniorlaget vil vere likt fordelt mellom Norborg og Brattvåg.
Vi håper og trur at samarbeidet vil vere fruktbart for klubbane og bidra til eit solid tilbud til alle. Du kan lese meir om samarbeidet i Nordre.
5. divisjon: Forslag til terminliste
Forslag til terminliste for 5. divisjon har no kome frå Sunnmøre Fotballkrets. Seriestart ligg an til å bli 12. april, medan siste runde er sett opp 25. oktober.
| 1 | 2018-04-12 18.30 | Norborg | Herd 2 |
| 2 | 2018-04-19 18.30 | Sæbø | Norborg |
| 3 | 2018-04-26 18.30 | Volda 2 | Norborg |
| 4 | 2018-05-03 18.30 | Norborg | Blindheim |
| 5 | 2018-05-16 18.30 | Fjørtoft | Norborg |
| 6 | 2018-05-24 18.30 | Norborg | Ellingsøy |
| 7 | 2018-05-31 18.30 | Skodje | Norborg |
| 8 | 2018-06-07 18.30 | Norborg | Langevåg |
| 9 | 2018-06-14 18.30 | Hovdebygda | Norborg |
| 10 | 2018-06-21 18.30 | Norborg | Stranda |
| 11 | 2018-06-28 18.30 | Guard | Norborg |
| 12 | 2018-08-16 18.30 | Herd 2 | Norborg |
| 13 | 2018-08-23 18.30 | Norborg | Sæbø |
| 14 | 2018-08-30 18.30 | Norborg | Volda 2 |
| 15 | 2018-09-06 18.30 | Blindheim | Norborg |
| 16 | 2018-09-13 18.30 | Norborg | Fjørtoft |
| 17 | 2018-09-20 18.30 | Ellingsøy | Norborg |
| 18 | 2018-09-27 18.30 | Norborg | Skodje |
| 19 | 2018-10-04 18.30 | Langevåg | Norborg |
| 20 | 2018-10-11 18.30 | Norborg | Hovdebygda |
| 21 | 2018-10-18 18.30 | Stranda | Norborg |
| 22 | 2018-10-25 18.30 | Norborg | Guard |
Norborg G19 med i futsal-KM
Norborg sitt juniorlag deltek på futsal-KM i helga og møter i morgon Herd2 kl. 1440, Hødd3 kl. 1540 og Volda1 kl. 1720.
Juniorane avslutta med storsiger!
Norborg/Ravn/Harøy vann 8-3 over FK Sykkylven i serieavslutninga, men sidan Herd vann 2-0 i Ulsteinvik greidde ein ikkje å ta 2. plassen. Hødd vann 1. divisjon på betre målskilnad enn Herd, medan NoRaHa enda to poeng bak.
https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/hjem/?fiksId=154805

