AaFK2 vann 4. divisjon

AaFK2 vann i kveld 7-1 over FK Sykkylven og rykker dermed opp til 3. divisjon på betre målskilnad enn Bergsøy.

4. divisjon 2019 blir dermed slik:

Hødd2 (Norborg har tidlegare møtt Hødd2 i 10 seriekampar: 1-1-8)
Bergsøy (10 seriekampar: 1-0-9)
Emblem (28 seriekampar, 10-4-9 på 23 kampar vi veit resultatet)
Volda (12 seriekampar: 1-4-7)
Rollon (22 seriekampar: 5-3-14)
Skarbøvik/Hessa (Ny klubb i år, men 6 seriekampar mot SIF, 4 mot Hessa)
Ørsta (12 seriekampar: 7-1-4)
Valder (18 seriekampar: 7-4-7)
Larsnes/Gursken (14 seriekampar: 7-3-4)
Hareid (14 seriekampar: 9-1-4)
Norborg/Brattvåg2
Blindheim (10 seriekampar: 6-0-4)

Brusdal spelte mest!

Kaptein Kjell Terje Brusdal spelte samtlege 22 kampar og var dermed den som spelte mest av totalt 36 nytta spelarar for Norborg/Brattvåg2 i årets 5. divisjon. Storscorar Magnus Austbø Seth spelte alle bortsett frå bortekampen mot Hovdebygda og er ein god nummer to. Gledeleg er det at Tor Abelseth har hatt ein stort sett skadefri sesong og fekk også speletid i 21 av kampane. Abelseth måtte stå over bortekampen mot Ellingsøy grunna sjukdom, og hadde litt småskader før to av kampane og starta dermed på benken i dei. Dermed har 17-åringen Gard Sæterøy Rogne 100 fleire minutt på bana. Rogne har hatt ein god førstesesong for samarbeidslaget. Det skal bli spennande å følge utviklinga. På 5. plass i speletid finn vi hovudmotor Kristoffer Søviknes. Han har hatt ein ny vår som midtbanespelar og har vore betre trent enn på mange år. Det resulterte i heile 15 mål. Noko som er ny rekord for den opprinnelege spissen. Fullstendig liste finn du på lenka nedanfor.

Les meir

Herd2 yngst – Guard eldst

Vi har sett på snittalderen til laga i kampane mot Norborg. Her er Herd2 det yngste laget med ein snittalder på 19,27, medan Guard er eldst med sine 31,33 år. Norborg har ein snittalder på 23,29 år og plasserer seg i midtsjiktet. Oransjetrøyene stilte sin yngste tropp i siste serierunde mot Guard (21,81) og den eldste i bortekampen mot Fjørtoft (24,64). Dei tre laga som rykte ned har dei eldste laga.

LagSnittalder VårSnittalder HaustSnitt
Herd219,1419,3919,27
Langevåg20,7121,1120,91
Volda222,1721,7721,97
Stranda22,9722,8822,93
Ellingsøy23,2822,9023,09
Norborg/BIL223,4823,0923,29
Skodje24,0622,7023,38
Blindheim23,0024,1423,57
Hovdebygda25,6723,9924,83
Sæbø28,1526,9127,53
Fjørtoft28,7828,2628,52
Guard31,3831,2731,33

5. divisjon: Resultat siste serierunde

Langevåg klinka til med 12-1 siger over Fjørtoft og snytte dermed Blindheim for årets største siger i 5. divisjon. Norborg/BIL2 stoppa på 100 scora mål, medan Sæbø stoppa på 100 baklengs.

Norborg/Brattvåg2 – Guard 8-0
Langevåg – Fjørtoft 12-1
Volda2 – Stranda 2-1
Ellingsøy – Skodje 2-3
Blindheim – Hovdebygda 5-1
Herd2 – Sæbø 7-3
Tabell

 

Norborg/Brattvåg2 i 100!


Norborg/Brattvåg2 avslutta årets sesong med å vinne 8-0 og nådde dermed målet om 100 scora mål. Magnus Austbø Seth scora heile 6 av måla og enda dermed på totalt 31. Kristoffer Søviknes og Nikolai Jensen scora eitt kvar. Sjølve kampen opna bra for Norborg og ein leia tidleg 2-0, men kvaliteten fall den siste halvtimen av 1. omgang. I 2. omgang var det spel mot eitt mål og ein skapte sjanse på sjanse. Vi gratulerer gutane med ein fantastisk sesong.
Les meir..

Norborg feirar KM-tittel med gratis inngang og kake!

Torsdag kl 1830 er det klart for årets siste kamp då Guard gjestar Uggedalen. Det er ein sesong som har flydd av garde og forventingane blitt innfridd. Det har vore rett kjekt å fulgt laget denne sesongen, så vi håper mange trossar haustveret og tek turen til Uggedalen denne kvelden for å få seg litt kake og sjå offensiv fotball. Kake får du på klubbhuset frå kl. 1800. Vi nemner også at det er siste kamp for Jenter 12 kl. 1830.
Les meir

5. divisjon: Siste runde

Då er vi komen fram til siste runde av årets sesong. Kvelden då nervane skal vere i høgspenn! Draumar skal oppfyllast eller knusast! Men, sånn er det ikkje i 5. divisjon. I Norborg-land, Brattvåg og Blindheim er opprykksjubelen for lengst over. Medan Guard, Fjørtoft og Sæbø har forbanna seg over nedrykket og er ferdig prata om kor dei burde ha tatt dei nødvendige poenga. Likevel, sesongen skal fullførast med ære og ein ting er sikkert; alle lag kan senke skuldrane og varte opp med sexy fotball. Det er dermed all grunn til å møte opp på dei seks stadionane denne torsdagskvelden kl. 1830. Vi har sett litt på kampane.

Les meir

G19: Storsiger i siste kamp

Norborg/Brattvåg/Harøy vann 6-0 over Emblem i årets siste kamp. Magnus Austbø Seth 3, Per Kristian Helle Hildre 2 og Siver Davik scora måla. NBH klatra forbi Herd og opp på den viktige 4. plassen, som gir automatisk plass i neste års 1. divisjon. Herd er poenget bak, men har to kampar til gode.
Tabell

  • Herd vann måndag kveld 2-1 over Spjelkavik og passerte Norborg/Brattvåg/Harøy på tabellen. NBH blir dermed nr. 5.