Med si 5-0 scoring i gårsdagens kamp mot Skodje noterte Ole Johan Urke seg for si 100. scoring for Norborg sitt A-lag. Herav 50 seriemål. Det første målet kom i ein treningskamp mot Ellingsøy 18. januar 2007. Urke er kjent for sine susande langskot, men både det første og det hundrande har kome frå kloss hald. Det første putta han etter ein retur frå keeper på eit skot frå Tarjei Gjerset Urkedal, nummer 100 etter at ein lite egoistisk Magnus Austbø Seth sentra når dei to kom åleine med keeper.
Grei skuring mot Skodje
Norborg/Brattvåg2 – Skodje 6-0 (3-0)
Treningskamp, Uggedal KGB, 12.02.2019
1-0 Jesper Vos (6)
2-0 Jesper Vos (9)
3-0 Per-Stian Alvestad (20)
4-0 Per Kristian Helle Hildre (67)
5-0 Ole Johan Urke (83)
6-0 Magnus Jenssen (90)
Norborg kom godt i gong mot Skodje og scora tre mål på dei første tjue. Etter dette vart det mykje balltrilling og få sjansar fram til pause. I 2. omgang hadde Norborg full kontroll og scora ytterlegare tre mål. Allereie på torsdag er det ny kamp. Då mot Blindheim kl. 19.
Laget: Sander Arntsen – Per-Kristian Grytten Søvik (Anders Toven, 46), Tobias Jensen, Tor Abelseth (Nikolai Jensen, 58), Marius Fylling Rogne – Lars Mikalsen (Ole Johan Urke, 70), Jesper Vos (Gard Rogne, 70), Eirik Vågnes (Siver Davik, 75), Vidar Nilsen Rogne (Magnus Jenssen, 70) – Per-Stian Alvestad (Magnus Austbø Seth, 70), Per Kristian Helle Hildre.
To treningskampar denne veka
Norborg/Brattvåg2 møter Skodje tysdag kl. 1830 og Blindheim torsdag kl. 19. Begge kampane går i Uggedalen.
G19: Fekk stryk av Ørskog
Brattvåg/Norborg/Harøy gjekk på ein smell mot Ørskog og tapte heile 5-0 (1-0) i den siste av “kvalifiseringskampane” for spel i 1. divisjon. B/N/H vart dermed nr. 3 av dei 4 laga i gruppa. Langevåg vann gruppa med Ørskog på 2. plass og Blindheim på sisteplass. På grunn av få påmeldte lag er alle kvalifisert for 1. divisjon.
Laget: Robin Bergtun, Fredrik Rogne, Alexander Otterlei, Martin Witsø, Daniel Forsland, Adrian Bjørlykke, Tobias Jensen, Eirik Vågnes, Marius Otterlei, Per Kristian Helle Hildre, Igor Pekarskiy.
Innbyttarar: Anders Finnøy, Erling Otterlei, Eirik Valaker, Richard Andersson, Thomas Haugen.
Treningskampar
Treningskampar dei siste sju dagane:
Skarbøvik/Hessa – Emblem 2-0
Rollon – Aksla 3-3
Ellingsøy – Langevåg 0-4
Herd – Blindheim 3-2
Felles Årsmøte for Hvd.laget, badminton, trim- og fotballgruppa
Årsmøte for sesongen 2019
Tidspunkt: Onsdag 12.02.20, kl. 18.00
Sted: Klubbhus Uggedalen stadion
Alle medlemmer er velkomne
Vann årets første treningskamp
Norborg/Brattvåg2 – Harøy 5-3 (3-0)
Uggedal KGB, 05.02.2019
1-0 Magnus Austbø Seth (8)
2-0 Eirik Vågnes (11)
3-0 Magnus Austbø Seth (16)
3-1 Illya (46)
3-2 Sjølvmål (54)
3-3 Illya (59)
4-3 Magnus Austbø Seth (71)
5-3 Jesper Vos (85)
Heimelaget leverte eit godt første kvarter og leia fortent 3-0, men så fall konsentrasjonen kraftig så det vart ikkje fleire mål før pause. Etter pause vart Harøy som fekk ein pangstart og utlikna dei oransje si leiing før kvarteret var spelt. Norborg fekk etter kvart kvitta seg med Jon Blund og avgjorde kampen med to mål mot slutten. – Heilt greitt for å vere første treningskamp, sa Kristian Søviknes.
Sander Arntsten, Tobias Jensen og Eirik Vågnes debuterte på A-lagsnivå. Tobias har for øvreg meldt overgong frå Brattvåg til moderklubb Norborg.
Laget: Sander Arntsen – Marius Rogne (Urke, 46), Anders Toven, Tobias Jensen, Jonas Holmeset (Lars Mikalsen, 46) – Magnus Jenssen (Jesper Vos, 46), Nikolai Jensen, Eirik Vågnes (Gard Rogne, 57), Vidar Nilsen Rogne – Magnus Austbø Seth, Fredrik Hurlen (Per-Stian Alvestad, 35).
G19: Siger over Blindheim
Treningskamp avlyst!
Dagens treningskamp mot Hødd2 er avlyst då gjestane frå Ulsteinvik ikkje greidde å stille lag.
Ny treningskamp avlyst
Norborg skulle ha møtt Harøy til treningskamp i Uggedalen onsdag kveld, men som Fjørtoft sist, så trekker Harøy seg frå kampen grunna mangel på spelarar. Norborg har avtalt treningskamp mot Hødd2 på laurdag. Den kampen går enten på CLS eller i Uggedalen. Vi kjem tilbake med meir info når detaljane er på plass.
Vi tek elles med at Brattvåg/Norborg/Harøy G19 tapte 3-0 for Langevåg sist søndag. Kampen var i utgangspunktet ein kvalifiseringskamp for spel i 1. divisjon, men på grunn av få påmeldte lag så er alle laga allereie kvalifisert. Rapportane seie at det var oppjaga spel av BNH og at Langevåg vann fortent mot det vi kan kalle vårt nye juniorlag sidan dei mange -99 modellane no er eitt år for gamle.


