Målrikt mellom Norborg og Stranda
Norborg/Brattvåg2 – Stranda 6-4 (3-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 11.04.2019
Sjansar: 13-8
1-0 Vidar Nilsen Rogne (3)
2-0 Magnus Austbø Seth (18)
3-0 Nikolai Jensen (23)
3-1 ? (33)
4-1 Magnus Austbø Seth (47)
5-1 Per Kristian Helle Hildre (53)
5-2 ? (57)
5-3 ? (76)
5-4 ? (79)
6-4 Nikolai Jensen (92)
Ein kamp som varierte frå flott fotball til det groteske. Fortent siger, men det kunne like godt ha enda 5-5 i staden for 6-4 i sluttminutta. Vi kjem tilbake med meir i løpet av helga.
Laget: Benjamin Rørhus (Sander Arntsen, 46) – Tobias Jensen, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne (fram til 80) – Vidar Nilsen Rogne (Jesper Vos, 20), Eirik Vågnes, Nikolai Jensen, Magnus Jenssen – Magnus Austbø Seth, Per Kristian Helle Hildre.
Andre kampar:
SIF/Hessa – Giske 4-2
Valder – Tomrefjord 1-2
Treningskamp mot Stranda torsdag kl. 19
Norborg/Brattvåg2 spelar sin andre kamp for veka då ein tek imot Stranda på Uggedal KGB torsdag kl. 19. Stranda var det einaste laget ein ikkje greidde å slå i fjorårets 5. divisjon. Heimekampen enda 4-4 etter å ha kome under 0-4, medan bortekampen enda 3-3.
Trimgruppa med app for registrering av fjellturar
Då har vi starta eit prøveprosjekt med online registrering av Fjelltrimmen. Last ned appen GEOREG til mobilen, registrer deg, les den enkle instruksjonen og prøv deg neste gang du er ved ein av følgjande poster: Gamlemsveten, Tverrbotshornet, Uføra, Terøytoppen og Gjersetvatnet. Koordinatene er lagt inn ved postkassene.
Appen er gratis å laste ned og gratis å bruke. Du har då automatisk kontroll på antall turer, og får opp dei siste 5 som var der før deg etc.
Bruk fortsatt bøkene, dette er foreløpig berre i tillegg (for eigen kontroll på antall turer etc.) så får vi sjå etter kvart kva vi gjer.
Vakna etter pause
Norborg/Brattvåg2 – FK Sykkylven 6-2 (1-1)
Treningskamp, Brattvåg stadion, 08.04.2019
Sjansar: 10-2
0-1 Bengt Hole Alnes (13)
1-1 Tor Abelseth (14)
2-1 Magnus Jenssen (59)
2-2 ? (60)
3-2 Per Kristian Helle Hildre (64)
4-2 Vidar Nilsen Rogne (68)
5-2 Magnus Austbø Seth (77)
6-2 Nikolai Jensen (80)
Etter ein svak 1. omgang vakna Norborg/Brattvåg2 til liv etter pause og varta opp med mange flotte angrep. Effektiviteten, som har vore fråverande dei siste kampane, kom også på plass med fem mål på sju sjansar i denne omgangen.
Måla:
0-1: Brot på midten og gjennomspel til Bengt Hole Alnes som sette ballen i nota med eit presist skot frå 16 meter.
1-1: Tor Abelseth kom seg fri i feltet og stanga inn Ole Johan Urke sitt frispark.
2-1: Magnus Jensen stod for kampens flottaste mål då han sette Jesper Vos sitt legg i mål på volley.
2-2: Lavt legg frå høgre som enda i mål etter litt klabb og babb.
3-2: Per Kristian Helle Hildre kald framfor mål etter ein stikkar frå Magnus A. Seth. Venta på keeper og sette ballen inne ved stolpen.
4-2: Vidar Nilsen Rogne kontra på venstresida. Hadde med seg to mann framfor mål, men gjekk sjølv inn i 16 meteren og plasserte ballen i nota.
5-2: Magnus Austbø Seth nikka ballen i nota etter at keeper gav retur på eit skot frå Tor Abelseth.
6-2: Nikolai Jensen tok løpet inn i 16 meteren, fekk ballen og plasserte den inne ved stolpen.
Laget: Benjamin Rørhus (Sander Arntsen, 71) – Tobias Jensen (Jonas Holmeset, 61), Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne – Ole Johan Urke (Vidar Nilsen Rogne, 61), Eirik Vågnes (Per Kristian Helle Hildre, 46), Nikolai Jensen, Magnus Jenssen – Jesper Vos (Kristoffer Søviknes, 61), Magnus Austbø Seth.
Treningskamptabell
Treningskamp mot FK Sykkylven måndag kl. 19
Norborg/Brattvåg2 skal komande veke spele to treningskampar. Først ute er FK Sykkylven i morgon. Denne kampen vil spelast på Brattvåg stadion. På torsdag kl 19 møter ein Stranda i Uggedalen.
Tredje strake tap!
Vestnes Varfjell – Norborg/Brattvåg2 4-1 (3-0)
Treningskamp, Vestnes Idrettspark, 04.04.2019
1-0 (21)
2-0 (38)
3-0 (41)
3-1 Magnus Austbø Seth (56)
4-1 (87)
Norborg tapte sitt tredje strake møte med eit 4. divisjonslag frå Romsdal. Norborg sleit med effektiviteten i denne kampen og brann dei utrulegaste sjansar. Heimelaget på si side var effektive og gode framfor mål.
Laget: Sander Arntsen (Benjamin Rørhus, 46) – Marius Fylling Rogne, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Tobias Jensen (Jonas Holmeset, 67)- Magnus Jensen (Nilsen Rogne, 80), Gard Rogne, Jesper Vos, Vidar Nilsen Rogne (Eirik Vågnes, 46) – Fredrik Hurlen (Per Kristian Helle Hildre, 46), Magnus Austbø Seth.
Første trening for 6-åringane
Tidlegare i vinter inviterte Norborg alle 6-åringar ved Grytastranda Montessoriskule og Søvik skule til trening, og i går var dagen komen då dei hadde si første trening. Tretten ivrige gutar og jenter vart ønska velkomen av yngres leiar Tarjei Gjerset Urkedal, og hadde ei kjekk fotballøkt saman med han.
Treningskamp mot Vestnes Varfjell
Norborg/Brattvåg2 tek torsdag turen til Vestnes for å spele sin tredje strake kamp mot eit romsdalslag. Dei to første har enda med tap sjølv om ein har vore fullt på høgde spelemessig. I fjor vart det 2-2 mot Varfjell etter mål av Ådne Hellandsvik og Kristoffer Søviknes. Ingen av desse vil vere med i morgon, men mål skal vel alltids Norborg score. Kampstart kl. 19.





