4. divisjon: Full runde fredag kl. 1830

For første og siste gong før siste runde i oktober så spelast alle kampane i 4. divisjon samstundes. Her er kampane og litt synsing rundt dei:

Hareid – Valder
Heimelaget er spådd som den store dumpekandidaten i årets 4. divisjon, men overraska nær sagt alle då dei lenge hadde Bergsøy i kneståande. Det enda til slutt 3-3, noko vi vel å kalle eit bonuspoeng. Sjølv om Hareid kanskje er betre enn sitt rykte så trur vi Valder tek med seg tre poeng over Breidsundet. Dei har betra spelarstallen sin i vinter og hadde full kontroll på Hødd2 i serieopninga. Hareid er nok ikkje så naive i forsvarsspelet sitt som Hødd2, men vi seie bortesiger.

Hødd2 – Emblem
To lag som tapte serieopninga møtest på Høddvoll. Laget frå Ulsteinvik hadde ingen sjans til å ta Valder sist og tapte 4-2 (låg under 4-0) og med eit tøft program for 1. laget denne veka med cupkamp i dag (4-3 siger over Træff) og ny kamp søndag, så vil det nok ikkje nokon av dei som 16-17 beste spelaren i A-stallen til Hødd vere med. Kan då Emblem som beit godt frå seg mot eit antatt topplag som Volda greie poeng? Ja, vi trur dei greie å kjempe seg til ein uavgjort.

Larsnes/Gursken  – Bergsøy
Heimelaget signerte tre gode spelarar inn mot seriestart, men måtte sjå seg slått 2-1 borte mot Norborg/BIL2. L/G haldt eit høgt nivå før pause i den kampen, sjølv om dei sleit med å produsere sjansar. Divisjonsfavoritt Bergsøy kan få det tøft med å få med seg tre poeng. 3-3 mot Hareid i serieopninga gav nok fosnavågarane eit lite sjokk, og cupkamp mot AaFK (0-3 tap) i dag er ikkje den beste oppladinga. Likevel, vi trur Bergsøy si langt meir offensive kraft bikka kampen i ein bortesiger.

Volda – Rollon
Runda sin toppkamp spelast på Volda stadion. Volda sleit seg til 2-1 over Emblem sist, medan Rollon vann greit 3-1 over Ørsta. Stian Finnøy scora 14 mål på 15 kampar i fjor og haldt fram målteften med to mål i serieopninga. Volda har eit godt lag, men vi held Rollon som betre og gir dei eit knapt favorittstempel.

Ørsta – SIF/Hessa
Topp mot botn på tabellen, men her held vi botnlaget som favorittar. Ørsta hadde ein tøff bortekamp i serieopninga og tapte 3-1, men heime på Aurstad Arena blir dei favorittar mot eit SIF/Hessa som på si side vann 3-0 over Blindheim. Nils Ottar Sandø gjorde to mål i comebacket sitt, men er han med til Ørsta?  Sandø eller ei, vi trur Knut Erik Myklebust og co. tek sine tre første poeng.

Blindheim – Norborg/Brattvåg2, sjå eiga sak.

Stilling tabellkonkurransen 1. runde

Vi har registrert 45 godkjente forslag i vår tabellkonkurranse for 4. divisjon. Dei fleste (29 stk.) har tippa Bergsøy som vinnar av divisjonen. Rollon (5), Volda (4), Hødd2 (3), Blindheim (2), Norborg/BIL2 (1) og Emblem (1) er dei andre som har blitt tippa på 1. plass. I motsett ende av tabellen finn vi flest forslag med Hareid. 22 stk. har dei på botnen, medan Larsnes/Gursken (9), Blindheim (7), Emblem (4), Ørsta (2) og Norborg/BIL2 (1) er andre lag som har blitt tippa på sisteplass.

Vi vil etter kvar runde kome med dei ti best plasserte forslaga. Etter 1. serierunde er stillinga slik:

G19: Nyt livet på toppen av 1. divisjon


Brattvåg/Norborg/Harøy vann 3-2 over FK Sykkylven/SIL på Brattvåg Stadion måndag kveld og går inn i mai på toppen av 1. divisjon. Per Kristian Grytten Søvik ga BNH leiinga allereie i det 3. minutt, men gjestane kom sterkt tilbake og snudde til 1-2 før pause. Per Kristian Helle Hildre utlikna tidleg i 2. omgang då han snappa opp ei pasning frå keeper å trilla ballen i opent mål. Magnus Otterlei sikra sigeren like etter sin debut på juniorlaget då han banka inn Hildre sitt innlegg. Samarbeidslaget har dermed vunne begge sine kampar og får kose seg på toppen av tabellen.

Laget: Sander Arntsen – Anders Finnøy, Tobias Jensen, Alexander Otterlei, Nikolai Ellingsæter, Per Kristian Grytten Søvik, Siver Davik, Eirik Vågnes, Johan Lie, Per Kristian Helle Hildre, Daniel Forsland. Innbyttarar: Robin Bergtun, Eirik Valaker Røren, Adrian Bjørlykke, Thomas Haugen, Johan Rosvik, Magnus Otterlei og Martin Koch.

G9 tok sigeren mot Herd i serieopninga.

Oppe frå venstre: Benjamin, Sanjai, Nickolas, Felix. Nede frå venstre: Fredrik, Thomas, Filip, Alexander og keeper Lukasz

Søndag tok gutane på G9 turen til Herd stadion for å spele sin aller første seriekamp. Det vart ein jamn kamp, men Norborg-gutane var best og tok ein 7-6 siger med heim. Trenar Tarjei Urkedal var godt nøgd med både innsats og spel.

Vekeslutt

Tor Grande og Endre Kalvø fekk før A-lagskampen på torsdag utdelt plakett for “Årets innsatspris 2018”. Begge har gjennom mange år stått for vedlikehaldet av banene i Uggedalen. Ingmar Seth fekk samstundes plakett for “Årets supportar 2018”. Vi gratulerer alle tre.

Dei aldersbestemte sidene på heimesida er no oppdatert med lagbilete og kontaktinfo.

Norborg J13 starta sesongen med å vinne 20-0 over Harøy på tysdag der Luna Volstad stod for heile 7 av måla. Søndag følgte dei opp med 2-0 siger borte mot Herd. Dermed full pott og tabelltopp!

Eirik Valaker Røren (17) har meldt overgong frå Brattvåg til Norborg. Vi ønsker han velkomen heim.

Trimgruppa har no registrert alle dei 22 fjellpostane i Georeg. Last ned appen på telefonen din og registrer deg på heimesida til Georeg. Når du er på fjellposten så går du inn på appen og registrerer turen din. Når du har kome heim i godstolen med laptopen på fanget kan du logge deg inn på georeg.no å sjå poenga dine for turen. Norborg.com testa systemet i helga og er godt nøgd med at trimgruppa har fått på plass dette systemet.

Kick off for aldersbestemte spelarar

Før A-kampen på torsdag hadde Norborg fotballtrening for ca. 70 barn. Treninga vart leia av juniorane Eirik Valaker Røren, Richard Anderson, Anders Finnøy og Thomas Haugen. Ungane hadde det kjekt både under og etter trening og der dei fekk servert frukt og pølse med brød, samt utlevert Norborg drikkeflaske.

 

4. divisjon fredag

Bergsøy – Hareid 3-3
Valder – Hødd2 4-2
Emblem – Volda 1-2
Rollon – Ørsta 3-1

Hareid stod for kveldens overrasking då dei greidde poeng borte mot opprykksfavoritt Bergsøy. Faktisk leia Hareid både 0-2 og 2-3. Valder leika seg lenge med Hødd2 og leia på eit tidspunkt 4-0 før laget frå Ulsteinvik fekk pynte på resultatet. Dei to fremste opprykksutfordrarane til Bergsøy, Volda og Rollon, starta begge med siger. Desse to laga møtast i komande runde, medan Bergsøy skal ut i ein særs vanskeleg bortekamp mot Larsnes/Gursken. SIF/Hessa-Blindheim spelar først i morgon.