Seth ballen i mål


Magnus Austbø Seth var på rett plass til rett tid å sette inn Norborg/Brattvåg2 sitt mål mot Bergsøy. Han har med det scora i 12 strake seriekampar. Ikkje sidan 6-0 sigeren over Sæbø 23. august i fjor har han gått mållaus av bana i ein seriekamp. På desse 12 kampane har det blitt heile 28 mål.

Magnus Austbø Seth
Født: 07.11.1999
Frå: Brattvåg
A-lagsdebut: 02.03.2016 mot Valder
Første A-lagsmål: 02.04.2016 mot Vigra
Første seriemål: 13.05.2016 mot Skarbøvik

Kampar og mål for Norborg og Norborg/Brattvåg2:
2016: 24 kampar / 9 mål [20 seriekampar / 7 mål]  [4 treningskampar / 2 mål]
2017: 29 kampar / 21 mål [16 seriekampar / 6 mål] [13 treningskampar / 15 mål]
2018: 32 kampar / 37 mål [21 seriekampar / 31 mål] [11 treningskampar / 6 mål]
2019: 14 kampar / 22 mål [3 seriekampar / 4 mål] [11 treningskampar / 18 mål]
Totalt: 99 kampar / 89 mål [60 seriekampar / 48 mål] [39 treningskampar / 41 mål]

Bittert tap i toppkampen!


Bergsøy – Norborg/Brattvåg2 2-1 (2-0)
4. divisjon, Havila Stadion Fosnavåg, 10.05.2019

Sjansar: 7-6
Avslutningar på mål: 5-5
Avslutningar utanfor: 6-6
Blokkerte avslutningar: 0-3
Cornere: 3-3

1-0 Daniel Kvalsvik (26)
2-0 Sjølvmål (30)
2-1 Magnus Austbø Seth (56)

Laga hadde kvar sin omgang på flotte Havila stadion i Fosnavåg. Bergsøy leia fortent til pause, medan Norborg kom sterkt etter kvila og føler seg snytt for poeng etter at Patrik Hjelmseth sette ballen i nota til det alle trudde var 2-2, for så å bli avvinka for offside. Endå meir fortviling vart det då same mann vart vist sitt andre gule kort og dermed raudt for sin spontanreaksjon då han skjønte målet vart annullert. Norborg var nær utlikning i sluttminutta, men måtte gå av bana med tap for første gong sidan mai 2018.

I dag reiser vi skuffa heim over at vi ikkje får med oss noko ut av denne kampen, men samstundes nøgd med måten vi gjennomfører store deler av kampen. Vi trykker Bergsøy gjennom heile 2. omgang, sjølv med ein mann mindre så er vi det beste laget på bana. Vi får ta med oss opplevinga heim og fortsette jakta på poeng neste uke, sa trenar Kristian Søviknes.
Les meir..

Bortekamp mot Bergsøy på fredag

Nummer 1 og 2 på tabellen etter 2. serierunde møtest på Havila Stadion i Fosnavåg fredag kl. 19. Norborg/Brattvåg2 står som einaste lag med full pott i 4. divisjon. Det gir sjølvtillit inn mot den antatte opprykksfavoritten.

Norborg får tilbake Anders Toven frå skade og Ruben Holmeset frå sjukdom, men må fortsatt klare seg utan dødballspesialist Ole Johan Urke og målvaktene Benjamin Rørhus og Sander Arntsen. Då er det godt å ha Brattvåg sin gode Neydson Da Silva i bakhand.

Bergsøy vart nok tatt litt på senga av Hareid i serieopninga, men redda poenget etter å ha kome under både 0-2 og 2-3. I sist kamp mot Larsnes/Gursken løfta laget seg og vann 0-2. Eit sjølvmål og ei scoring av den tidlegare L/G spelaren Thomas Sætre Hauge sørga trepoengeren. Hareid viste at det er mogeleg å ta poeng frå Bergsøy, men når ein møter spelarar som Franjo Tepuric og Magnus Myklebust så må konsentrasjonen vere på topp gjennom samtlege minutt. Den tidlegare Hødd, Lillestrøm, Odd og Kongsvinger spelaren Myklebust har for øvreg møtt Norborg før. Det var i 2001 då han spelte for Gursken i 5. divisjon. Norborg vann for øvreg 4-0 heime og 4-1 borte.

Dommar: Martin Javier Solheim (Spjelkavik)
Assistentar: Henning Skjeret (Volda) og Per-Inia Brekke (Hareid)

Tidlegare møter:
Norborg har ingen god statistikk mot Bergsøy. På 10 kampar har Bergsøy vunne 9 og Norborg 1. Målskilnad 45-17 i favør Bergsøy. Norborg sin siger kom i 2008 då ein vann 2-0 i Uggedalen etter mål av Tarjei Gjerset Urkedal og Morten Kalvø.

4. divisjon: Valder snudde mot Gulars

To kampar i 4. divisjon vart spelt torsdag kveld. Larsnes/Gursken tok leiinga ved Robert Auflem Vik borte mot Valder, men heimelaget kom sterkt tilbake etter pause og snudde kampen til 2-1 etter mål av Jonathan Mulelid og Peter Eikås Larsen. Dermed tok Valder tabelltoppen, medan Larsnes/Gursken stadig ventar på sitt første poeng. Det må seiast at dei har hatt tre veldig tøffe kampar.

Emblem fekk avlyst sin kamp mot Hødd2 sist veke (ny dato for den kampen er måndag 20. mai) og eit spelesugent Emblem tok årets første siger då dei vann 1-0 heime mot Hareid etter mål av Damian Alin-Constantin. Hareid gjekk dermed på sitt første tap etter å ha starta med to uavgjorte. Vi legg elles merke til at den tidlegare Norborg-spelaren Marius Finstad Austnes har meldt overgong til Emblem og starta kampen.

Resten av runda spelast fredag:
Blindheim – Ørsta B
SIF/Hessa – Volda B
Rollon – Hødd2 H

G19: Laber kamp av juniorane

Brattvåg/Norborg/Harøy tapte 5-2 i kveldens bortekamp mot Herd. Tjue sekund tok det før Herd tok leiinga. Ei leiing dei dobla 26 minutt seinare før BNH vakna å scora to mål på fem minutt ved Per Kristian Helle Hildre og Nikolai Ellingsæter. Herd tok igjen føringa før pause og hadde kontroll på kampen i 2. omgang.

4. divisjon: Ørsta imponerte!

At Ørsta skulle ta tre poeng heime mot SIF/Hessa overraskar få, men at dei kvite og svarte skulle vinne heile 6-1 er imponerande. Hareid fortsette å plukke poeng, men måtte nok ein gong gi frå seg leiinga. 1-1 mot eit så godt lag som Valder er likevel bra for dei nedrykksdømde. Toppkampen mellom Volda og Rollon enda også 1-1, medan Bergsøy slo tilbake med ein sterk 0-2 bortesiger over Larsnes/Gursken. Hødd2 og Emblem vart utsett.
Tabell

Nyt livet på toppen av 4. divisjon


Blindheim – Norborg/Brattvåg2 1-2 (1-1)
4. divisjon, Blindheim KGB, 03.05.2019

Sjansar: 8-8
Hjørnespark: 5-8

0-1 Fredrik Hurlen (13)
1-1 Henning Hareide (41)
1-2 Magnus Austbø Seth (51)

Norborg står som einaste lag med full pott etter 2 serierunder og kan reise til Fosnavåg neste fredag utan press. Kampen mot Blindheim vart ei tøff batalje der begge lag hadde sjansar nok til å score både eitt og to til. Sjølv om det vart jamt i sjansestatistikken, så var Norborg best i banespelet og hadde meir trøkk i åpent spel.

-Stolt av innsatsen som gutta legg ned. Vi har ein klar plan på kva vi ønsker som blir løyst bra ute på bana. Blir litt stressande siste ti minutta sidan vi ikkje får punktert kampen med 1-3, men vi rir det bra av til trass for at Blindheim flytter opp mykje folk. Ein betre start på sesongen kunne vi ikkje fått med to strake sigrar og full pott. Vi reiser nå til Fosnavågen neste veke med lave skuldre og god sjølvtillit, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Les meir..

 

Bortekamp mot Blindheim fredag kl. 1830


Norborg/Brattvåg2 møter Blindheim på dagen 1 år etter at oransjetrøyene vann 3-0 i Uggedalen. Den gong hadde Norborg presset på seg sidan Blindheim hadde opna med 9 poeng på 3 kampar, medan Norborg berre stod med 4. Framfor fredagens møte så er rollene snudd. For det første tapte Blindheim sin første kamp medan Norborg vann, og for det andre så går denne kampen på Blindheim stadion med GRATIS inngang. Så her er det berre å ta turen til Blindheim sitt flotte anlegg med tribune under tak.
Les meir