Skarbøvik/Hessa – Norborg/Brattvåg2 3-1 (3-0)

)IF/Hessa – Norborg/Brattvåg2 3-1 (3-0)
Skarbøvik KGB, 06.06.2019

Sjansar: 9-7
Cornere: 2-4
Avslutninger på mål: 5-7
Avslutninger utanfor: 5-3
Blokkerte avslutninger: 2-2

1-0 Chris-Rune Pickard (4)
2-0 Chris-Rune Pickard (20)
3-0 Ole-Johan Lindgren (22)
3-1 Ådne Hellandsvik (52)

Det rutinerte og fysisk sterke heimelaget fekk kampen inn i sitt spor med eit tidleg leiarmål. Betre vart det ikkje for Norborg at det kom to kjappe i ein periode Norborg starta å skape sjansar. Med desse måla i fleisen gjekk Norborg ned i kneståande og fekk til lite inn mot pause. I starten av 2. omgang løfta Norborg seg og fekk også ei tidleg redusering, men nærmare kom ein ikkje i ein direkte svak kamp.

– I dag føle eg spelarane ikkje er på, sa oppmann Ståle Grytten like før kampstart. Han skulle vise seg å få rett. Norborg var rett og slett ikkje påskrudd og fekk ein tøff start på kampen med mål imot i det 4., 20. og 22. minuttet. Chris-Rune Pickard utnytta sløvt forsvarsspel like før klokka bikka fire minutt då han heada inn ein stuss etter innkast. Norborg kom seg etter kvart til hektene og kom inn i ein god periode i minutta før 2-0 målet kom. Nikolai Jensen heada blant anna eit frispark frå Ole Johan Urke i tverra, medan Ådne Hellandsvik sendte keeper ut i full strekk på eit skot frå 18 meter. Hadde ein av dei gått i mål, så hadde kanskje Norborg stått igjen med poeng. Kven veit. I staden for utlikning vart det altså 2-0 då Pickard fekk vende opp innafor 16 meteren å skyte i mål. 3-0 kom like etter då Sondre Kjølsøy runda det som var på høgresida og fann Ole-Johan Lindgren framfor mål. Frå 7-8 meter sette han enkelt ballen i det opne målet. Ingen av laga fekk til noko særleg inn mot pause, men heimelaget var nær eit fjerde mål like før pause då Emil Nilsen fekk ein ball i bakrom, men greidde ikkje å overliste keeper Benjamin Rørhus. Dermed 3-0 i ein omgang heimelaget viste den største innsatsen, men fekk litt godt betalt.

Norborg tok kommandoen etter kvila og fekk ei tidleg redusering då Ådne Hellandsvik er vaken frampå å sette ein retur i nota etter at Marius Fylling Rogne sette ballen i tverra. Gard Sæterøy Rogne fekk ein god sjanse til å redusere endå ein gong berre eit par minutt seinare, men avslutninga gjekk rett på keeper. Etter kvart roa Norborg seg og heimelaget hadde full kontroll på kampen. Eit par farlege hjørnespark kom dei seg også til, men utan resultat. Ein lite velspelt kamp enda då med 3-1 til SIF/Hessa.

Neste kamp for Norborg/Brattvåg2 er heime mot Ørsta fredag 14. juni kl. 1830.

Laget: Benjamin Rørhus – Jesper Vos (Anders Toven, 67), Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Ole Johan Urke (Per Kristian Grytten Søvik, 69) – Ådne Hellandsvik, Gard Rogne (Siver Davik, 67), Nikolai Jensen (Eirik Vågnes, 81), Magnus Jenssen (Hildre, 53) – Magnus Austbø Seth, Per Kristian Helle Hildre (Marius Fylling Rogne, 31).