Poengjakta avsluttast på Hareid

Fredag kl. 1830 barker Hareid og Norborg/Brattvåg2 saman i den siste seriekampen for i år. – Det mest keisame som er i fotballen er å ligge midt på tabellen utan noko å spele for, sa Tom Nordlie for nokre år sidan. På Hareid blir det alt anna enn keisamt. Begge laga treng mest truleg poeng. Hareid helst tre, Norborg/BIL2 er sikra plass i neste års 4. divisjon med uavgjort.

Norborg har hatt eit godt tak på Hareid og har ikkje tapt sidan oktober 2013. I den kampen hadde Norborg spelet og dei fleste sjansane, men Hareid scora fem mot Norborg sine null. I etterkant vart Norborg i Sunnmørsposten skulda for å ikkje ville rykke opp i 3. divisjon (noko vi til slutt gjorde). Sist veke vart ein skulda for å faktisk ville gjere ein innsats for å stå i 4. divisjon då ein auka antallet av Brattvåg sine innbytarar i 2. divisjon frå 2 mot Volda til 7 mot Hødd2. At motstandaren auka frå 2 mot Larsnes/Gursken til 6 mot Norborg/BIL2 var ikkje så nøye for Sunnmørsposten. Truleg rekna dei Brattvåg sine innbytarar som langt betre enn Hødd sine, og det er jo positivt. Vi var i alle fall vitne til ein rettvis og god 4. divisjonskamp på Høddvoll.

Sidan tapet i 2013 har ein slått Hareid seks gongar og spelt ein uavgjort. Held denne rekka fram så er plassen sikra, men Hareid er i god form og blir ingen enkel motstandar. Dei har slått Blindheim 2-1 og Larsnes/Gursken 5-2 på sine to siste kampar. Det har tatt dei forbi Emblem og Ørsta på tabellen og til å ha alt i eigne hender. Dei scorar normalt ikkje mykje mål, men er godt organisert og slepp inn få. På eige gras så er det berre dei to topplaga som har sleppt inn færre. Den tidlegare Hødd-spelaren Ruben Kenneth Brandal er hjerna i laget og også toppscorar med 9 mål.

Troppen til Norborg/Brattvåg2 er ikkje klar endå, men av dei som var med mot Hødd2 sist så er Ole Johan Urke, Niklas Rekdal og Victor Pedersen uaktuell. Thomas Aarsund, Marius Fylling Rogne og Anders Toven er igjen aktuelle for spel.

Vi håper mange tek turen til Hareid denne fredagen for å støtte samarbeidslaget. Det er viktig at Haram har eit lag i 4. divisjon også neste år.

Dommar: Daniel Refsnes (Herd)
Assistentar: Henrik Pettersen Sunde (Baune) og Viktor Lillebø Rongve (SIF/Hessa)

 

Volda sikra KM-tittelen i 4. divisjon

Volda vann i kveld 4-3 over Bergsøy og sikra dermed KM-tittelen og retten til å spele kvalifisering for spel i 3. divisjon mot Kristiansund2. Vi gratulerer!Norborg/Brattvåg2 sin plass vart ikkje sikra sidan Hareid vann 5-2 over Larsnes/Gursken. Ørsta tapte 1-5 for Valder og vart passert av Hareid på tabellen. Rollon vann 1-0 borte over Blindheim og avanserte til 3. plass. SFK har truffe særs godt med siste serierunde. Då spelast Hareid-Norborg/BIL2 og Emblem-Ørsta. Kampane spelast fredag 25. oktober kl. 1830.

Nedrykksstriden:
8. Norborg/Brattvåg2 38-44  24 poeng
9. Hareid 24-34  23 poeng
10. Ørsta 54-67  22 poeng
11. Emblem 36-57  22 poeng
12. Blindheim 19-57  9 poeng

3 lag rykker ned til 5. divisjon om Herd rykker ned frå 3. divisjon og Volda ikkje rykker opp til 3. divisjon. 2 lag rykker ned om eit av laga Herd eller Volda spelar 3. divisjon 2020. Berre Blindheim rykker ned om både Herd og Volda spelar i 3. divisjon 2020.

SIF/Hessa sikra plassen

SIF/Hessa vann i kveld 5-3 borte mot Emblem og er dermed sikra spel i neste års 4. divisjon. Emblem på si side må slå Ørsta for å vere sikra plass og unngå å bli Herd- og Volda-supportarar seinare i haust. Det starta veldig bra for Emblem som leia 2-0 når 13 minutt var spelt, men ti minutt seinare stod det 2-2. SIF/Hessa scora endå ein gong før pause og leia på det meste 2-5.

Juniorane vann siste kamp

Det var ikkje berre herrelaget som tok ein sterk siger måndag kveld. Juniorane avslutta sesongen med 5-4 over titteljagande Spjelkavik på Brattvåg stadion. Per-Kristian Helle Hildre vart den store helten med sine tre mål. Adrian Bjørlykke og Sander Tharaldsen scora dei andre måla for samarbeidslaget Brattvåg/Norborg/Harøy. Laget enda på 5. plass i 1. divisjon G19. Per-Kristian Helle Hildre vart for øvreg toppscorar i divisjonen med 16 mål. Vi gratulerer!
Tabell

Sterk bortesiger i Ulsteinvik

Norborg/Brattvåg2 vann den tøffe bortekampen mot Hødd2 med 2-0 måndag kveld. Etter ein mållaus 1. omgang der heimelaget var nærmast leiinga, vakna oransjetrøyene etter pause og avgjorde kampen med to mål dei siste tjue av Alexander Jonassen og Niklas Rekdal. Sigeren gjer at Norborg/BIL2 har alt i eigne hender før bortekampen mot Hareid 25. oktober.
Les meir..

Volda fekk sin søte revansje

Norborg/Brattvåg2 måtte i sin siste heimekamp for året sjå seg slått 0-6 av Volda. Gjestane var totalt overlegen på først og fremst to område. Rutine og størrelse. Det ga laget fire mål på fire dødballar den første halvtimen. Det var faktisk dei einaste sjansane dei fekk før pause. Norborg på si side skapte null og niks. Etter pause fekk Norborg nok eit slag i andletet då Volda scora på sitt første angrep. Kampen opna seg litt meir opp etter kvila og også Norborg kom seg til situasjonar framfor Volda sin keeper, men utan å lykkast. Dryge ti minutt før slutt fastsatte Bischoff sluttresultatet til 0-6 på eit skot til 20 i stil. Dermed fekk grøntrøyene sin revansje etter å ha tapt 1-4 heime for oransjetrøyene.
Les meir..

Årets siste heimekamp fredag kl. 19

Norborg/Brattvåg2 tek imot topplaget Volda i det som er den siste heimekampen for vårt 4. divisjonslag. Norborg vann vårens møte i Volda med 4-1 og stilte også den gong utan spelarar frå Brattvåg sin A-stall.

Volda er, som tabellposisjonen vise, eit godt lag, men Norborg har trass mange tap spelt jamt med dei fleste i haust, og skal kunne gi Volda hard kamp om poenga. Vi håper mange møter i Uggedalen for å støtte laget i sin kamp for å overleve i divisjonen.