Mellom laurdagskvelden 29. juli og laurdag morgon 19. august har nokon gjort hærverk på liften som står på Uggedal stadion. Nokon har tømt svart tetningsstoff ned i koblinga på joysticken som ein brukar til å kjøre liften. Visst nokon har sett eller høyrt om nokon som har vore nær liften så vil vi gjerne høyre om det. Ta kontakt med Roar Korsnes om du har info, tlf. 982 83 787.
Heiderleg mot SIF/Hessa
Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 2-1 bort mot SIF/Hessa torsdag kveld. Heimelaget tok leiinga 1-0 i det 33. minutt ved Markus Foss Håndlykken. Marius Dulgheru har i år vore hjelpesmann rundt Norborg sitt A-lag. I kveld måtte han ta på seg drakta og dermed få sin A-debut i ein alder av 39 år. Med son Robert også på bana så er dette første gong sidan 1990 at Norborg har far og son på bana i ein seriekamp. Den gong ved John og Terje Tellefsen. 25 minutt før slutt satte like godt far Dulgheru inn 1-1 etter forarbeid av sonen. Norborg sitt seriemål nummer 2300 sidan starten i 1968. Diverre fekk ikkje Norborg med seg poeng heim då Gaute Kvalsvik sette inn 2-1 dryge ti minutt før slutt.
Tarjei Gjerset Urkedal gjorde comeback i denne kampen og plussa dermed på Norborg-rekorden sin til totalt 579 A-kampar.
Kampreferat
Personlege feil gav nytt tap
Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 0-2 av Langevåg på Uggedal KGB fredag kveld. I ein jamspelt kamp var to personlege feil skilnaden på laga. Les meir..
Rakna på slutten
Norborg/Brattvåg2 måtte sjå sigeren ryke då Volda2 utlikna på eit omdiskutert straffespark fem minutt på overtid. Oransjetrøyene har ikkje vunne sidan serieopninga i april, men denne gong var ein nærmare enn nokon gong. Magnus Austbø Seth og Martin Koch sørga for 2-0 leiing til pause, men utover 2. omgang tok kreftene slutt og Volda2 kom tilbake med to scoringar. Les meir..
Tapte for Hovdebygda
Norborg/Brattvåg2 tapte 4-1 for Hovdebygda sist fredag. Magnus Austbø Seth ga Norborg leiinga, men heimelaget snudde kampen etter mål av Robin Skuseth og Audun Lillebø. Les meir..
Tap for Bergsøy
Norborg/Brattvåg2 måtte nok ein gong gå poenglause av bana etter at Bergsøy til slutt vart for sterke. Magnus Otterlei gav heimelaget leiinga etter eit kvarters spel mot eit bortelag, som utan sine fremste offensive spelarar sleit med å finne rytma i Uggedalen. Norborg/BIL2 kunne dermed gå til pause med eittmålsleiing. Etter pause hadde gjestane eit trykk mot Norborg sitt mål og snudde kampen til 1-2 etter straffemål av Junior Tombini og mål etter corner av Trym Rekkedal. Det siste særs omdiskutert etter at ballen låg ein meter utanfor hjørnesparkfeltet då ballen vart slått inn i feltet. Norborg sine spelarar protesterte både før og etter corneren vart tatt, men til inga nytte. Bergsøy var det beste laget, men med litt marginar kunne heimelaget fått behaldt eit viktig poeng. Les meir..
Heimekamp mot Bergsøy fredag kl. 1830
Norborg/Brattvåg2 tek imot 3. plasserte Bergsøy på Uggedal stadion fredag kl. 1830. Vél møtt!
Vakna i tide til poeng
Norborg/Brattvåg2 redda med eit nødskrik eit poeng mot botnlaget Blindheim. Trass fleire innslag frå Brattvåg sin 2. divisjonsstall leia Blindheim overraskande 1-3 til pause på Uggedal stadion. Ein sterk sluttspurt med to mål på siste ti minutt ga 3-3 i ein kamp der vi må seie at berre tre poeng var godt nok.
Les meir..
Ørsta best i Uggedalen
Norborg/Brattvåg2 gjekk på sitt tredje strake tap då Ørsta vart for sterke og kunne reise heim med ein 5-1 siger. Ørsta tok tidleg leiinga ved Knut Erik Myklebust og hadde dei første tjue minutta fleire sjansar til å doble leiinga. Gjestane viste i denne perioden særs flott spel i rein Nils Arne Eggen ånd. Etter kvart kom Norborg seg til hektene og greidde gradvis å heve spelet sitt. Nokre minutt før pause gav dette resultat då ein fekk idømt straffespark etter felling av Adrian Korsedal. Martin Koch fekk to forsøk frå kritmerket og utlikna til 1-1. Etter pause må vi seie at Norborg ikkje var i nærleiken av poeng etter at Knut Erik Myklebust på ny ga gjestane leiinga tidleg i omgangen. Ørsta var best i alle spelets faser og auka til 1-3 ved Lasse Rebbestad, 1-4 ved Myklebust og 1-5 ved Sigurd Sundnes. Les meir..
Heimekamp mot Ørsta fredag kl. 1830
Norborg/Brattvåg2 tek fredag imot topplaget Ørsta på Uggedal KGB. Norborg tok fire poeng mot dette laget i fjor og har hatt eit lite overtak sidan ein møttes for første gong for 15 år sidan. Møt opp for å sjå om Norborg kan bli dei første til å påføre Ørsta årets første tap.