Norborg/Brattvåg2 tek torsdag imot Blindheim på Uggedal stadion. Første haustkamp enda med eit knepent tap for Larsnes/Gursken. Kveldens kamp er særs viktig med tanke på å unngå botnstrid. Blindheim spelar «cupkamp» kvar veke framover hausten. Norborg må sørge for å unngå dette med å snarast skaffe seg dei 27 poenga som vi trur garanterer plass i neste års 4. divisjon.
Magnus Austbø Seth er den einaste spelaren vi har mista etter vårsesongen. Det er sjølvsagt ikkje berre berre å erstatte han, men som lag skal vi vere gode nok til å plukke poeng utøver hausten. Ådne Hellandsvik, Ruben Holmeset og Jonas Holmeset blir alle med denne hausten ettersom dei har starta på skule i Ålesund. Jesper Vos vart skada på Øyacup og er ute i 4-6 veker. Kjell Terje Brusdal og Siver Davik er tilbake i troppen etter å ha stått over mot GuLars.
Blindheim har fått eit tøft møte med 4. divisjon etter opprykket i fjor. Dei har fortsatt til gode å vinne og står med fattige 3 poeng. Henning Hareide og Jens Kristian Dybdal er toppscorarar med 2 mål kvar for eit lag som berre har scora 9 mål på 12 kampar.
Vi held heimelaget som favorittar, men kampen i vår var jamn og Blindheim tok poeng mot SIF/Hessa sist veke. Så noko enkel oppgåve blir det ikkje. Norborg har elles eit godt tak på Blindheim med fem strake sigrar.
Dommar: Mathias Smehus Kringstad (Valder)
Assistentar: Joachim Killingmo (Spjelkavik) og Zenun Murati (Giske)