
Norborg hadde i går avslutningsfest for A-laget med blant anna utdeling av statuetter og pokalar. På biletet over ser vi dei som fekk utmerkingar. B.f.v. Kjell Terje Brusdal, André Larsen, Magnus Austbø Seth, Ole Johan Urke, Tor Abelset. F.f.v. Anders Toven, Per-Stian Justsen Alvestad, Jesper Vos og Kristoffer Søviknes.
Statuettar for spelte kampar:
50 kampar: Tor Abelseth (75), Per-Stian Alvestad (74), Jesper Vos (57), Anders Toven (56)
200 kampar: Kjell Terje Brusdal (213), André Larsen (201)
350 kampar: Kristoffer Søviknes (365)
Årets mål: Ole Johan Urke – frispark borte mot Blindheim
Mest effektive norborgar: Per-Stian Alvestad (10 mål på 921 min)
Assistkongen: Magnus Austbø Seth (13) og Ole Johan Urke (13)
Toppscorar: Magnus Austbø Seth (31)
Årets spelar: Kristoffer Søviknes (6,88 i snitt på norborg.com sin børs)
Les meir



Kaptein Kjell Terje Brusdal spelte samtlege 22 kampar og var dermed den som spelte mest av totalt 36 nytta spelarar for Norborg/Brattvåg2 i årets 5. divisjon. Storscorar Magnus Austbø Seth spelte alle bortsett frå bortekampen mot Hovdebygda og er ein god nummer to. Gledeleg er det at Tor Abelseth har hatt ein stort sett skadefri sesong og fekk også speletid i 21 av kampane. Abelseth måtte stå over bortekampen mot Ellingsøy grunna sjukdom, og hadde litt småskader før to av kampane og starta dermed på benken i dei. Dermed har 17-åringen Gard Sæterøy Rogne 100 fleire minutt på bana. Rogne har hatt ein god førstesesong for samarbeidslaget. Det skal bli spennande å følge utviklinga. På 5. plass i speletid finn vi hovudmotor Kristoffer Søviknes. Han har hatt ein ny vår som midtbanespelar og har vore betre trent enn på mange år. Det resulterte i heile 15 mål. Noko som er ny rekord for den opprinnelege spissen. Fullstendig liste finn du på lenka nedanfor.