Damene med storsiger!

Brattvåg/Norborg vann heile 10-1 over Valder/Øyne på Uggedal KGB onsdag kveld. Emilie Langlo åpna scoringsballet ti minutt ut i kampen med sitt første av heile 6 mål. Gjestane utlikna kort tid etter ved Eline Gidske, men heretter vart det berre jubel frå heimelaget. Ved sida av Langlo sine 6 mål scora Vibecke Koppen Krogsæter 2, Sofie Vatnehol og Zara Volstad. Stillinga ved pause var 7-1. Brattvåg/Norborg leiar 4. divisjon med tre strake sigrar og 20-3 i målskilnad.

Norborg med 2. plass på Øyacup


Norborg stilte med eit damelag på årets Øyacup som vart arrangert av Fjørtoft. I gruppespelet vann Norborg 3-1 over Fjørtoft2 og 3-0 over HaNo, men i finalen måtte ein sjå seg slått i straffekonkurranse av Lepsøy. Rapportane seie at Norborg eigentleg vann denne kampen 2-1. På stillinga 1-1 fekk Norborg først eit mål godkjent, før dommaren ombestemte seg og annullerte målet. Etter kampen kom dommaren å beklaga at han annullerte målet for det burde ha vore godkjent. Likevel, straffekonkurranse vart det, og der bomma Norborg ein gong medan Lepsøy traff på sine.

Brattvåg/Norborg vann første KM-kamp

Brattvåg/Norborg vann i dag 5-4 over Åheim/Selje i den første av to kampar om krinsmeistertittelen for 4. divisjon. Rita Nogva Austnes gav B/N leiinga allereie i det 2. speleminutt. Guro Lesto Larsen utlikna eit kvarter seinare før eit sjølvmål sørga for ny leiing til heimelaget fem minutt før pause. Sunniva Johansen auka til 3-1 like før pause. Brattvåg/Norborg fekk ein god start på 2. omgang og gjorde både 4 og 5-1 ved Vibecke Krogsæter og Carina Otterlei før to minutt var spelt. I løpet av den siste halvtimen kom gjestane sterkt og mål av Martine Refsnes Nøstdal, Guro Lesto Larsen og Sofie Refvik Hove gjer at det er stor spenning før den avgjerande kampen på Selje KGB laurdag 29. oktober kl. 14.

Brattvåg/Norborg vann toppkamp!

Brattvåg/Norborg vann den tøffe bortekampen mot Stordal med heile 1-4 på søndag. Zascha Stage Clausen ga Brattvåg/Norborg tidleg leiinga, men Marie Larsen Stavseng utlikna eit kvarter før pause. I 2. omgang scora Clausen nok ein gong eit tidleg mål, før Sunniva Johansen og Jeanette Otterlei Koppen trygga leiinga.

Storsiger til damelaget


Brattvåg/Norborg vann heile 11-0 over Vigra på Brattvåg stadion. Fride Christine Lianes (3), Zascha Stage Clausen (3), Vibecke Koppen Krogsæter (2), Anne Margrethe Ulla Staurset, Sunniva Johansen og Emilia Zlotnicka scora. Laget har fått ein god start på sesongen med 10 poeng på 4 kampar. Søndag er det toppkamp borte mot Stordal.

Vann over Skodje

Brattvåg/Norborg sitt damelag vann 6-3 over Skodje på Uggedal KGB måndag ettermiddag. Fride Lianes ga heimelaget leiinga, men Skodje snudde til 1-2 med to raske like før pause. I 2. omgang fungerte alt mykje betre for Brattvåg/Norborg og mål av Vibecke Krogsæter, Zascha Clausen og Emma Sofie Kvammen sørga for 4-2 leiing før Skodje reduserte på straffe. Anne Margrethe Staurset og Sunniva Johansen sørga for ein komfortabel 6-3 siger.

Brattvåg/Norborg J17 spelte også kamp måndag. Her vart det 4-3 siger borte mot Aksla/Guard. Lisa Alvestad Mikalsen scora 3 mål og Emilia Zlotnicka 1.

Brattvåg/Ravn/Norborg G16 vann tysdag kveld 5-2 borte mot Ørskog/Stordal.

Damekamp i Uggedalen måndag kl. 17

For første gong sidan 2011 blir det spelt fotballkamp for damer i Uggedalen. Brattvåg og Norborg slo seg i vinter saman og meldte på eit lag i 4. divisjon. Laget vann serieopninga med 7-0 borte mot Vigra og er favorittar når ein møter Skodje på Uggedal KGB måndag kl. 17.