Guard måtte vinne over Herd2 for å ha sjanse til å stå i 5. divisjon, men Herd2 dominerte kampen og vann til slutt 0-5 etter 0-2 ved pause. Guard er dermed klar for 6. divisjon saman med Fjørtoft og Sæbø.
Tabell
Author Archives: Frode Engeset
På tide å slå Stranda

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag turen til Stranda til sin siste bortekamp for året. Vi har mange gode minner frå Stranda stadion. Det var her vi i 2003 tok vår første siger i 4. divisjon på 20 år, og det var her vi i den 17. serierunda i 2008 vann 1-4 og krabba opp på 2. plass bak nettopp Stranda. Norborg vart seinare krinsmeister i 4. divisjon, medan Stranda sprakk og ramla ned til 4. plass i ein særs jamn divisjon. Norborg vann divisjonen på betre målskilnad enn Herd og Bergsøy. Stranda var to poeng bak. Norborg vann også 0-3 i april 2010 etter to mål av Ole Johan Urke og eitt av Geir Ove Grønli, men det er også den siste sigeren Norborg har over Stranda. Tre uavgjorte i Uggedalen og eit 2-1 tap på Stranda er behaldninga, samt eit bittert tap i NM-kvalifiseringa etter ekstraomganger i 2011. Det er på å tide å vinne!
Les meir
G19: Knuste krinsmeistrane
Norborg/Brattvåg/Harøy tok ein knusande 8-1 siger over krinsmeistrane Spjelkavik i kveldens juniorkamp. Magnus Austbø Seth og Per Kristian Hildre sørga for 2-0 leiing til pause. Etter pause scora Nikolai Jensen 2, Seth 2 og Hildre, samt eit sjølvmål av ein uheldig Spjelkavik-spelar etter innlegg av Vidar Nilsen Rogne.
Tabell
5. divisjon runde 21
Då er det klart for nest siste runde i 5. divisjon. Spenninga er på Color Line Stadion på onsdag då Guard tek imot Herd2, ein kamp heimelaget må vinne for å komme à poeng med Herd2 i kampen om å unngå nedrykk.
Guard – Herd2
Dei to siste serierundene skal normalt spelast samtidig, men denne kampen er eit unntak og spelast onsdag medan resten av runda går torsdag. Dette er ein skikkeleg botnkamp. Guard må vinne, medan Herd2 reddar plassen med uavgjort. Vårens møte enda med 3-0 til Guard. Herd har redda plassen i 3. divisjon og kjem nok til å stille sterkt til denne kampen. Vi trur det enda med ein solid bortesiger.
Les meir
Fjørtoft klar for 6. divisjon
Fjørtoft tapte i ettermiddag 0-2 for Ellingsøy og rykker dermed ned. Stillinga ved pause var 0-0.
Tabell
Statistikkhjørnet for Norborg/Brattvåg2
To kampar gjenstend av årets sesong. Vi tek ein titt på klubbstatistikken.
Norborg har med treningskampar og øyacup spelt 32 kampar. 22 er vunne, 4 har enda uavgjort og 6 er tapt. Målskilnad er 121-44. I serien: 16-2-2 89-25. Valder hadde i fjor 18-2-2 66-27 då dei vann 5. divisjon. Vigra 18-2-2 110-23 då dei vann 5. divisjon i 2014.
Når kjem måla:

Blindheim klar for 4. divisjon
Vi gratulerer Blindheim med opprykk etter 3-0 siger over Skodje. Langevåg vann 6-0 borte mot Volda2, men det hjalp lite sidan avstanden opp til Blindheim er 8 poeng 2 runder før slutt. Herd2 tok eit langt steg mot fornya kontrakt i 5. divisjon med å vinne heile 4-0 over Stranda.
Tabell
5-målsshow av Seth
Magnus Austbø Seth vart kampens store spelar då han scora heile fem mål i 8-1 sigeren over Hovdebygda. Norborg/Brattvåg2 tok tidleg leiinga ved Per-Stian Alvestad, men sleit lenge med rytmen i angrepsspelet før Seth vakna og putta to det siste kvarteret av 1. omgang. Kristoffer Søviknes og Tarjei Urkedal auka til 5-0 før Markus Håndlykken reduserte til 5-1 midtvegs i 2. omgang. I løpet av kampens siste tjue var det igjen klart for Seth med tre nye mål. Han tangerte dermed Kenneth Gamlem og Cato Longva sine 5 mål i ein kamp. Cato sine 5 kom for øvreg også mot Hovdebygda.
Les meir..
5. divisjon: Guard – Sæbø 7-3 (3-2)
Guard og Sæbø møtast på Color Line Stadion i kveld. Sæbø tok tidleg ein 0-2 leiing etter scoringar av Bjørnar Holen. Guard har rista av seg den svake opninga og snudde kampen til 3-2 før pause. Guard har auka tre gongar dei første 25 minutta av 2. omgang. Bjørnar Holen scora sitt tredje då han reduserte til 6-3, men Guard var ikkje ferdig for kvelden og fastsette sluttresultatet til 7-3. Bjørnar Holen er med kveldens tre mål oppe i 21 seriemål, to meir enn Magnus Austbø Seth. Joakim Bendal har 16 mål, men vi veit i skrivande stund ikkje kor mange mål han scora i kveld mot Sæbø.
Tabell
Herd og Spjelkavik vann!
Herd vann i dag 2-0 over Ullern og Spjelkavik 7-2 over Rilindja. Begge sunnmørslaga fekk dermed ei god luke ned til nedrykksstreken. Spjelkavik har 8 poeng og Herd 6 poeng å gå på med tre kampar igjen å spele. Mykje skal gå gale om det ikkje berre blir Hødd2 av laga frå Sunnmøre som rykker ned. Dermed blir det to lag ned frå 4. divisjon (FK Sykkylven og Godøy) og tre lag ned frå 5. divisjon (Sæbø er klar for 6. divisjon, medan Fjørtoft, Guard, Herd2 og Ellingsøy kjempar for å kome blant dei 9 beste).

