Trimgruppa sine turar i 2019

Norborg si trimgruppe har sett opp følgjande datoar for arrangement i 2019:

Tur til Hesten 26. mai.
Aktivititetsdag 16. juni.
Tur til Gamlemsveten/Veten Opp 1. september.

Vinnar av 20 turar til Gamlemsveten i 2018 vart Elisabeth Sønderland Stavik. Totalt vart det 10 stk. som var med i trekninga om eit gåvekort på 1000,- Vinnar av 30 turar til Terøytoppen vart Ruben Stavik. 22 stk. deltok i trekninga om eit gåvekort på 500,-

Vinnar av betalt medlemskontingent i Gjersetdalen vart Annlaug Otterlei, på Oførefjellet Martine Gamlemshaug, og på Gamlemsveten Jan Hallvard Kjærstad. Premien er eit gåvekort på 300,-

I 2019 blir det nye sjansar for dei som er støttemedlem. Blant anna 30 turar til Gjersetdalen og 30 turar til Terøytoppen.

G19: Rogne og Jonassen nye trenarar

Marius Fylling Rogne og Alexander Jonassen blir trenarar for Brattvåg/Norborg/Harøy sitt juniorlag etter at Torgeir Finnanger Garshol og Azem Maksumic gav seg etter fjoråret. Marius kjenner dei fleste som Norborg-spelar, medan Alexander Jonassen er eit nytt andlet på Sunnmøre. Han skal spele for Brattvåg i 2. divisjon etter å ha meldt overgong frå Træff for kort tid sidan. Vi takkar gamletrenarane for innsatsen og ønsker dei nye lykke til.

Første kamp er allereie på søndag då ein spelar kvalifiseringskamp for 1. divisjon mot Langevåg i Sparebanken Møre Arena kl. 1430. Blindheim og Ørskog er dei to andre laga i kvalifiseringsgruppa.

Treningskampar 2019

Norborg har avtalt følgjande treningskampar:

Torsdag 24. januar kl. 19 Fjørtoft (h)
Onsdag 30. januar kl. 1915 Harøy (b)
Tysdag 12. februar kl. 19 Skodje (b)
Torsdag 14. februar kl. 19 Blindheim (h)
Torsdag 21. februar kl. 19 Aksla (h)
Torsdag 7. mars kl. 19 Emblem (h)
Fredag 15. mars kl. 1830 Åndalsnes (b)
Torsdag 28. mars kl. 19 Tomrefjord (h)
Torsdag 4. april kl. 19 Vestnes Varfjell (b)
Torsdag 11. april kl. 1830 Stranda (h)

4. divisjon: Opnar heime mot Larsnes/Gursken

Norborg/Brattvåg2 opnar heime mot Larsnes/Gursken fredag 26. april før ein tek turen til Blindheim veka etter. Torsdag 16. mai blir det heimekamp mot Valder. Siste kamp før ferien er borte mot Hareid 5. juli, medan haustsesongen tek til 16. august. Siste seriekamp er 25. oktober. Bortsett frå 16. mai runda så er alle kampane sett opp på fredagar. Endringar kan kome på terminlistemøtet.

Heile terminlista finn du her.

 

Sporty jenter på utflukt


Frå venstre: Anna, Kornelia, Lisha, Dina, Sofie, Sienna, Lykke og Clara.

Norborg J7 hadde i går kveld ei alternativ treningsøkt med tur til “Pensjonisten”. Jentene starta nede i bygda og hadde ein spennande tur gjennom skogen med lys og lykt opp til benken der det vart ei kort drikke-/matpause, samt nyte den vakre utsikta over Søvika. Dette er alle jentene i 2. klasse ved Søvik skule, men det er ikkje alle som spelar fotball.  – Vi prøver å finne på kjekke aktivitetar gjennom vinteren i lag i håp om at alle vil fortsette komande sesong, og at vi kanskje får med oss dei siste jentene på fotball også. Når skøyteisen kjem på Gamlem har vi planar om ein tur dit, og kanskje ein tur på langrenn i løpet av vinteren, seie lagleiar Christina.