Volda sikra KM-tittelen i 4. divisjon

Volda vann i kveld 4-3 over Bergsøy og sikra dermed KM-tittelen og retten til å spele kvalifisering for spel i 3. divisjon mot Kristiansund2. Vi gratulerer!Norborg/Brattvåg2 sin plass vart ikkje sikra sidan Hareid vann 5-2 over Larsnes/Gursken. Ørsta tapte 1-5 for Valder og vart passert av Hareid på tabellen. Rollon vann 1-0 borte over Blindheim og avanserte til 3. plass. SFK har truffe særs godt med siste serierunde. Då spelast Hareid-Norborg/BIL2 og Emblem-Ørsta. Kampane spelast fredag 25. oktober kl. 1830.

Nedrykksstriden:
8. Norborg/Brattvåg2 38-44  24 poeng
9. Hareid 24-34  23 poeng
10. Ørsta 54-67  22 poeng
11. Emblem 36-57  22 poeng
12. Blindheim 19-57  9 poeng

3 lag rykker ned til 5. divisjon om Herd rykker ned frå 3. divisjon og Volda ikkje rykker opp til 3. divisjon. 2 lag rykker ned om eit av laga Herd eller Volda spelar 3. divisjon 2020. Berre Blindheim rykker ned om både Herd og Volda spelar i 3. divisjon 2020.

SIF/Hessa sikra plassen

SIF/Hessa vann i kveld 5-3 borte mot Emblem og er dermed sikra spel i neste års 4. divisjon. Emblem på si side må slå Ørsta for å vere sikra plass og unngå å bli Herd- og Volda-supportarar seinare i haust. Det starta veldig bra for Emblem som leia 2-0 når 13 minutt var spelt, men ti minutt seinare stod det 2-2. SIF/Hessa scora endå ein gong før pause og leia på det meste 2-5.

Juniorane vann siste kamp

Det var ikkje berre herrelaget som tok ein sterk siger måndag kveld. Juniorane avslutta sesongen med 5-4 over titteljagande Spjelkavik på Brattvåg stadion. Per-Kristian Helle Hildre vart den store helten med sine tre mål. Adrian Bjørlykke og Sander Tharaldsen scora dei andre måla for samarbeidslaget Brattvåg/Norborg/Harøy. Laget enda på 5. plass i 1. divisjon G19. Per-Kristian Helle Hildre vart for øvreg toppscorar i divisjonen med 16 mål. Vi gratulerer!
Tabell

Sterk bortesiger i Ulsteinvik

Norborg/Brattvåg2 vann den tøffe bortekampen mot Hødd2 med 2-0 måndag kveld. Etter ein mållaus 1. omgang der heimelaget var nærmast leiinga, vakna oransjetrøyene etter pause og avgjorde kampen med to mål dei siste tjue av Alexander Jonassen og Niklas Rekdal. Sigeren gjer at Norborg/BIL2 har alt i eigne hender før bortekampen mot Hareid 25. oktober.
Les meir..

Volda fekk sin søte revansje

Norborg/Brattvåg2 måtte i sin siste heimekamp for året sjå seg slått 0-6 av Volda. Gjestane var totalt overlegen på først og fremst to område. Rutine og størrelse. Det ga laget fire mål på fire dødballar den første halvtimen. Det var faktisk dei einaste sjansane dei fekk før pause. Norborg på si side skapte null og niks. Etter pause fekk Norborg nok eit slag i andletet då Volda scora på sitt første angrep. Kampen opna seg litt meir opp etter kvila og også Norborg kom seg til situasjonar framfor Volda sin keeper, men utan å lykkast. Dryge ti minutt før slutt fastsatte Bischoff sluttresultatet til 0-6 på eit skot til 20 i stil. Dermed fekk grøntrøyene sin revansje etter å ha tapt 1-4 heime for oransjetrøyene.
Les meir..

Årets siste heimekamp fredag kl. 19

Norborg/Brattvåg2 tek imot topplaget Volda i det som er den siste heimekampen for vårt 4. divisjonslag. Norborg vann vårens møte i Volda med 4-1 og stilte også den gong utan spelarar frå Brattvåg sin A-stall.

Volda er, som tabellposisjonen vise, eit godt lag, men Norborg har trass mange tap spelt jamt med dei fleste i haust, og skal kunne gi Volda hard kamp om poenga. Vi håper mange møter i Uggedalen for å støtte laget i sin kamp for å overleve i divisjonen.

Innspurten i 4. divisjon

Det er fortsatt ikkje avklart kor mange lag som rykker ned frå 4. divisjon, men minst 1 lag må ned. For at berre eitt lag skal ned så må Herd halde seg i 3. divisjon og vinnaren av 4. divisjon Sunnmøre (Volda eller Bergsøy) må slå vinnaren på Nordmøre/Romsdal (Kristiansund BK 2). Rykker Herd ned og KBK2 rykker opp, rykker 3 lag ned. Skrekkscenarioet gjer at heile 6 lag på Sunnmøre er utrygge, saman med Blindheim, som allereie er klar for 5. divisjon om minst 2 lag rykker ned. Her er kampprogrammet for laga i faresonen.
Les meir

Marginane imot i Ørsta

Ørsta – Norborg/Brattvåg2 4-2 (3-2)
4. divisjon, 04.10.2019

1-0 Mads Øvrebotten (2)
1-1 Tor Abelseth (10)
2-1 Simen Flekke (22)
3-1 Simen Flekke (27)
3-2 Ruben Holmeset (45)
4-2 Sjølvmål (90)

Norborg måtte nok ein gong sjå seg slått i ein kamp ein hadde det meste av banespelet, men motstandaren var langt meir effektiv framfor mål. Norborg la seg lavt i bana frå start av, men planen om å satse på kontringar fekk seg eit skot for baugen då Mads Øvrebotten si heading fr å 16 meter gjekk i boge over alle og landa i mål då 2 minutt var spelt. Norborg kom tilbake og utlikna på straffe ved Tor Abelseth. Omtrent halvspelt i 1. omgang scorar heimelaget og Simen Flekke to mål på to sjansar. Det eine på eit vakkert skot i krysset frå kanten av 16 meteren. Norborg tek då totalt over banespelet, men sleit med å skape sjansar mot eit heimelag med alle mann i forsvar. Ruben Holmeset greier likevel å få ballen i nota like før pause og ga oransjetrøyene håp om poeng. I 2. omgang foregjekk spelet inne på Ørsta sin banehalvdel, men ein sleit med å finne opningar i heimeforsvaret. På tampen blir kampen punktert på eit sjølvmål. Neste kamp er heime mot Volda fredag kl. 19.