Norborg/Brattvåg2 – Blindheim 3-2 (2-1)

Norborg/Brattvåg2 – Blindheim 3-2 (2-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 29.01.2020

1-0 Ådne Hellandsvik (16)
1-1 Bjørnar Johansen (18)
2-1 Nikolai Jensen (44)
3-1 Anders Toven (61)
3-2 Emil Karlsson (73)

Norborg/Brattvåg2 leverte ein grei kamp mot fjorårets divisjonskollega Blindheim. Ein skapte klart flest sjansar før pause og burde ha leia meir enn med det eine målet. Etter pause byta ein sju av ti utespelarar, men fortsette å ha grei kontroll på Blindheim.

Blindheim kom seg til den første sjansen då Bjørnar Johansen testa skotfoten og trefte tverra seg minutt ut i kampen. Nikolai Jensen fekk ein minst like stor sjanse minuttet seinare, men greidde ikkje å treffe innafor ramma. Norborg var det spelemessig førande laget, og det var ikkje ufortent då Ådne Hellandsvik sette inn tiårets første mål for Norborg då han sette ballen presist i mål nede ved stolpen frå 14 meter etter pasning frå Siver Davik og “overhopp” av Ruben Holmeset.

Gleda varte ikkje lenge for heimelaget. Bjørnar Johansen hadde nemleg fått stilt inn skotfoten og klinka ballen inn frå 18 meter kort tid etter løysing. Dette var det siste Blindheim fekk til framfor Norborg sitt mål før pause. Norborg viste tidvist flott spel og skapte 3-4 gode sjansar dei siste 25 minutta. Tor Abelseth trefte stolpen, Eirik Vågnes si avslutning gjekk i nettveggen, men minuttet før pause sørga Nikolai Jensen for 2-1 då han var vaken framme på ein retur etter skot frå Ole Johan Urke. Dermed fortent leiing til pause.

Berre keeper Sander Arntsen, stopparparet Jensen og Abelseth, som vart flytta opp på midtbana, og Ruben Holmeset kom på bana til 2. omgang av dei som starta 1. omgang. Alle bytene påverka ikkje spelet nemneverdig for Norborg fortsette å styre kampen. Etter dryge timen aukar ein også leiinga til 3-1 då Anders Toven avslutta ein corner frå Magnus Otterlei med eit presist skot frå 16 meter.

Blindheim reduserte ut av ingenting eit kvarter før slutt, men heimelaget hadde stort sett kontroll og vann fortent 3-2.

Neste veke tek ein turen til Emblem.

Laget: Sander Arntsen – Jonas Holmeset (Per Kristian Søvik, 46), Tor Abelseth, Nikolai Jensen, Siver Davik (Anders Toven, 29) – Eirik Vågnes (Fredrik Hurlen, 46), Ruben Holmeset (Hellandsvik, 70), Gard Rogne  (Tobias Jensen, 46), Thomas Aarsund (Magnus Otterlei, 46) – Ole Johan Urke (Per Stian Alvestad, 46), Ådne Hellandsvik (Henrik Hurlen, 46).

Dommar: Norvald Lausund