Damene med storsiger!
Brattvåg/Norborg vann heile 10-1 over Valder/Øyne på Uggedal KGB onsdag kveld. Emilie Langlo åpna scoringsballet ti minutt ut i kampen med sitt første av heile 6 mål. Gjestane utlikna kort tid etter ved Eline Gidske, men heretter vart det berre jubel frå heimelaget. Ved sida av Langlo sine 6 mål scora Vibecke Koppen Krogsæter 2, […]
Damelaget med kamp i Uggedalen onsdag kl. 1830
Medan herrelaget tek turen til Moa for å møte Herd2 kl. 18, spelar damelaget kamp mot Valder/Øyne onsdag kl. 1830 i Uggedalen. Gratis inngang.
Posted in Nyheiter Damer
|
Kommentarer er skrudd av for Damelaget med kamp i Uggedalen onsdag kl. 1830
Norborg med 2. plass på Øyacup
Norborg stilte med eit damelag på årets Øyacup som vart arrangert av Fjørtoft. I gruppespelet vann Norborg 3-1 over Fjørtoft2 og 3-0 over HaNo, men i finalen måtte ein sjå seg slått i straffekonkurranse av Lepsøy. Rapportane seie at Norborg eigentleg vann denne kampen 2-1. På stillinga 1-1 fekk Norborg først eit mål godkjent, før […]
Damelaget avslutta vårsesongen med siger!
Brattvåg/Norborg/Ravn vann 1-0 over SIF/Hessa i den siste vårkampen. Vibecke Koppen Krogsæter vart matchvinnar fem minutt før slutt i kampen som vart spelt på Uggedal KGB. BraNoRa har levert ein fullt ut godkjent vårsesong med 20 poeng på 11 kampar. Tabell
Brattvåg/Norborg tok KM-tittelen
Brattvåg/Norborg vart i dag krinsmeistrar i 4. divisjon etter å ha slått Åheim/Selje 3-2 på Selje Idrettspark, og 8-6 samanlagt. Carina Otterlei, Jeanette Otterlei Koppen og Vibecke Krogsæter scora måla. Vi gratulerer med krinsmeisterskapet.
Brattvåg/Norborg vann første KM-kamp
Brattvåg/Norborg vann i dag 5-4 over Åheim/Selje i den første av to kampar om krinsmeistertittelen for 4. divisjon. Rita Nogva Austnes gav B/N leiinga allereie i det 2. speleminutt. Guro Lesto Larsen utlikna eit kvarter seinare før eit sjølvmål sørga for ny leiing til heimelaget fem minutt før pause. Sunniva Johansen auka til 3-1 like […]
Brattvåg/Norborg vann toppkamp!
Brattvåg/Norborg vann den tøffe bortekampen mot Stordal med heile 1-4 på søndag. Zascha Stage Clausen ga Brattvåg/Norborg tidleg leiinga, men Marie Larsen Stavseng utlikna eit kvarter før pause. I 2. omgang scora Clausen nok ein gong eit tidleg mål, før Sunniva Johansen og Jeanette Otterlei Koppen trygga leiinga.
Storsiger til damelaget
Brattvåg/Norborg vann heile 11-0 over Vigra på Brattvåg stadion. Fride Christine Lianes (3), Zascha Stage Clausen (3), Vibecke Koppen Krogsæter (2), Anne Margrethe Ulla Staurset, Sunniva Johansen og Emilia Zlotnicka scora. Laget har fått ein god start på sesongen med 10 poeng på 4 kampar. Søndag er det toppkamp borte mot Stordal.
Vann over Skodje
Brattvåg/Norborg sitt damelag vann 6-3 over Skodje på Uggedal KGB måndag ettermiddag. Fride Lianes ga heimelaget leiinga, men Skodje snudde til 1-2 med to raske like før pause. I 2. omgang fungerte alt mykje betre for Brattvåg/Norborg og mål av Vibecke Krogsæter, Zascha Clausen og Emma Sofie Kvammen sørga for 4-2 leiing før Skodje reduserte […]
Damekamp i Uggedalen måndag kl. 17
For første gong sidan 2011 blir det spelt fotballkamp for damer i Uggedalen. Brattvåg og Norborg slo seg i vinter saman og meldte på eit lag i 4. divisjon. Laget vann serieopninga med 7-0 borte mot Vigra og er favorittar når ein møter Skodje på Uggedal KGB måndag kl. 17.