Norborg vann i kveld heile 5-1 over Skodje og påførte dei gule sitt første tap på over tre månadar. Norborg kom godt i gong og leia 2-0 før ti minutt var spelt. Kristoffer Søviknes scora etter corner av Niklas Rekdal, medan Marius Flem Stavik utnytta ein retur frå keeper. Eben Jensen skapte ny spenning i kampen då han banka inn eit frispark halvvegs ut i omgangen. Spenninga varte likevel ikkje lenge. Få minutt seinare banka bursdagsguten Anders Toven inn 3-1 etter å ha blitt spelt fri av Kristoffer Søviknes. Dryge fem minutt før pause vart Jonas Holmeset spelt fri av Tarjei Urkedal og sette sikkert inn 4-1. Knappe kvarteret etter pause var rollene bytta om då Holmeset og Urkedal kom åleine mot keeper. Denne gong spelte Holmeset ballen til Urkedal som sette ballen i nota til 5-1. Norborg hadde store sjansar til å auke leiinga, men måtte nøye seg med 5-1. Les meir..

