Norborg/Brattvåg2 – Langevåg 0-4 (0-2)

Norborg/Brattvåg2 – Langevåg 0-4 (0-2)
4. divisjon, Uggedal stadion gras, 02.06.2022

Sjansar: 6-11
Cornere: 3-4

0-1 Haakon Sværen (2)
0-2 Eirik Hurlen (43)
0-3 Ask Veddegjerde (83)
0-4 Eirik Hurlen (90+3)

Norborg har tradisjonelt hatt eit godt tak på Langevåg, men i denne kampen lykkast oransjetrøyene med lite. Med sentrale spelarar som Anders Toven, Thomas Aarsund og Eirik Vågnes ute fekk det nykomponerte laget 0-1 i fleisen før to minutt var spelt då Sebastian Nordal slo ein stikkar til Haakon Sværen som sikkert trilla ballen i nota åleine med keeper. Langevåg fortsette å ha initiativet i kampen og berre ei glimrande redning av Ronald Søvik Olsen hindra dobling i målprotokollen.

Heimelaget kom seg gradvis meir med og tjue minutt ut i omgangen heada Jesper Vos eit frispark like over. Nokre minutt seinare kontra Norborg 3 mot 3 då Tobias Jensen vann ballen, spelte den opp til Thomas Whalen, som tok den med seg mot 16 meteren før han spelte til Martin Koch, men frå litt skrått hald greidde ikkje toppscoraren å overliste keeper Johan Nymark. Litt seinare i omgangen viste Nymark seg fram igjen då Whalen avslutta frå kloss hald.

Trass nokre gode sjansar til Norborg var Langevåg hakket best og avslutta omgangen slik dei starta, nemleg med mål. Først såg dei eit skot gå i stolpen før ein spelar vart reven ned når han plukka opp returen. Dommar bles for straffe, og den vart sikkert satt i mål av Eirik Hurlen. 0-2, og eit vanskeleg utgangspunkt for Norborg til 2. omgang.

Norborg gjorde eit forsøk i starten av 2. omgang på å kome seg tilbake i kampen, og det var nærmast utruleg at ein ikkje fekk pirka ballen i nota etter eit frispark kort tid etter sidebyte, men hverken Henrik Hurlen eller Martin Koch fekk ballen over streken. Heller ikkje Whalen fekk den i mål då han avslutta i stolpen dryge kvarteret ut i omgangen.

Etter å ha hatt eit visst momentum i kampen dei første 15-20 minutta av 2. omgang, så går Norborg meir eller mindre i oppløysing dei siste ti. Ask Veddegjerde sette inn 0-3 på eit skot frå 17 meter før Eirik Hurlen fastsette sluttresultatet på overtid. Ein fortent siger til gjestane, men likevel litt godt betalt med firemålssiger.

Vi kåra i denne kampen keeper Ronald Søvik Olsen som heimelaget sin beste. Han kan lite gjere med måla og har eit par redningar på høgt nivå. Stian Fjørtoft Klokk hadde grei kontroll på si side av bana og får 2 stjerner, medan den siste stjerna går til Tor Abelseth i hard kamp med Ådne Hellandsvik og Thomas Whalen. Sistnemnte har terminert kontrakta si med Brattvåg, men ser ut til å bli verande på Sunnmøre dei komande vekene og spele for Norborg/Brattvåg2. Med Aarsund og Vågnes på plass, så har vi tru på at Whalen kan kome meir til sin rett og gjere ein god jobb inn mot sommarpausa.

Neste oppgåve er borte mot Hareid 9. juni.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Jesper Vos, Per Kristian Grytten Søvik (Lars Mikalsen, 85), Tor Abelseth, Stian Fjørtoft Klokk (Kjell Terje Brusdal, 78) – Tobias Jensen (Eskil Eiken, 72), Ådne Hellandsvik, Igor Leonov – Thomas Whalen, Henrik Hurlen, Martin Fylling Koch.

*** Ronald Søvik Olsen
** Stian Fjørtoft Klokk
* Tor Abelseth