Marginane imot i Ørsta

Ørsta – Norborg/Brattvåg2 4-2 (3-2)
4. divisjon, 04.10.2019

1-0 Mads Øvrebotten (2)
1-1 Tor Abelseth (10)
2-1 Simen Flekke (22)
3-1 Simen Flekke (27)
3-2 Ruben Holmeset (45)
4-2 Sjølvmål (90)

Norborg måtte nok ein gong sjå seg slått i ein kamp ein hadde det meste av banespelet, men motstandaren var langt meir effektiv framfor mål. Norborg la seg lavt i bana frå start av, men planen om å satse på kontringar fekk seg eit skot for baugen då Mads Øvrebotten si heading fr å 16 meter gjekk i boge over alle og landa i mål då 2 minutt var spelt. Norborg kom tilbake og utlikna på straffe ved Tor Abelseth. Omtrent halvspelt i 1. omgang scorar heimelaget og Simen Flekke to mål på to sjansar. Det eine på eit vakkert skot i krysset frå kanten av 16 meteren. Norborg tek då totalt over banespelet, men sleit med å skape sjansar mot eit heimelag med alle mann i forsvar. Ruben Holmeset greier likevel å få ballen i nota like før pause og ga oransjetrøyene håp om poeng. I 2. omgang foregjekk spelet inne på Ørsta sin banehalvdel, men ein sleit med å finne opningar i heimeforsvaret. På tampen blir kampen punktert på eit sjølvmål. Neste kamp er heime mot Volda fredag kl. 19.

Tapte nøkkelkamp mot SIF/Hessa

Norborg/Brattvåg2 tapte 1-2 i den viktige kampen mot SIF/Hessa. Etter ein jamn og mållaus 1. omgang gav Emil Nilsen gjestane leiinga få minutt etter pause då han tuppa inn ein retur frå keeper Da Silva. Få minutt seinare vart oppgåva endå tøffare for Norborg då Da Silva vart sendt i garderoba for usportsleg framferd. Norborg gav likevel ikkje opp og jobba hardt. Løn for strevet fekk ein då Jesper Vos utnytta ein slepphendt keeper og putta returen i mål eit kvarter før slutt. Diverre fekk Ole-Johan Lindgren stå heil fritt på ein corner og heade ballen kontant i nota til 1-2. Dermed måtte Norborg nok ein gong sjå seg slått.
Les meir..

Heimekamp mot SIF/Hessa torsdag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag kveld imot SIF/Hessa til ein viktig kamp i 4. divisjon. Vi har fortsatt botnstriden på ei armlengdes avstand, men med fire strake tap så begynne varsellampa å blinke. Det har blant anna ført til at SIF/Hessa har tatt oss igjen på tabellen. Alt er ikkje berre mørkt. Blant anna har vi ikkje tapt ein einaste 2. omgang på desse fire kampane. Er tenningsnivået på plass frå start av så har vi gode sjansar mot uavgjortspesialist SIF/Hessa (1-6-1 på dei siste 8 kampane).

Ta turen til stadion og hjelp laget til ein etterlengta siger!

Stortap i bya

Norborg/Brattvåg2 gjekk på ein smell og tapte heile 4-1 i bortemøtet med Rollon. Heimelaget fekk ein pangstart med tre mål dei første 21 minutta. Eit tidleg straffemål i 2. omgang punkterte kampen for godt. Per Kristian Helle Hildre gav Norborg eit trøystemål like før slutt då han heada inn eit legg frå Per Kristian Grytten Søvik. Det målet sørga i alle fall at ein stadig har plussmål (33-32). Om våre egne resultat ikkje går vegen om dagen så går dei andre resultata vår veg. Ørsta og Hareid spelte 2-2 og er fire og seks poeng bak på tabellen. Emblem tapte 0-2 for Bergsøy og er to poeng bak. Volda vann 4-0 over Hødd2 og held følge med Bergsøy i toppen.

  • – Vi gjer ikkje det vi avtalte å gjere defensivt i 1. omgang. Vi har 5 store sjansar, men det er trøstesløst når vi forsvarer oss like spredt som hagleskot og ikkje står opp i duellane. Vi gjer ein godkjent 2. omgang då vi ligg meir samla og kompakt defensivt og også kjem oss til nokre sjansar, seie trenar Kristian Søviknes.

Laget: Sander Arntsen – Per Kristian Grytten Søvik, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Nikolai Jensen (Anders Toven, 46) – Gard Rogne (Tobias Jensen, 70), Ådne Hellandsvik – Ole Johan Urke (Jonas Holmeset, 46), Jesper Vos (Siver Davik, 46), Thomas Aarsund (Eirik Vågnes, 46) – Fredrik Hurlen (Per Kristian Helle Hildre, 46).

Bortekamp mot Rollon fredag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek fredag turen til Larsgården for å møte Rollon. Heimelaget litt poenget framom, men ingen av laga er i spesielt god form og har berre vunne ein av fem kampar etter ferien. Vi har ikkje sett Rollon sine kampar, men Norborg har i alle fall hatt mange marginar i mot. Vi får håpe det snur i Parken.

Lure Emblem tok innersvingen på Norborg

Didrik Fløtre vart helten for Emblem då han senka Norborg/Brattvåg2 med to mål det første kvarteret. Norborg hadde før det vore det førande laget og hadde allereie brent to sjansar. Norborg fortsette å ha ballen, men sleit med å skape sjansar mot eit godt organisert gjestelag. Joakim Barstad gav likevel heimelaget eit håp med si redusering ein halvtime ut i kampen. Same spelar hadde også ein stor sjanse til å utlikne like før pause, med keeper redda godt. Etter kvila skjedde det lite. Emblem drog ned tempoet og halte ut tid, medan Norborg ikkje evna til å få temposkifte og presisjon. Dermed ebba kampen ut med 1-2 og tre poeng til Emblem.
Les meir..

Heimekamp mot Emblem torsdag kl. 1825

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag imot Emblem til viktig kamp i 4. divisjon. Norborg treng poeng for å halde botnlaga på trygg avstand, medan Emblem treng poeng for å kome seg bort frå nedrykkssumpa. Ingen av laga har vist god form etter ferien og ligg på 11. og 12. plass på hausttabellen. Norborg har tatt 3 poeng på dei 4 kampane, medan Emblem har tatt 2. Norborg har ikkje hatt med spelarar frå Brattvåg sin A-stall i haust, men til denne kampen vil Niklas Rekdal, Emil Solnørdal og Joakim Barstad vere med. Anders Toven vil ikkje vere med, medan Fredrik Hurlen og Kjell Terje Brusdal er usikre av dei som starta sist kamp.

Dette er det 30. seriemøtet mellom Norborg og Emblem. Emblem er dermed det laget ein har møtt tredje mest sidan starten i 1968. Vårmøtet enda med 5-2 til dei oransje.

Dommar: Haakon Javier Tronstad (Valder)
Assistentar: Dagfinn Berg Tjervåg (Hasundgot) og Kim Svensson (Aksla)