Abelseth spelte mest!

Tor Abelseth, til høgre i biletet, spelte 1973 av dei totale 1980 mogelege minutta i årets 4. divisjon, og var den på Norborg/Brattvåg2 som spelte mest. Eit motvilleg byte sju minutt før slutt i heimekampen mot Bergsøy i august gjorde at midtstopparen ikkje fekk æra av å spele samtlege minutt. Gard Sæterøy Rogne spelte nest mest med sine 1841 minutt, medan Kjell Terje Brusdal spelte tredje mest med 1558 minutt. Totalt var det 37 spelarar som fekk speletid. Her er den komplette lista.

Joakim Barstad vart den mest effektive spelaren med 1 mål på 62 minutt. Magnus Austbø Seth brukte 98 minutt per mål. Seth vart også toppscorar for Norborg/Brattvåg2 med 11 mål på 12 kampar. Han fortsette å score mål også i Trøndelag med 4 mål på 7 kampar for NTNUI i 4. divisjon.