Nyheiter

Norborg med utfordringar før torsdagens heimekamp


Norborg/Brattvåg2 tek torsdag kl. 1830 imot Ellingsøy til årets første graskamp i Uggedalen. Heimelaget har vore i god form den siste tida og har krabba seg opp på ein 2. plass, men før kampen mot Ellingsøy har laget utfordringar. – Ja, vi kan kome til å mangle ein del spelarar i denne kampen, men eg kan love at vi stiller med 11 mann, seier trenar Kristian Søviknes.
Les meir

5. divisjon: 6. serierunde

Guard og Langevåg sparkar i gong den 6. serierunda i 5. divisjon på Color Line Stadion i kveld kl. 20. Guard overraska sist veke med ein 5-0 bortesiger over Skodje, medan Langevåg endeleg fekk smaken på tre poeng etter 5-1 over Stranda. Vi trur Langevåg fortsette å kjenne på den smaken. B.

Resten av runda spelast slik i morgon:
Les meir

Tor Grande vinnar av tippekonkurransen!

Tor Grande vart trekt ut som vinnar av tippekonkurransen vi hadde i høve lokaloppgjeret mot Fjørtoft. Han prikka inn 3 av 4 spørsmål, slik ein del andre også gjorde. Premie vil bli levert over helga.

5. divisjon: Norborg/Brattvåg2 opp på 2. plass

Norborg/Brattvåg2 avanserte frå 5. til 2. plass på tabellen etter bortesigeren over Fjørtoft. Skodje gjekk på sesongens første tap då Guard reiste frå Skodje med heile 5-0 i bagasjen, medan Herd2 stod for den største overraskinga då dei tapte 4-1 for Ellingsøy. Langevåg tok årets første siger då Stranda vart slått 5-1. Sæbø leia 3-1 til pause, men måtte til slutt sjå seg slått 4-5 av Hovdebygda etter eit overtidsmål.

Resultat 5. serierunde:

Blindheim – Volda2 4-0
Sæbø – Hovdebygda 4-5
Ellingsøy – Herd2 4-1
Langevåg – Stranda 5-1
Skodje – Guard 0-5
Fjørtoft – Norborg/Brattvåg2 0-2

Tabell

Sigra på Fjørtofta

Under strålande tilhøve på den nyopprusta Fjørtoft stadion tok dei oransje med seg alle poenga tilbake til fastlandet. Det var lenge stillingskrig, men så scora Norborg/Brattvåg2 to mål på kort tid ved Kristoffer Søviknes og Magnus Austbø Seth. Fjørtoft la trykk på gjestane gjennom heile 2. omgang, men den oransje forsvarsmuren hadde god kontroll og let aldri heimelaget skape skikkeleg spenning.
Les meir..

5. divisjon: 5. serierunde

Blindheim og Volda2 tjuvstarta femte serierunde i 5. divisjon. Som venta vann Blindheim komfortabelt 4-0 og kan feire 17. mai på tabelltopp. Dei fem øvrege kampane spelast onsdag 16. mai. Vi har sett litt på kampane.
Les meir

Lokaloppgjer mot Fjørtoft onsdag kl. 1915

Onsdag 16. mai er det klart for den første seriekampen mellom Norborg og Fjørtoft på nær 20 år. Mykje har skjedd på desse åra. Norborg gått frå botn 6. divisjon og spelt mange år i 3. og 4. divisjon. Fjørtoft har stort sett vore utan A-lag, men har dei siste 18 månadane gjort eit fantastisk stykke arbeid og kome seg ut av koma. Den jublande spelaren til høgre på biletet over har mykje av æra for det. På onsdag håper og trur vi det er dei tre andre som fortsatt smiler.
Les meir

Tippekonkurranse!

Onsdag 16. mai kl. 1915 er det klart for det første seriemøtet mellom Fjørtoft og Norborg sidan 19. september 1998. Den gong enda det med 10-0 til Fjørtoft. Vi trur ikkje på reprise, men kva trur du? Bli med på vår konkurranse og tipp utfallet av dei fire spørsmåla under. Det blir trekt ut premie til ein av dei som har svart flest riktig. NB! Maks eitt forslag per person.

Tippekonkurransen er avsluttet. 41 stk. har levert inn forslag. Ingen fekk 4 rette, men heile 12 stk. fekk 3 rette. Vi vil trekke ein vinnar blant desse tolv i løpet av 17. mai.  

Langevåg vann!

Guard – Langevåg 1-3

Instagram

  • I dag er det 13år siden siste seriekamp i Søvikdalen. Motstanderen var Ellingsøy som vi møter på nytt torsdag. 
Kampen endte 3-3 etter mål av @edwarton , @knutogivar og tidenes siste målskårer i Søvikdalen @eivindfjortoft som stussa inn @mr.snesen sitt alltid presise og ferdigskåra frisparklegg.

#søvikdalen #fotball #oldmemories #stadium

Følg oss!

5. divisjon

PosKlubbP
1Blindheim12
2Norborg/Brattvåg210
3Volda29
4Langevåg9
5Ellingsøy8
6Skodje8
7Guard7
7Herd27
9Hovdebygda7
10Stranda7
11Sæbø1
12Fjørtoft1