Kristoffer Søviknes vart av Nordre kåra til årets breiddespelar Haram og Sandøy. Nordre har etter kvar kamp gitt poeng til dei tre beste spelarane i Norborg/BIL2, Fjørtoft, Harøy, Lepsøy og HaNo, og vår eigen “Kriss” stod altså igjen på toppen av poenglista. Vi gratulerer!
Pokalutdeling

Norborg hadde i går avslutningsfest for A-laget med blant anna utdeling av statuetter og pokalar. På biletet over ser vi dei som fekk utmerkingar. B.f.v. Kjell Terje Brusdal, André Larsen, Magnus Austbø Seth, Ole Johan Urke, Tor Abelset. F.f.v. Anders Toven, Per-Stian Justsen Alvestad, Jesper Vos og Kristoffer Søviknes.
Statuettar for spelte kampar:
50 kampar: Tor Abelseth (75), Per-Stian Alvestad (74), Jesper Vos (57), Anders Toven (56)
200 kampar: Kjell Terje Brusdal (213), André Larsen (201)
350 kampar: Kristoffer Søviknes (365)
Årets mål: Ole Johan Urke – frispark borte mot Blindheim
Mest effektive norborgar: Per-Stian Alvestad (10 mål på 921 min)
Assistkongen: Magnus Austbø Seth (13) og Ole Johan Urke (13)
Toppscorar: Magnus Austbø Seth (31)
Årets spelar: Kristoffer Søviknes (6,88 i snitt på norborg.com sin børs)
Les meir
Informasjonsmøte om Norborg fleirbrukshall
Måndag 12. november kl. 18 vil det på Søvik forsamlingshus haldt informasjonsmøte om Norborg fleirbrukshall.
Agenda:
Informasjon om status i prosjektet
Finansieringsmodell
a) Positivt vedtak av Haram kommune
b) Stor givarglede og støtte frå lokale bedrifte
c) Lokalt bidrag
Planlagt oppstart av prosjektet i 2019.
Vi håper på godt oppmøte frå bygdefolket i Norborgland.
Prosjektgruppa i Norborg Fleirbrukshall
Norborg/BIL2 sanka færrast kort
Norborg/Brattvåg2 fekk færrast kort i årets 5. divisjon med sine 18 gule. Eitt mindre enn Blindheim. Hovdebygda fekk flest kort med sine 34 gule. Sæbø fekk flest raude kort og kjem på botn i fair play-tabellen om vi gir 1 poeng for kvart gule og 3 poeng for kvart raude.
| Lag | Gule | Raude | Poeng |
|---|---|---|---|
| Norborg/BIL2 | 18 | 0 | 18 |
| Blindheim | 19 | 0 | 19 |
| Herd2 | 22 | 1 | 25 |
| Volda2 | 22 | 1 | 25 |
| Langevåg | 27 | 0 | 27 |
| Ellingsøy | 29 | 1 | 32 |
| Skodje | 29 | 1 | 32 |
| Fjørtoft | 27 | 2 | 33 |
| Hovdebygda | 34 | 0 | 34 |
| Stranda | 31 | 1 | 34 |
| Guard | 31 | 2 | 37 |
| Sæbø | 28 | 4 | 40 |
Adelskalender
Adelskalenderen for Norborg sitt A-lag er no oppdatert med årets sesong. Tarjei Gjerset Urkedal er sjølvsagt suverent på topp med sine 569 kampar. Det er 95 kampar meir enn Kristian Søviknes sine 474. Begge har spelt kampar i år. Tarjei spelte 17 og Kristian 5. På dei neste plassane finn vi Stein Erik Reitan med 426 og Svein Gjerset med 414. Kristoffer Søviknes har passert John Tellefsen og Sigmund Gjerset frå i fjor og er no på 5. plass med 365 kampar. Ole Johan Urke passerte Hans Magnar Engeset og er på 8. plass med 347 kampar. Totalt har 344 spelarar spelt for Norborg sidan 1968. I år var det to debutantar; Tobias Vatle Faksvåg og Anders Finnøy.
Adelskalender
Brannmann tippa best!
Bloggaren Brannmann (Per Gunnar Hamnøy) hadde det mest korrekte tabelltipset for 5. divisjon av dei seks forslaga vi registrerte før sesongstart. Han fekk 126 av 144 oppnåelege poeng. Norborg.com og Bygdebladet kom på delt 2. plass med 124 poeng.

100-målsklubben!
Då Magnus Austbø Seth sette inn 8-0 målet mot Guard sørga han for at Norborg/Brattvåg2 kom inn på den eksklusive lista for klubbar som har nådd minst 100 scora mål i ein sesong. Norborg/Brattvåg2 er det 16. herrelaget på Sunnmøre som har greidd denne bragden. Kvamsøy var det første i 1989. Eit lag som for øvreg også spelte i oransje drakter. Skarbøvik sitt 2. lag har målrekorden med 123 i år 2000.

Fellestrening for yngres avdeling
Norborg hadde torsdag ettermiddag fellestrening for dei aldersbestemte spelarane i klubben. Veret var ikkje det beste, men innsatsen var på topp! Torgeir Finnanger Garshol leia økta saman med gode hjelparar. Trykk på lenka under for bilete.
Tabeller for 5. divisjon
Norborg/Brattvåg2 stakk av med KM-tittelen, men det var Blindheim som leia divisjonen i flest runder. Vi har utviklinga i poeng og plassering etter kvar runde, vårtabell, og mange andre tabeller frå årets 5. divisjon. Her er snadder for dei tabellfrelste.
Les meir
Fakta 5. divisjon: Visste du at..
Stranda måtte vente heilt til den 6. serierunda før dei scora sitt første mål før pause. Tobias Hjelle scora då mot Hovdebygda i det 27. minutt.
Fjørtoft vann sin første omgang då dei vann 2. omgang 2-0 over Blindheim i runde 7.
Fjørtoft måtte vente til den 12. runda før dei gjekk av bana med siger. Slo då Hovdebygda 3-2.
Stranda var det einaste laget som ikkje tapte for Norborg/BIL2. 4-4 i Uggedalen og 3-3 på Stranda.
Når Langevåg vann 12-1 over Fjørtoft i siste runde så fekk Langevåg målskilnaden 69-31, medan Fjørtoft fekk den motsette 31-69.
Skodje tok fleire poeng (35) enn dei scora mål (34).
Berre 4 (Norborg/BIL2, Blindheim, Langevåg og Herd2) av dei 12 laga enda med positiv målskilnad.
Både Norborg/BIL2 og Blindheim haldt nullen i 10 kampar.
Les meir

