Tapte første treningskamp

Norborg fekk ein god start i årets første treningskamp og leia 2-0 over Lepsøy/Harøy når ein dryg halvtime var spelt. Nicholas Kvammen sendte vertane i føringa etter ein flott soloprestasjon halvvegs ut i omgangen, medan Ole Martin Fevåg dobla leinga ti minutt seinare då han sette eit innlegg frå Kai Kitsadakon. Norborg var gode i denne halvtimen og kunne med litt marginar ha leia med større siffer. I minutta inn mot pause tok kreftene slutt og Lepsøy/Harøy kom sterkt tilbake med to raske mål. Norborg starta også 2. omgang best, men 8 minutt ut i omgangen kontra gjestane inn 2-3. Etter dette rakna Norborg og Lepsøy/Harøy vann komfortabelt 2-6.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Jann Tore Søvik, 60) – Ruben Stavik (Jørn Håvar Varpe Uggedal, 60), Peder Uggedal Søvik, Ole Johan Urke (Stavik, 69), Markus Søvik Gunnarsson – Ole Martin Fevåg (Torgeir Vik, 60), Niklas Rekdal, Nicholas Kvammen, Kai Kitsadakon (Olsen, 65) – Marius Dulgheru, Markus Torgersen.

Futsal: Romjulscup søndag 29. desember i Norborg Fleirbrukshall

I 2022 blei det for første gang arrangert Norborg-cup, og det syns vi var så gøy, at vi køyre på i år igjen! Her er det lavterskel og vi ønska alle
velkomen! Kompisgjengar, jenter og gutar, tidlegare aktive og noverande aktive, spel med den gleda du har! Vi har ei maksgrense på 16 lag, og om
det blir eitt eller fleire damelag avgjer om vi dele opp i herre- og dameklasse. Det vil bli kiosksalg, speaker og livetjeneste!

Reglar:
Max 10 spelarar per lag.
Pris per deltakande lag: 1000,-
Nedre aldersgrense på 16 år (født 2008).

Påmeldingsfrist 20. desember og er bindande etter det.
Påmelding på e-post til norborg24cup@gmail.com
Betalingsinfo kjem på e-post etter påmelding.
Lagleiar sørger for at betalingen skjer samla.
Navn på alle spelarane meldast ved påmelding, samt telefonnummer til lagleiar.
Farge på trøye meldast frå ved påmelding.

Det vil bli spelt med futsalballar. Vi håper du vil vere med. Vél møtt!

Norborg og Sparebanken Møre fornyer samarbeidsavtalen for 3 nye år

Sparebanken Møre som har vært Norborg IL sin støttespiller og samarbeidspartner i mange år har fornyet vår samarbeidsavtale for 3 nye år, og fortsetter da også som vår Generalsponsor.
Avtalen underbygger et bærekraftig samarbeid der Norborg forplikter seg til å jobbe for å ta vare på Klima og miljø, å jobbe med Inkludering og likestilling og være organisert for en etisk virksomhetsstyring. Gjennom dette får vi også ekstra støtte til Klubbutvikling for badminton og til å fortsette samarbeidsprosjektet med Ravn og Brattvåg for breddefotball med bl.a. utvikling av trenerveileder stillingen.

Sparebanken Møre ønsker å være en aktiv og engasjert bidragsyter til idretten i Møre og Romsdal. De mener det er viktig å ha lag og organisasjoner som favner bredt og gir et godt aktivitetstilbud i sitt nærmiljø.

Norborg IL ønsker å rette en stor takk til Sparebanken Møre for at de setter pris på, og ser nytten for lokalsamfunnet av arbeidet som legges ned av alle Norborg sine frivillige.

 

Ronald spelte mest!

Ronald Søvik Olsen var Norborg sin mest benytta spelar i årets sesong med 1796 minutt, inkludert kampen mot Bergsøy2. Nummer to på lista er det unge stjerneskotet Nicholas Kvammen. Midtbanetalentet som fyller 16 år seinare denne månaden stoppa på 1645 minutt. Han fekk dermed drøye 100 minutt meir enn sjefen sjølv, Niklas Rekdal. Totalt spelte 40 gutar og menn i alderen 15 til 42 år kampar for Norborg i årets 5. divisjon. Heile lista finn du her.

Tapte for Volda2 og rykker ned

Norborg måtte ha poeng borte mot Volda2 i siste runde av 5. divisjon, men måtte reise heim med 5-2 tap. Våre gutar kom under med to mål før sju minutt var spelt, men ei redusering av Tarjei Urkedal gav håp. Volda2 gjekk opp i 3-1 tjue minutt ut i 2. omgang, men Niklas Rekdal kvitterte raskt til 3-2. På slutten måtte Norborg gamble og Volda2 scora to mål på slutten. Norborg enda dermed sist i 5. divisjon og er tilbake i 6. divisjon for første gong sidan 2000. Vi kan gratulere Ravn med opprykk til 4. divisjon etter 0-0 mot Emblem. Ravn er dermed tilbake på nivå 5 for første gong sidan 1982.
Les meir..

Tapte for KM-vinnaren

Norborg hang lenge med, men måtte til slutt sjå seg slått 0-3 av Spjelkavik2 i torsdagens 5. divisjonskamp. Gjestane tok leiinga på ei kontring like før pause ved Jonas Ottersen og dobla leiinga like etter pause ved Peter Røvreit Frostad. Spjelkavik2 styrte etter dette det meste og punkterte kampen tjue minutt før slutt då Ottersen scora sitt andre. Norborg har framleis alt i eigne hender i botnstriden når ein tek turen til Volda i siste serierunde på torsdag. Les meir..