Kaptein Tor Juul Abelseth (24) nådde sist veke 150 A-kampar for Norborg etter å ha debutert mot Tomrefjord 17. februar 2016. Ørskogbygdaren er dermed berre 14 kampar bak Hans Edvard Nordang i å vere den spelaren som har flest A-kampar for Norborg utan å ha vore busett i Norborgland. Midtstopparen har scora 12 mål, fått med seg ein KM-tittel i 5. divisjon i 2018, og vart kåra til Årets spelar i 2019.
Norborg Magasinet 2022
Norborg Magasinet vart i juli delt ut til husstandane i Norborgland. Vi legg det no ut elektronisk for andre interesserte.
To tapte poeng
Norborg/Brattvåg2 sløste med sjansane i kveldens kamp mot SIF/Hessa og måtte i nok ein heimekamp gå av bana utan siger. Denne gong vart det 2-2. Martin Koch klinka inn 1-0 frå 18 meter tretten minutt ut i kampen. Gleda varte ikkje lenge for Gaute Kvalsvik heada inn utlikning fire minutt seinare før same mann klinka inn 1-2 frå 30 meter kvarteret før pause. Like før pause utlikna Tobias Jensen til 2-2. Etter pause hadde Norborg dei fleste klare målsjansane og både Magnus Otterlei, Erlend Blø og Martin Koch burde ha avgjort kampen.
Kampreferat.
Heimekamp mot SIF/Hessa onsdag kl. 1815
Norborg/Brattvåg2 tek onsdag imot SIF/Hessa på Uggedal stadion til årets siste graskamp. Norborg har vist solid borteform med 6-2 over Emblem og 6-4 over Blindheim i sine to siste kampar. No gjeld det å finne denne forma også på heimebane. Møt opp for å sjå om det blir game, set, match til Norborg.
Ny bortesiger etter målorgie
Norborg/Brattvåg2 trivs på Uksenøya og reiste for andre veka heim med halvdusinet i mål og tre poeng då Blindheim vart slått 6-4. Magnus Otterlei 2, Thomas Aarsund, Martin Koch, Erlend Blø og eit sjølmål sørga for sigeren. Kampreferat
Storsiger i botnkampen
Norborg/Brattvåg2 banka botnkollega Emblem 2-6 på Ebbemyra sist torsdag. Norborg var effektive og gode før pause og leia 4-0. Emblem gjorde ein betre 2. omgang, men kunne ikkje hindre at dei oransje leia 6-0 før det vart pynting på resultat mot slutten. Magnus Otterlei var kampen sin store spelar med tre mål. Henrik Hurlen laga det viktige førstemålet to minutt ut i kampen, medan Erlend Blø scora sitt første mål i den oransje trøya. Martin Koch gjorde sitt 7. mål for året før han gjekk av bana til pause og gjorde plass til Tarjei Gjerset Urkedal sitt comeback på sin 40-årsdag. Urkedal spelte sist gong i oktober 2018.
Kampreferat.
Bergsøy vart for sterke
Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 0-3 av Bergsøy på Uggedal stadion fredag kveld. Gjestane var best før pause og leia 0-2 etter mål av Daniel Arnfinnson (41 min) og Daniel Kvalsvik (45). Heimelaget starta best etter pause, men det var Bergsøy som gjorde 0-3 ved Enrique Crespo Søvik (52 min). Norborg skapte fleire store sjansar, men greidde aldri å få nettsus. Ei heller på straffespark like før slutt.
Kampreferat.
Ny poengdeling etter sjansesløsing
Norborg/Brattvåg2 måtte sjå Larsnes/Gursken/Gjerdsvika sin keeper gjere fleire sterke redningar i 1-1 kampen på Uggedal stadion fredag kveld. Eirik Koppen Vågnes sende Norborg i føringa etter eit vakkert angrep satt i scene av Thomas Aarsund, Ådne Hellandsvik og han sjøl. Gleda var diverre kortvarig for Junior Tombini sette inn utlikninga minuttet seinare. Norborg var fleire gongar åleine med keeper og burde ha sikra seg tre poeng, men keeper Antonio Belenguer var i det umogelege hjørnet. Dermed enda det med den tredje strake uavgjorte for dei oransje.
Kampreferat.
Poengdeling i Ørsta
Ørsta og Norborg/Brattvåg2 delte poenga i kveldens 4. divisjonskamp. Ørsta tok leiinga eit kvarter ut i kampen ved Evan Dyrhol Aambø, medan Henrik Otterlei Hurlen utlikna fem minutt før slutt.
Les meir..
Buss til bortekamp mot Ørsta
Torsdag spelar Norborg/Brattvåg2 bortekamp mot Ørsta. Herrelaget vil gjerne ha med seg supportarar så alle er velkomen til å bli med på bussen. Avreise er kl. 1545 frå Brattvåg og kl. 16 frå Eidsvikeidet.

