Norborg tapte bortekampen mot Vigra med 4-1 (2-1). Ola Just Martinsen ga heimelaget føringa i det 14. minutt, medan eit sjølvmål sørga for Norborg sitt mål nokre minutt før pause. Uavgjort skulle likevel ikkje halde inn mot kvila. I omgangens sluttsekund fekk Vigra straffe som Preben Meberg omsette i mål. I 2. omgang sørga mål av Kenneth Kjevik og Florin-Ciprian Luli for ein komfortabel siger til Vigra. Meir kjem seinare.