Norborg2 – Lepsøy 4-1

Norborg2 – Lepsøy 4-1 (2-0)
Uggedal KGB, 31.05.11

Sjansar: 8-10 / cornere: 2-8

1-0 Johan Stavik (18)
2-0 Johan Stavik (26)
2-1 Dagmund Hillersøy (str. 61)
3-1 Alf Røren (72)
4-1 Cato Longva (75)

Heimelaget best før pause og leia fortent. Gjestane tok over kampen etter pause, men Norborg2 var mest effektive å sikra seg tre poeng.

Norborg2 stilte med eit sterkt mannskap mot Lepsøy i fineveret på Uggedal KGB. Det er likevel Lepsøy som kom seg til kampens første sjanse i det 12. minutt, men avslutninga frå kloss hald gjekk over. Heimelaget tek så gradvis over kampen og Johan Stavik viser god effektivitet ved å score på Norborg2 sine to første sjansar. 1-0 sette han inn frå litt skrå vinkel etter at Martinus Grytten kom seg rundt på kant og la inn til Alexander Eide, som vidareformidlar ballen til Johan. 2-0 er ikkje ulik det første målet. Denne gong er det Cato Longva som kjem seg rundt på høgrekanten og 45 ut til Johan som sette ballen sikkert i mål frå om lag straffemerket. Norborg2 er også nær eit tredje mål men Cato sende Trym sitt innlegg i tverrliggjar. Fortent leiing til Norborg2 ved pause.

2. omgang startar med eit godt Norborg2 angrep der Marius Rogne legg inn til Cato, men keeper reddar headinga frå 7-8 meter. Lepsøy tek så over kampen og Frank Gjerde avsluttar i stolpen i det 60. minutt. Lepsøy beheld ballen og angrepet endar til slutt med straffe etter hands. Dagmund Hillersøy er sikker frå straffemerket og skapar ny spenning. Fem minutt etter reduseringa er Lepsøy nær utlikning, men avslutninga går i stolpen.

Norborg2 er heldige som leiar når vi går inn i dei tjue siste minutta, men då angrep på tre minutt fører begge til mål. 3-1 kjem etter at Kristian Søviknes skyt via Alf Røren og i mål. Dette er Alf sitt første seriemål sidan 26. juni 1996. Då scora han Norborg sitt 3. mål i 3-2 sigeren borte mot Norddal/Eidsdal. 4-1 er det Cato Longva som setter inn på frispark frå 17 meter. Frisparket kjem etter at keeper har tatt ballen med handa utanfor 16 meteren. Lepsøy kjem seg til eit par gode sjansar i sluttminutta, men er ikkje giftige nok framfor mål og Norborg2 tek sin første siger sidan serieopninga.

Best på Norborg2 var debutant Marius Rogne. Han var sikker defensivt og aktivt med framover. Skryt også til keeper Kenneth Hånde som varta opp med fleire gode redningar.

Laget: Kenneth Hånde – Ole Henrik Hildrestrand (Alf Røren, 57), Jan Even Drønnesund, Audun Mikalsen, Marius Rogne – Johan tavik (Trym Nyland, 38), Kristian Søviknes (Bjørnar Engeset, 85), Stian Myklebust (J. Stavik, 82), Martinus Grytten (Marius Gamlem, 32) (O. H. Hildrestrand, 73) – Cato Longva (Torgeir Garshol, 78), Alexander Eide (Nikolai Ulvestad, 78).

Dommar: Kjell Roald Monsen (Austrått)