Brattvåg2 – Norborg2 5-3

Brattvåg2 – Norborg2 5-3 (2-1)
5. divisjon, Brattvåg KGB, 09.05.11

Sjansar: 16-5 / cornere: 18-3

1-0 Martin Sundnes (29), 2-0 Øyvind Sundnes (32), 2-1 Kristian Søviknes (44), 2-2 Ole Johan Urke (57), 2-3 Ole Johan Urke (76), 3-3 Kristian Johnsen (78), 4-3 Kristian Johnsen (83), 5-3 Hazhin Hassan (86).

Brattvåg2 dominerte store delar av lokalderbiet mot Norborg2 og vann til slutt 5-3. Men, sigeren sat langt inne. Norborg2 leia nemleg kampen med mindre enn eit kvarter å spele.

Norborg2 hadde med seg 6 spelarar som har fått prøvd seg i 4. divisjon denne sesongen, men mangla spelarar som Kristian Furnes, Peter Elias Grytten, Martinus Grytten og Steffen Grytten. Ein hadde dermed berre med seg to innbyttarar.

Brattvåg2 stilte med eit lag som kunne ha skremt mange lag i divisjonen over. Henning Koppen, Frank Dalhaug, Stian Hatlehol, Hazhin Hassan og ikkje minst brørne Martin og Øyvind Sundnes. Vi må seie det er synd og skam at desse to spelar på lågaste nivå på Sunnmøre. Både for Brattvåg og dei andre 5. divisjonslaga… Det var då også desse to, samt driblekongen Hazhin Hassan det meste dreia seg om dei første 35 minutta. Det tok likevel nærare ein halvtime før dei greidde å finne nettmaskene bak keeper Kenneth Hånde. Då var Martin Sundnes, som så mange gongar før, på rett plass til rett tid og sette inn 1-0 frå kloss hald. Få minutt etter vil ikkje Øyvind Sundnes vere noko dårlegare og lobbar ballen elegant over keeper og i mål. 2-0, og Norborg2 såg ut til å gå mot stortap. Spelarane i oransje sleit både med underlag og ball, og hadde lite å by på offensivt.

Like før pause er Norborg2 på ein visitt framfor heimelaget sin 16 meter. Kristian Søviknes sender ballen mot mål og dei fleste på stadion blir overraska når den sprett i mål. 2-1, og norborgarane gjeng til pause med håp om poeng.

Brattvåg2 starta 2. omgangen best og berre ei feberredning hindra at Martin Sundnes auka til 3-1. Like etter var det tverrliggjar som stod i vegen. Så vakna Norborg2 og ikkje minst Ole Johan Urke. Først smeller han ballen i mål frå 20 meter, så driblar han seg inn frå venstresida og sette ballen i nota. Norborg2 har snudd kampen til 2-3 med mindre enn eit kvarter å spele.

Norborg2 hadde berre med seg to innbyttarar i denne kampen, og fleire av spelarane starta å bli sletne. Brattvåg2 trykte på i sluttfasen av kampen og starta også å score mål. 3-3 kjem etter eit frispark av Martin Sundnes. Han fyrte av frå 20 meter i tverrliggjar og ned. Vi trur ballen var over streken før Kristian Johnsen sette ballen i nota. Sidan dommar Lausund ikkje markerte mål på frisparket til Sundes, så er det Johnsen som får målet. Like etter er same mann på ferde igjen og sette inn 4-3 etter corner, medan 5-3 kom på eit hardt skot like utafor 16 meteren av Hazhin Hassan. Dermed ein fortent 5-3 siger til Brattvåg2.

Norborg2 hadde sine periodar både før og etter pause der ein var fullt på høgde med Brattvåg2, men det vart for mange feilval og feilpasningar. Ein greidde sjeldan å spele meir enn 3-4 trekk før Brattvåg2 fekk tilbake ballen. Men, så er det då heller ikkje lett på denne bana.

Skal vi trekke fram enkeltspelarar så var Jan Even Drønnesund god i forsvar. Hans makker Audun Mikalsen vaks også utover kampen. Keeper Kenneth Hånde fekk mykje å gjere i dag og stod fram med mange gode inngrep.

Neste kamp er allereie på torsdag heime mot Ellingsøy.

Laget: Kenneth Hånde – Ole Henrik Hildrestrand, Jan Even Drønnesund, Audun Mikalsen, Marius Gamlem – Ole Johan Urke , Kristian Søviknes, Cato Longva (Trym Nyland, 46) – Johan Stavik (M.L.Lie, 83), Kenneth Gamlem (C. Longva, 62), Martin Løken Lie (Nikolai Ulvestad, 75).