Vigra – Norborg 4-1 (2-1)
6. divisjon, Rota KGB, 30.04.2025
1-0 Ola Just Martinsen (14)
1-1 Sjølmål (37)
2-1 Preben Oliver Meberg (str. 45)
3-1 Kenneth Kjevik (72)
4-1 Florin-Ciprian Luli (90+3)
Norborg mangla marginane framfor begge mål og måtte sjå seg slått 4-1 av Vigra onsdag kveld. Etter jamne opningsminutt tok Vigra over kampen og gjorde 1-0 like før kvarteret spelt ved Ola Just Martinsen etter innlegg av Karsten Strand Vingen. Norborg tok så over kampen og pressa heimelaget kraftig. Det var då fullt fortent at 1-1 kom knappe ti minutt før pause etter eit fint angrep der Ådne hellandsvik slo ei strøken gjennombruddspasning til Niklas Rekdal som sprang forbi backen og fekk sendt ballen hardt inn i feltet der ein hardt pressa Vigra-spelar sendte ballen i eige mål. I det vi bikka 45 minutt fekk Vigra ei kontroversiell straffe. Norborg sine spelarar meinte forseelsen fann stad utanfor 16 meteren, men dommaren let seg ikkje rokke og haldt fast på avgjerlsa. Preben Meberg sette dermed inn 2-1 frå kritmerket i ein omgang der Norborg totalt sett skapte mest.
Norborg prøvde å sette eit trykk på Vigra frå start av i 2. omgang, men lykkast dårleg. I staden var det Vigra som auka til 3-1 ved Kenneth Kjevik knappe tjue minutt før slutt. Norborg heva seg etter målet og skapte nokre sjansar, men nok ein gong sleit ein med effektiviteten og i staden var det Florin-Ciprian Luli som tre minutt på overtid sette eit frispark frå langt hald i mål.
Norborg sin komande kamp er heime mot Stranda2 onsdag 7. mai kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Lars Mikalsen (Jann Tore Søvik, 85), Anders Toven, Ole Johan Urke, Markus Søvik Gunnarsson (Gamlem, 70), Niklas Rekdal, Oliver Gamlem (Robin Hånde, 46), Ådne Hellandsvik, Nicholas Kvammen, Markus Torgersen, Tarjei Urkedal (Marius Dulgheru, 82).
Dommar: Lars Ove Sletta (Langevåg)