Norborg/Brattvåg2 – SIF/Hessa 1-2 (1-1)
4. divisjon, Uggedal KGB, 27.04.2024
0-1 Dany Ramsy Suleiman (5)
1-1 Martin Fylling Koch (str. 13)
1-2 Mathias Kristensen Sandø (70)
Norborg/Brattvåg2 sleit med avstandane i fyrste omgangen, og slapp SIF/Hessa litt for lett til i byrjinga av kampen. Etter eit utspel, slapp SIF/Hessa lett igjennom på venstresida og det var store hol i Norborg. Derav kunne SIF/Hessa banke inn 1-0 leiinga. Adrian Korsedal blir frispelt på høgresidå og seiar farvel til SIF/Hessa-forsvaret. Korsedal rykkar frå ein, og skivsar seg mellom to før han blir tatt innafor 16-meteren og får tidelt straffe. Den setter Martin Koch og scorer sitt tredje for året. Norborg/Brattvåg2 legg seg lavare i omgangen og får meir kontroll over ballen utover 2.omgang. Pause 1-1.
Norborg/Brattvåg2 startar friskt i 2.omgang. Stian Klokk drivar dribleshow på venstresida og finn Henrik Hurlen fri i boks. Dessverre er headinga for veik denne gongen. To moglegheiter på fritt gjennomspel blir forspelt, og Adrian Korsedal tvingar fram en fantomredning frå SIF/Hessas sisteskanse når han bankar til på halvvolley. Etter fyrste kvarteret var det SIF/Hessa som skapte trykk på trykk. Ronald Olsen i buret må leite fram god hanskane, og avvergar både ein og to. Til slutt kjem SIF/Hessa seg rundt og får slått eit godt innlegg som Olsen avvergar. I returrommet ligg Sandø banka ballen i nettaket. Norborg sleit med å skape trykk på slutten, og fekk ikkje skapt store nok farlegheiter. Ein intens kamp sluttar 2-1.
Laget: Ronald Olsen – Jesper Vos (Oliver Gamlem, 84), Anders Toven, Elias Seth, Stian Klokk (William Grytten Jenssen, 73) – Noah Klokk, Thomas Aarsund – Magnus Otterlei, Martin Koch, Adrian Korsedal – Henrik Hurlen (Robert Dulgheru, 78).