Langevåg – Norborg/Brattvåg2 0-5 (0-2)
4. divisjon, Langevåg KGB, 20.04.2023
0-1 Martin Fylling Koch (25)
0-2 Martin Fylling Koch (str. 36)
0-3 Thomas Aarsund (55)
0-4 Henrik Hurlen (65)
0-5 Adrian Korsedal (78)
Norborg/Brattvåg2 fekk ein pangstart på serieopninga med storsiger over Langevåg. Martin Fylling Koch starta målshowet halvvegs ut i 1. omgang etter forarbeid av Adrian Korsedal. Ti minutt seinare vart Korsedal felt innafor straffefeltet og dommaren peikar på kritmerket. Koch er sikker og doblar leiinga. Etter kvila er det ingen tvil kvar poenga skal gå og Norborg/Brattvåg2 aukar jamt og trutt til 0-5.
Laget: Ronald Søvik Olsen, Stian Fjørtoft Klokk, Elias Austbø Seth, Noah Lausund Klokk, Ivan Håvik Berntsten – Adrian Andrukiewicz, Thomas Aarsund, Martin Fylling Koch – Adrian Korsedal, Henrik Hurlen, Magnus Otterlei. Innbyttere: Lars Alvestad Mikalsen, Jesper Vos, Robert Dulgheru, Oliver Gamlem Sverre Tomren Søvik.
*** Adrian Korsedal
** Martin Koch
* Stian Klokk