Norborg/Brattvåg2 – Hovdebygda

Norborg/Brattvåg2 – Hovdebygda 3-5 (2-3)
4. divisjon, Uggedal stadion, 27.08.2021

Sjansar: 6-12
Hjørnespark: 4-8

0-1 Frank Sætre Ristesund (3)
0-2 Edin Ribic (13)
1-2 Eirik Vågnes (27)
2-2 Igor Leonov (43)
2-3 Bjørnar Holen (str. 45)
2-4 Bjørnar Holen (53)
3-4 Martin Fylling Koch (70)
3-5 Daniel Reza Malakzadeh (76)

For andre kamp på rad kom Norborg/Brattvåg2 tidleg under 0-2. Laget jobba seg likevel inn i kampen og utlikna til 2-2 like før pause etter mål av Eirik Vågnes og Igor Leonov. Dei fleste trudde då ein skulle få starte 2. omgang med like siffer, men nei. Bjørnar Holen vart unødvendig lagt i bakken innanfor 16 meteren. Storscorar Holen tok sjølv straffa og sette den presist inne ved stolpen. Ståda vart ikkje betre då Holen auka til 2-4 like etter pause. Martin Koch ga heimelaget på nytt håp med si redusering tjue minutt før slutt, men Daniel Malakzadeh sløkte det håpet kvarteret før slutt. Heimelaget leverte ein defensiv svak kamp og gjorde fleire juniorfeil, men så må vi huske på at dei fleste er nettopp det, juniorar.

-Tre mål bør normalt halde til poeng, men i dag gjer vi for mange enkle feil. Vi er nølande i enkelte situasjonar og stressa i andre. Vi mister ball i farlege posisjonar og gir Hovdebygda mange overgangar. Vi saknar eit par rutinerte og viktige brikker i dag. Spelarar som løfter dei unge spelarane. Vi får ta denne kampen som nyttig lærdom, sa trenar Kristian Søviknes.

Hovdebygda har fått ein tøff start på sesongen, men fekk alt anna enn ein tøff start på denne kampen. Gjestane gjekk aggressivt ut og fekk kampen inn i sitt spor allereie i det 3. minutt då Frank Sætre Ristesund scora eit “gol olimpico”, det vil seie at han skrudde ein corner direkte i mål. Hovdebygda pressa på for fleire mål, og ti minutt seinare vart Edin Ribic spelt igjennom på venstrekanten. Han tok med seg ballen inn i straffefeltet og sette ballen sikkert i nota.

Norborg/Brattvåg2 kom seg meir til hektene etter 0-2 og kom seg til eit par halvsjansar før Eirik Vågnes sette ballen i nota etter ein corner av Marin Fylling Koch. Eit par minutt før pause var Vågnes igjen i fokus då han dribla seg ned mot kortlinja og fann Igor Leonov ved straffemerket, som styrte ballen mellom eit par spelarar og i mål. Diverre greidde ein ikkje å halde på 2-2 dei få minutta som var igjen til pause då Bjørnar Holen vart lagt ned i straffefeltet. Dommar Myrseth peika korrekt på straffemerket. Holen sette straffa sjølv sikkert i mål.

Hovdebygda starta også best etter pause og det tok ikkje mange minutta før Holen runda keeper og auka til 2-4. Omgangen var rotete med lite fint spel. Hovdebygda hadde stort sett kontroll på kampen sjølv om Martin Koch reduserte til 3-4 tjue minutt før slutt  Eit flott mål av unge Koch då han mottok ballen frå Ådne Hellandsvik på kanten av 16 meteren, finta seg inn i bana og sette ballen stolpe inn. Koch var også nær sitt andre mål like etter, men avslutninga gjekk då like utanfor stolpen. I staden for 4-4 var det Daniel Malakzadeh som tuppa inn 3-5 frå kloss hald. Hovdebygda hadde etter dette full kontroll og tok tre fortente poeng.

Neste kamp er borte mot SIF/Hessa fredag 3. september kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Grytten Søvik, Tobias Jensen, Anders Toven, Stian Fjørtoft Klokk (Tor Abelseth, 73) – Eirik Vågnes, Igor Leonov, Ådne Hellandsvik, Jesper Vos – Ruben Holmeset (Magnus Otterlei, 24), Martin Fylling Koch.

Dommar: Tor Ove Myrseth (FK Sykkylven)
Assistentar: Steinar Hjelle (Sunnylven) og Øyvind Kringstad (Valder)