Hareid – Norborg/Brattvåg2 1-2 (1-1)

Hareid – Norborg/Brattvåg2 1-2 (1-1)
4. divisjon, Hareidsmyrane KGB, 25.10.2019

Sjansar: 4-7
Cornere: 3-3
Avslutningar på mål: 4-4
Avslutningar utanfor: 4-8
Blokkerte avslutningar: 3-3

1-0 Kim André Alvestad (7)
1-1 Akseli Kalermo (24)
1-2 Fredrik Klemetsen Hurlen (80)

Norborg/Brattvåg2 trengte poeng mot Hareid for å vere heilt sikker på å stå i divisjonen. Hareid på si side måtte ha siger for å ikkje vere avhengig av andre resultat. Kampen var ikkje spesielt velspelt mellom to defensivt solide lag, og sjølv om det på stillinga 1-1 var nerve i kampen, så følte vi likevel at Norborg/BIL2 hadde full kontroll på situasjonen.

Hareid satsa hus og heim i starten av kampen og hadde trykket med sin oppofrande stil. Dei vann alle femti-femti duellane og snappa opp andreballane. Det var dermed fortent at dei tok leiinga ved Kim André Alvestad då han pressa inn ein retur frå keeper etter eit hardt innlegg frå Ruben Kenneth Brandal. Så løya vinden, regnet slutta og Norborg tok gradvis over kampen.

Halvvegs ut i omgangen fekk Hareid først eit varsel på kva som skulle kome då Akseli Kalermo fekk gå opp å heade ein corner frå Simen Hagbø. Keeper fekk ei hand på ballen og redda til ny corner. Då hadde Kalermo sikta seg inn og heada sikkert i nota. Omgangen totalt sett var jamt fordelt i sjansar.

Etter pause tok Norborg/BIL2 meir tak og trykte meir til i duellane. Ein hadde god kontroll på kampen og ser vi bort i frå eit langskot av Andreas Nesset i tverra, så skapte heimelaget ingenting. Norborg var heller ikkje noko fyrverkeri offensivt, men både Alexander Jonassen og Tor Abelseth fekk avslutta frå greie posisjonar utan å lykkast. Ein var også nær mål på nokre dødballar, men ein hadde eit par skonummer får små.

Ti minutt før slutt fall avgjersla i kampen då Fredrik Hurlen heada inn eit legg frå Emil Solnørdal. På overtid var Per Kristian Grytten Søvik nær å auke leiinga, men han sette ballen over frå kanten av femmeteren.

– Vi møter som venta 11 svoltne hyener fra start i raudt, og vi er ikkje heilt der vi skal vere i duellspel i 1. omgang. I 2. omgang så synes eg vi lykkast bra. Nikolai fjerner Hareids Ruben Kenneth Brandal totalt frå kampen, justeringane i midtbane firaren i pausa ga effekt og vi spela meir besluttsomt og tek duellspelet betre. I sum ein fortent siger og all honnør til gruppa som har jobba knallhardt i 10 måneder for å oppnå målsettinga om fornya kontrakt. Spesielt bortekampen mot Volda der vi vinn 4-1 kan vi ta med oss som eit godt minne frå årets sesong, men også at vi har greidd å levere når vi må på slutten, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Laget: Neydson Da Silva – Simen Hagbø, Akseli Kalermo, Tor Abelseth, Emil Solnørdal – Ådne Hellandsvik (Alexander Jonassen, 46), Nikolai Jensen, Thomas Aarsund (Siver Davik, 78), Gard Rogne – Ruben Holmeset (Per Kristian Grytten Søvik, 71), Fredrik Hurlen (Jesper Vos, 90).