Norborg/Brattvåg2 – Vestnes Varfjell 2-2

Norborg/Brattvåg2 – Vestnes Varfjell 2-2 (2-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 05.04.2018

Sjansar: 10-8

0-1 ? (12)
1-1 Ådne Hellandsvik (16)
2-1 Kristoffer Søviknes (44)
2-2 ? (73)

Heimelaget leverte ein god 1. omgang og burde ha leia meir enn 2-1 til pause. Sjølv om Norborg stort sette hadde kontroll i denne omgangen, var det gjestane frå Romsdal som scora først då eit innspel frå høgre vart satt i mål mellom beina på keeper. Norborg kvitterte raskt ved Ådne Hellandsvik då skotet hans gjekk stolpe inn. Trass nokre gode sjansar så måtte ein vente til sluttminutta av omgangen før ein tok leiinga. Då styrte Kristoffer Søviknes ballen i nota etter eit frisparkinnlegg. Gjestane var best i 2. omgang og produserte nokre gode sjansar spesielt i opningskvarteret utan å få ballen i nota. Heimelaget kom etter kvart meir med og det var i ein god Norborg-periode utlikninga kom. Likevel, ei totalt sett grei generalprøve for Norborg/Brattvåg2.

Laget: Benjamin Rørhus – Tobias Vatle Faksvåg, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Tarjei Urkedal – Magnus Seth (Ole Johan Urke, 46), Gard Rogne (André Larsen, 46), Kristoffer Søviknes, Jesper Vos (Vidar Nilsen Rogne, 65), Ådne Hellandsvik – Per-Stian Alvestad (Jonas Holmeset, 80).