Norborg – Hareid 2-1

Norborg – Hareid 2-1 (1-1)
Uggedal KGB, 29.09.2016

Sjansar: 5-11
Cornere: 4-8

0-1 Runar Stranden (4)
1-1 Magnus Austbø Seth (13)
2-1 Kristoffer Holmeset Søviknes (60)

– Ufyseleg ver, spelemessig svak kamp, deilig resultat, slik oppsummerte trenar Oddmund Davik Otterlei kampen. Norborg leverte sin svakaste kamp på ei god stund, men hadde marginane med seg då Hareid vart sendt heim med tap. Sigeren gjer at Norborg har sju poeng ned til Valder og Ørsta på nedrykk.

Norborg måtte på keeperjakt før kampen sidan ingen av dei tre målvaktene i stallen kunne stille denne kvelden. Valet fall då på Elling Mikal Kalvø. Midtstopparen som la opp før denne sesongen, stilte villeg opp med hanskar. Det skulle vise seg å bli eit lurt val. Etter å ha plukka ballen ut av nota allereie før fire minutt var spelt, stengte han buret med fleire praktredningar og sikra tre poeng.

Hareid var det beste laget mellom 16-metrane, men fekk dårleg betalt for innsatsen og tidvis fin fotball. Det starta likevel bra for gjestane som gjekk ut med ein voldsam aggressivitet og pressa Norborg trass motvind. Før fire minutt var spelt heada Runar Stranden ballen i nota frå 6-7 meter etter innlegg frå venstre. Norborg var stadig på etterskot i opningsminutta, men jobba seg inn i kampen med vinden i ryggen. I det 13. minutt fekk ein frispark på ca. 30 meter. Hans Edvard Nordang let ikkje sjansen gå frå seg og klinka kula lågt mot mål. Keeper Sigve Hide fekk stoppa ballen, men måtte gi retur og der var Magnus Austbø Seth å sette ballen i nota.

Den siste halvtimen av omgangen var jamn der begge lag hadde nokre sjansar til å gå til pause med leiing. Seth var nærmast for heimelaget då han sette eit innlegg frå Kristoffer Søviknes i tverrliggjaren, medan Hareid var åleine med keeper Kalvø halvminuttet seinare. Uavgjort til pause var eit greit resultat.

I 2. omgang var Hareid det førande laget og kom seg til eit par sjansar før Norborg fekk frispark nokre meter inne på Hareid sin halvdel ute til høgre. Hans Edvard Nordang la ein hard ball inn i feltet der Kristoffer Søviknes steig til vers og heada ballen knallhardt i nota frå 6 meter til 2-1. Etter dette vart det ein forsvarskamp for Norborg og spesielt i det siste kvarteret fekk Hareid 4-5 gode sjansar, men stod ikkje Elling Mikal Kalvø i vegen så stod stolpen der til Norborg si hjelp. Dermed kunne Norborg juble for tre poeng.

Med 3-4 særs gode redningar kårer vi Elling Mikal Kalvø til heimelaget sin beste spelar med Kristoffer Søviknes som ein god nummer to.

Sidan ingen av laga bak på tabellen vann, har Norborg ei luke på sju poeng tre runder før slutt. Ein kan likevel ikkje senke skuldrane. I neste veke står ein særs viktig kamp mot Ørsta for tur. Siger i den og målet om ståplass er gjennomført.

Laget: Elling Mikal Kalvø – Jan Tore Fjørtoft, Tor Abelseth (Jonas Austnes, 46), Hans Edvard Nordang, Nikolai Jensen – Ole Johan Urke (Kristian Søviknes, 74), Marius Austnes, Tarjei Gjerset Urkedal, Øyvind Sundnes – Kristoffer Søviknes, Magnus Austbø Seth (Steffen Grytten, 86).


Elling Mikal Kalvø vart kalla inn som keeper og gjorde sine saker særs godt i sin A-kamp nr. 222. Den første som keeper.