Norborg – Emblem 4-6

Norborg – Emblem 4-6 (1-4)
Uggedal kgb, 13.10.2016

Sjansar: 8-11
Cornere: 4-5

0-1 Robin Diallo (5)
0-2 Eivind Løvoll (9)
0-3 Thomas Seth Gjøsund (11)
0-4 Thomas Seth Gjøsund (17)
1-4 Pedro Silva (31)
2-4 Jonas Austnes (51)
2-5 Thomas Seth Gjøsund (69)
2-6 Sander Tørlen (71)
3-6 Steffen Grytten (82)
4-6 Magnus Austbø Seth (86)

Det vart ein særs målrik kamp under praktfulle speletilhøve i Uggedalen. Norborg var dei som trengte poenga mest, men det var Emblem som ville mest frå start av. Fire gongar låg ballen i nota før Norborg vakna og starta å pynte på resultatet.

Norborg hang ikkje med i det heile tatt på Emblem sitt opningstempo og låg altså under 0-4 før det var spelt 20 minutt. Robin Diallo laga 0-1 då han sprang frå heimeforsvaret, runda keeper og sette ballen sikkert i nota. Eivind Løvoll dobla med eit presist skot frå 10 meter etter innlegg frå høgre. Thomas Gjøsund heada eit frispark i mål på bakre stolpe, medan han putta sitt andre då han fekk stå heilt åleine på 10 meter midt framfor mål. 0-4, og det kunne faktisk ha vore meir om ikkje Hans Edvard Nordang ha redda på strek.

Dei fleste såg føre seg eit stortap, men Norborg jobba seg inn i kampen, skapte eit par sjansar med Magnus Seth og Pedro Silva, og fekk litt meir tru på eigne ferdigheite. Halvtimen spelt kom også første redusering då Fredrik Krogsæter fann Pedro Silva med eit langt oppspel. Silva vippa ballen over keeper, tek den igjen og sette den sikkert i nota til 1-4. Noko som stod seg til pause.

I 2. omgang var Norborg nær ved å skape spenning i kampen då først Jonas Austnes heada inn eit hjørnespark frå Fredrik Krogsæter dryge fem minutt ut i omgangen. Like etter var Pedro Silva centimeter frå å lage ei ny redusering då han fyrte av frå 17 meter, men keeper fekk fista ballen opp i tverrliggjar og ut.

I staden for ny spenning punkterer Emblem kampen med to raske mål rundt det 70. minutt. Først stussa Thomas Gjøsund inn ein corner, før Norborg er maksimalt uheldige då ei heading treff bakhovudet til ein Emblem-spelar og sprett til Sander Tørlen, som fintar seg innover i bana og sette ballen i nota frå 14 meter. Kampen var då i realiteten avgjort, men det hindra ikkje Norborg i å redusere to gongar. Steffen Grytten heada inn 3-6 etter eit frispark frå Hans Edvard Nordang før Magnus Austbø Seth heada inn nok eit frispark frå Nordang. På overtid var Fredrik Krogsæter nær ved å redusere, men skotet hans gjekk i krysset og ut.

Emblem vinn sjølvsagt fortent sjølv om dei berre viser seg fram i tjue minutt. Det var diverre nok til å avgjere kampen mot eit Norborg-lag som snart må vere vakne frå start.

Neste kamp er borte mot Godøy torsdag 20. oktober kl. 1830.

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Søviknes (Fredrik Krogsæter, 20), Jonas Austnes, Hans Edvard Nordang, Nikolai Jensen – Ole Johan Urke (Marius Austnes, 20), Tarjei Urkedal (Steffen Grytten, 76), Christian Sæther, Magnus Austbø Seth (Per-Stian Alvestad, 46) – Pedro Silva, Øyvind Sundnes (Seth, 72).

Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal)
Assistentar: Kristian Melseth (Sykkylven) og Mariell Naustdal (Ravn)


Jonas Austnes scora sitt første mål for Norborg sitt A-lag då han reduserte til 2-4.