Hareid – Norborg 0-1

Hareid – Norborg 0-1 (0-0)
Hareid stadion, 02.06.2016

Sjansar: 5-5
Cornere: 4-6

0-1 Kristian Søviknes (57)

Ei frisparkperle av Kristian Søviknes var skilnaden på laga i ein alt anna enn velspelt kamp på Hareid stadion. Begge lag sleit med presisjon og balltempo, men underlaget får ta noko av skylda for det. Med to gode forsvar så var det heller ikkje noko overrasking at det måtte ein dødball til for å få eit mål. Norborg passerte tre lag på tabellen og er no på 8. plass.

Norborg reiste til Hareid med fornya sjølvtillit etter sigeren over Valder sist veke. Norborg tok også tak i kampen frå start og la trykk på vertane dei første minutta, men kom ikkje nærmare enn ei heading over mål av Kristoffer Søviknes etter ein corner av Ole Johan Urke.

Etter gode opningsminutt jamna kampen seg ut og vi fekk for det meste sjå lange ballar og mange duellar. Den kortklipte, ujamne og tørre grasbana innbydde ikkje til spel langs bakken. Begge forsvar hadde god kontroll og vi fekk ein sjansefattig omgang. 0-0 var dermed greitt etter 2-2 i sjansar.

Norborg opna også 2. omgang best og Ole-Kristian Aarseth kom seg til ein god sjanse då han rykte forbi eit par mann og kom seg inn i 16 meteren, men avslutninga var for svak og skapte ingen problem for keeper. Kampens høgdepunkt og avgjersle kom 12 minutt ut i omgangen då Kristian Søviknes smokka eit frispark frå 20 meter i nota oppe ved vinkelen. Alt i alt ei fortent leiing til Norborg.

Norborg la seg etter dette lågare i bana og la også om frå 4-4-2 til 4-5-1. Ein hadde god defensiv kontroll mot eit heimelag som sleit med å halde oppe tempo på ball. Ein stor sjanse skulle likevel heimelaget få, men Ola Kalvø Vattøy sette ballen like utanfor stolpen. Sjølv om Hareid pressa på det siste kvarteret så var Norborg nærmast mål då Magnus Austbø Seth fekk avslutta etter ein corner, men ein Hareid-spelar stod ved stolpen å redda.

Med 6 poeng på dei to siste kampane har Norborg klatra til 8. plass på tabellen. Laget har fått inn meir rutine, har betre struktur og duellviljen er langt større enn tidlegare i sesongen. Best på Norborg  i denne kampen var stopparane Hans Edvard Nordang og Tor Abelseth. Skryt også til midtbaneduoen Steffen Grytten og Marius Austnes. Ikkje alltid så kjekt å spele midtbane i ein “hent-i-hei” kamp, men dei jobba utretteleg.

Neste kamp er heime mot Ørsta torsdag 9. juni.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes (Nikolai Jensen, 64), Tor Abelseth, Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft – Ole Johan Urke (Fredrik Krogsæter, 71), Steffen Grytten, Marius Austnes (Pedro Silva, 82), Ole-Kristian Aarseth –  Kristoffer Søviknes, Magnus Austbø Seth.