Emblem – Norborg 0-2

Emblem – Norborg 0-2 (0-1)
Emblem stadion, 16.06.2016

Sjansar: 7-3
Cornere: ca. 10-5

0-1 Hans Edvard Nordang (31)
0-2 Ole-Kristian Aarseth (90)

Hans Edvard Nordang og Ole-Kristian Aarseth sørga for måla då Norborg tok sin første bortesiger over Emblem sidan 15. juni 1980. Norborg gjekk ut i 4-5-1 og låg lavt heile kampen igjennom. Etter ein sjansefattig halvtime fekk Norborg frispark på 35 meter. Hans Edvard Nordang måka ballen høgt over mål, men dommaren blåste i det han fyrte av fordi ein Emblem-spelar sparka ned Marius Austnes fordi han følte seg provosert. Emblem-spelaren vart vist det raude kortet og Nordang fekk ta frisparket på nytt. Siktet var då innstilt og ballen fauk i mål oppe ved vinkelen.

Trass ein mann meir var Norborg ikkje interessert i å vike frå sin defensive taktikk. Emblem styrte dermed kampen og fekk til slutt nokre store sjansar til å utlikne, men som regel stod Norborg sin bestemann Ronald Søvik Olsen i vegen. Unnataket var då Tor Abelseth redda på strek. I det uret passerte 90 minutt kontra Norborg 3 mot 2. Pedro Silva spelte til Ole-Kristian Aarseth, som tok med seg ballen innover i bana, tok ei skotfinte og klinka så ballen i nota oppe ved vinkelen. 0-2, og kampen var avgjort. Etter å ha rota bort 6 poeng mot det som før denne runda var botnlaga, kan dette seiast å vere tre bonuspoeng. Norborg står no med 3-1-0 og 7-2 på dei 4 siste. Ein har dermed krabba seg opp på ein 7. plass.

– Dette var utruleg artig. Gutane jobba steinhardt defensivt. Vi hadde nokre marginar på vår side, men det fortente gutane no, sa trenar Oddmund Davik Otterlei.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Kristian Søviknes, Tor Abelseth (Jonas Austnes, 90), Hans Edvard Nordang (Pedro Silva, 82), Jan Tore Fjørtoft – Ole Johan Urke (Fredrik Krogsæter, 61), Marius Austnes (Tarjei Urkedal, 65), Christian Sæther, Steffen Grytten (Joakim Roald, 90), Ole-Kristian Aarseth – Kristoffer Søviknes.