Vartdal – Norborg 1-6

Vartdal – Norborg 1-6 (0-2)
Vartdal stadion, 13.08.2015

Sjansar: 3-12
Cornere: 1-8
Avslutningar på mål: 3-13
Avslutningar utanfor: 3-9

0-1 Mathias Fjørtoft (39)
0-2 Ole-Kristian Aarseth (43)
1-2 Anders Vartdal (52)
1-3 Kristoffer Søviknes (53)
1-4 Kristoffer Søviknes (63)
1-5 Øyvind Sundnes (75)
1-6 Øyvind Sundnes (80)

Norborg sine spisser har slete med målforma i vår, men når haustjakta starta i kveld var dei endeleg innstilt. Det tok likevel nesten ein omgang før ein fekk hol på byllen. Norborg hadde i denne perioden mykje ball og lange angrep, men Vartdal tetta godt igjen framfor eige mål. Det måtte då eit skot i frå 40 meter til for å få leiarmålet. Mathias Fjørtoft klinka til og ballen dala mot mål og gjekk tverrliggar inn bak ein forfjamsa keeper. Like etter fekk sjå eit perfekt oppspel frå Nordang til Aakre og eit like perfekt innlegg til Aarseth som heada kontant i nota. Dermed ei fortent leiing til pause. Vartdal fekk få minutt ut i 2. omgang Holsæker utvist, og sjølv om vertane reduserte til 1-2 var Norborg sin siger aldri trua. Kristoffer Søviknes og Øyvind Sundnes scora to mål kvar og sørga for tennisiffer.

En fin start på høstsesongen! Bunnsolid! Vi ser igjen mye av det vi har trent på under oppkjøringen, det gleder! Noe annet som gledet meg var også at spissene stod for 5 av de 6 måla vi skåret. Vi slipper til flere gutte- og juniorspillere som får verdifull matching på dette nivået. Gleder meg til fortsettelsen, sa Stig Johansen etter kampen.

Det er alltid litt spent stemning før første kamp etter sommarferien sidan ein del tek seg heilt fotballfri i nokre veke. Vartdal leverte gode resultat på Sæbø Cup, medan Norborg hadde banka Skodje i sin siste test. For Norborg sin del så skulle det vise seg at det var ingen grunn til bekymring. Det var kort fortalt divisjonsforskjell mellom laga.

Norborg tok umiddelbart tak i kampen og hadde mykje ball mot eit defensivt heimelag. Det var likevel Vartdal som kom seg til den første sjansen, men avslutninga gjekk langt over. Den humpete bana må nok ta sin del av skulda for denne avslutninga. Norborg fortsette å male på, men trass mange innlegg så greidde ein sjeldan å sette heimelaget sin keeper på dei store prøvene.

Utover omgangen verka Vartdal meir og meir slitne og Norborg fekk større rom. I det 38. minutt burde Norborg tatt leiinga då Kristian Søviknes spelte ein ball i bakrom til Ole-Kristian Aarseth, men åleine med keeper var han for nølande og avslutta rett på keeper. Minuttet seinare fekk Norborg hol på byllen då Vartdal klarerte ein corner ut på midtbana. Der stod Mathias Fjørtoft som klinka til. Ballen gjekk i fin boge og dalte tverrliggar inn borte ved krysset. Vakkert! Norborg fortsette å trykke på og to minutt før pause mottok Daniel Aakre eit fint oppspel frå Hans Edvard Nordang ute på høgrekanten. Aakre rykte forbi backen og la perfekt inn til Ole-Kristian Aarseth som heada kontant i nota. 0-2, og Norborg gjekk nøgd til pause i ein omgang ein hadde mykje ball mot eit heimelag som forsøkte å parkere bussen.

Få minutt ut i 2. omgang fekk Kennet Holsæker sitt andre gule kort og gjorde det endå vanskelegare for heimelaget. Likevel, med ein mann mindre greidde Vartdal å redusere til 1-2 då eit passivt Norborg-forsvar let Anders Vartdal få skyte stolpe inn frå 16 meteren. Spenning i kampen vart det likevel ikkje. Norborg kvitterte raskt då Kristoffer Søviknes stussa inn 1-3 etter legg frå 4. divisjonsdebutant Fredrik Krogsæter. Ti minutt seinare var Søviknes på rett plass igjen og stupte inn 1-4 etter ein retur frå eit skot av Mathias Fjørtoft.

Få minutt seinare vart Søviknes erstatta av Øyvind Sundnes. Han har som Søviknes også slete overraskande mykje med å få ballen i mål denne sesongen, men på få minutt auka han Norborg si leiing til 1-5 og 1-6. Begge etter innlegg av Kristian Søviknes. Først på ei fin heading, så etter ein retur frå keeper etter at Søviknes sitt legg fekk ein valdsam skru og haldt på å snike seg inn oppe ved lengste kryss.

Vartdal sin keeper var nok ikkje heldig på eit par av måla, men i siste speleminutt varta han opp med ei meisterleg redning då Nikolai Jensen fyrte av frå 15 meter. Synd for 16-åringen Nikolai at keeper plutseleg skulle framstå som Gianluigi Buffon i denne situasjonen.

Samtlege Norborg-spelarar kan seie seg nøgde med innsatsen sin, men motstanden var svak og ein må opp endå eit hakk når FK Sykkylven kjem på besøk torsdag 20. august kl. 1830.

Laget: Geir Roar Gamlem (Børt Tore Marthinussen, 81) – Jan Tore Fjørtoft (Kristian Søviknes, 71), Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Henning Koppen (Per-Stian Alvestad, 81) – Kristian Søviknes (Fredrik Krogsæter, 42), Tarjei Urkedal (Ole Johan Urke, 68), Mathias Fjørtoft, Øyvind Sundnes (Daniel Aakre, 35) – Ole-Kristian Aarseth (Nikolai Jensen, 75), Kristoffer Søviknes (Sundnes, 68).

Dommar: Henrik Sunde (MSIL)
Assistentar: Jan Erik Myklebust (Åmdal) og Henning Skjeret (Volda)

Ingen vanskeleg kamp å dømme, men vi synst at dommar Sunde med sine assistentar gjorde ein god kamp. Flagg med signal hadde dei også. Positivt.