Norborg – Vartdal 4-1

Norborg – Vartdal 4-1 (1-0)
Uggedal KGB, 16.04.2015

Sjansar: 12-5
Cornere: 9-4

1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (15)
2-0 Henning Koppen (72)
3-0 Ole Johan Urke (79)
3-1 Alexander Woldsund (83)
4-1 Hans Edvard Nordang (86)

Norborg var best i det meste, men sluttproduktet i det ein gjorde dei første sytti var for svakt. Det førte til at Vartdal lenge hadde håp om poeng, men på slutten av kampen fekk ein opp effektiviteten og tok ein klar siger. Den 350 seriesigeren sidan 1968.

Trenar Stig Johansen sa dette etter kampen; – Jeg er fornøyd med serieåpningen. Det er alltid vanskelig å møte nyopprykka lag så tidlig i sesongen, de kommer med lave skuldre og spiller uten press. Vartdal hang bra med så lenge kreftene holdt. Vi har stort sett god kontroll defensivt og skaper mye offensivt. Vi får i gang mange spillere, har fire forskjellige målskårere og unngår skader. Vi gleder oss til fortsettelsen.

Norborg starta kampen bra og la umiddelbart eit trykk på gjestane, men innlegga og sistepasninga var lite presise. Mange driblingar og jåleri øydela også rytma i angrepet. I ein totalt litt keisam omgang gjekk Norborg til pause med 1-0 etter at Tarjei Urkedal fekk pirka ballen over streken før ein Vartdal-forsvarar beina ballen ut. Ein vaken dommersjef Øyvind Kringstad på linja fekk med seg at ballen var inne utan hjelp av teknologi.  Målet kom etter fint forarbeid av Kristoffer Hildrestrand som fann navnebror Søviknes i bakrom. Keeper fekk fingrane på Søviknes sitt skot, men berre for at Urkedal fekk sette sitt mål nummer 212 i karrieren. Han er no eitt bak Kim Idar Krogsethagen. Totalt telte vi 3-1 i sjansar til Norborg i 1. omgang.

 

Vartdal skapte den siste sjansen i 1. omgang og skapte også den første etter pause då Norborg ikkje greidde å klarere eit frisparkoppspel. To gongar fekk Vartdal avslutte, men ballen ville ikkje inn. Kenneth Holsæker fekk også ein sjanse til å score nokre minutt seinare før Norborg sette inn eit voldsamt trykk med sjansebonansa. Men så var det dette med å sette sjansane. Effektiviteten var svak heilt til Henning Koppen heada eit innlegg frå Jan Tore Fjørtoft i mål. 2-0, og Norborg fekk roa nervane. Få minutt seinare punkterer Ole Johan Urke kampen då han klinka inn eit innlegg frå Daniel Aakre.

Alexander Woldsund sørga for eit trøystemål for gjestane før Hans Edvard Nordang sette ballen i mål frå 18 meter etter pasning frå Øyvind Sundnes. Det vart til slutt ein komfortabel siger i serieopninga, men konsentrasjonen framfor kassa må opp fleire hakk i neste kamp når ein tek turen til Ikornnes for å møte FK Sykkylven. Då kan ein bli hardare straffa for å ikkje punktere kampen tidlegare.

Kva med Vartdal? Dei møtte denne gong ein motstandar som både var fysisk sterkare, jamt over betre teknisk og er vande med eit høgare tempo i spelet. Det kom meir og meir til syne utover kampen, men dei skapte sine sjansar og kunne satt større nerve i heimelaget om dei hadde fått utteljing på sine sjansar på stillinga 1-0. Poeng blir det utover sesongen.

Vanskeleg å plukke ut nokon spesielle på Norborg i dag. Forsvarsrekka var stødig og Mathias Fjørtoft trygg sentralt på midten. Innsatsen var upåklageleg i årets serieopning.

Laget: Geir Roar Gamlem (Ronald Søvik Olsen, 86) – Jan Tore Fjørtoft (Kristian Søviknes, 85), Henning Koppen, Elling Mikal Kalvø, Christian Sæther (Martin Gjerde, 85) – Steffen Grytten (Daniel Aakre, 63), Mathias Fjørtoft – Kristoffer Hildrestrand (Ole Johan Urke, 46), Hans Edvard Nordang (Øyvind Sundnes, 46), Tarjei Urkedal (Joakim Roald, 85) – Kristoffer Søviknes (H.E. Nordang, 80).