Norborg – Stranda 10-0

Norborg – Stranda 10-0 (6-0)
Uggedal KGB, 15.04.2014

Sjansar: 17-3
Cornere: 6-4

1-0 Ole-Kristian Aarseth (43 sekund)
2-0 Ole Johan Urke (19)
3-0 Elling Mikal Kalvø (24)
4-0 Tarjei Gjerset Urkedal (25)
5-0 Øyvind Sundnes (26)
6-0 Ole Johan Urke (38)
7-0 Kristoffer Søviknes (56)
8-0 Knut Øyvind Grytten (71)
9-0 Kristoffer Søviknes (75)
10-0 Ådne Hellandsvik (90)

Ungdomen starta og avslutta Norborg sin storsiger over 4. divisjonslaget Stranda. 43 sekund brukte snart 17 år gamle Ole-Kristian Aarseth på å sette inn 1-0, medan snart 16 år gamle Ådne Hellandsvik avslutta målorgien i sluttminuttet. I mellomtida fekk vi sjå mange flotte angrep og mål av eit leikent heimelag mot eit lite organisert bortelag.
Norborg fekk nedslåande nyheiter i kveld då Mathias Fjørtoft kom frå undersøkelse med melding om at han blir ute i ca. 4 veker med ein leddbandsskade. Joakim Roald fekk dermed oppgåva som Tarjei Urkedal sin makker på sentral midtbane. Ei utfordring han tok på strak arm.

Som resultatet tilseie så var Norborg klart betre enn sin motstandar i kveld. Vi begynte utover i kampen å lure på om dette var Stranda sitt B-lag, men det skal likevel ha vore A-laget minus eit par mann. Visst det er tilfelle så er vi bekymra på Stranda sine vegne. For bortsett frå spelar nr. 8 sine prestasjonar i 1. omgang, så fann vi i grunn ingen lyspunkt.

Norborg spelte variert angrepsfotball i kveld og trenar Oddmund Davik Otterlei var nøgd med å sjå at det ein har øvd på også vart vist i kamp. Effektiviteten kan han heller ikkje klage på sidan den var på over 50%.

Slik kom måla:
1-0: Norborg gjekk rett i strupa på Stranda. Ole-Kristian Aarseth, som er medlem av Stranda IL si alpingruppe, gjor alt riktig då han sette ballen opp i nettaket frå 7-8 meter etter eit flott angrep på venstresida av Ole Marius Otterlei og Ole Johan Urke.

2-0: Ole Johan Urke sette eit frispark frå 20 meter i mål via stolpen.

3-0: Elling Mikal Kalvø header inn ein corner frå Ole Marius Otterlei.

4-0: Tarjei Urkedal sklir inn 4-0 etter eit angrep på høgresida av Ole-Kristian Aarseth og Daniel Aakre.

5-0: Øyvind Sundnes aukar leiinga på eit utagbart skot frå 10-12 meter.

6-0: Flott opprulling av Norborg der Ole Johan Urke til slutt sette ballen fint inne ved lengste stolpe.

7-0: Kristoffer Søviknes spelt fri og scorer åleine med keeper frå litt utanfor kanten av 5-meteren.

8-0: Knut Øyvind Grytten putter enkelt inn 8-0 etter Ole-Kristian Aarseth-show på høgrekanten. Dette er Knut Øyvind sitt første mål for Norborg sitt A-lag.

9-0: Kristoffer Søviknes header i mål eit innlegg frå Ole Marius Otterlei.

10-0: Ådne Hellandsvik scorer åleine med keeper etter ein ball i bakrom av Kristoffer Søviknes. Dette er gutespelaren sitt første a-lagsmål i sin 3. kamp.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Børt Tore Marthinussen, 82) – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang (Kjell Terje Brusdal, 65), Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Knut Øyvind Grytten, 65), Tarjei Urkedal, Joakim Roald (Kristian Søviknes, 65), Ole-Kristian Aarseth – Øyvind Sundnes (Ådne Hellandsvik, 72), Kristoffer Søviknes.