Valder – Norborg 5-2

Valder – Norborg 5-2 (4-1)
Valdervoll KGB, 29.08.13

Sjansar: 11-6
Cornere: 5-4

1-0 Mathias Dyb (8)
2-0 Henrik Hole Oksnes (10)
3-0 Henrik Hole Oksnes (16)
3-1 Kristoffer Søviknes (24)
4-1 Henrik Hole Oksnes (43)
5-1 Ulrik Holm (60)
5-2 Daniel Aakre (76)

Norborg har aldri vunne på Valder si kunstgrasbane og fekk det tøft også i kveld. Valder viste ein ekstrem effektivitet før pause å scora på alt dei hadde av sjansar i ein ganske jamn omgang. Kampen var dermed i realiteten punktert med 4-1 til pause. I 2. omgang gjekk Norborg opp i liminga, men heldigvis starta då Valder å vise menneskelege takter framfor mål.

Norborg kom best i gong mot eit sløvt heimelag, men greidde ikkje å skape dei store sjansane. 8 minutt ut i kampen kom Valder på sin første visitt. Mathias Dyb forfølgjer eit oppspel, meier ned Daniel Aakre bakfrå, tek ballen og plasserer den mellom beina på keeper og i mål. Utruleg nok blir det ikkje dømt frispark for overfallet på Aakre. Valder har dermed fått kampen inn i sitt spor med klar dommarhjelp.

Norborg ramla no totalt saman og berre to minutt seinare aukar Henrik Hole Oksnes til 2-0 etter ein corner som først vart klarert på strek før Oksnes får satt ballen i nota. Nokre minutt seinare sette Oksnes inn sitt andre og Valder sitt tredje på like mange sjansar. Norborg gav likevel ikkje opp, men sleit kraftig med det uvande banedekket på Valdervoll. Kristoffer Søviknes starta å kome meir til sin rett og på sin andre sjanse reduserte han til 3-1 etter eit innlegg av Ole Johan Urke.

Omgangen er prega av svakt spel av begge lag, men to minutt før pause utnyttar Oksnes ei svak demping og klinkar ballen i mål frå ei tjue meter. Norborg hadde ein sjanse til å redusere like før pause, men Kristoffer Søviknes si heading gjekk rett på Valder sin keeper.

Det var ingen typisk 4-1 omgang i ein omgang prega av svakt tempo og mange ballmiss.

Valder viste høg effektivitet før pause og eit kvarter ut i 2. omgang scora dei sitt femte mål på sin femte sjanse då Ulrik Holm fekk spasere inn i 16 meteren og plassere ballen fint i mål. Nokre minutt seinare vart Norborg snytt for straffespark då ein Valder-spelar stod på strek å redda med handa etter ein corner. Valder var best etter pause og berre ein opplagt keeper Ronald Søvik Olsen og snille stolpar hindra fleire mål til heimelaget.

Norborg hadde ikkje så veldig mykje å by på, men fekk ei redusering då forsvarsspelar Daniel Aakre eit kvarter før slutt vart sendt fram som spiss og kvitterte med mål sekunder seinare då han vidareformidla eit innlegg av Ole-Kristian Aarseth i mål. På slutten vart Norborg snytt for eit nytt straffespark då Kristoffer Søviknes vart tydeleg haldt nede når han skulle gå opp på eit innlegg. Valder ropte også på straffe tidlegare i omgangen for hands, men dommar hadde tydeleg bestemt seg for å ikkje dele ut straffespark i denne kampen.

Dermed 5-2 siger til Valder. Dei var det beste laget, men mål pregar kampar og Mathias Dyb sitt 1-0 mål burde aldri ha vore godkjent. Likevel, vi skal ikkje legge skylda på dommaren for tapet, for fleire av norborgarane leverte ein svak kamp.

Norborg sin neste kamp er heime mot MSIL 5. september kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Kristian Søviknes (Ole Marius Otterlei, 75), Elling Mikal Kalvø (Erlend Coates, 40), Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Ole-Kristian Aarseth, 75), Mathias Fjørtoft, Christian Sæther (Adrian Håbet, 58), Tarjei Urkedal (Joakim Roald, 75) – Cato Longva (Preben Lorgen, 75), Kristoffer Søviknes.