Skodje – Norborg 3-3 (1-1)
Skodje KGB, 22.03.12
Sjansar: 6-9
Cornere: 4-11
0-1 Tarjei Urkedal (20)
1-1 Eirik Hjelvik (25)
1-2 Ole Johan Urke (54)
2-2 Johan Kjærstad (84)
3-2 Eivind Erstad (87)
3-3 Elling Mikal Kalvø (88)
Divisjonskollegaene Skodje og Norborg spelte 3-3 under fine tilhøve på Skodje KGB torsdag kveld. Kampen var rotete, men underhaldande med mange situasjonar i begge endar. Norborg hakket best den første timen, medan Skodje tok over mot slutten og snudde kampen frå 1-2 til 3-2. Gleda varte likevel ikkje lenge for skøyebygdarane då forsvarssjef Elling Mikal Kalvø tok turen fram i angrep å klinka ballen i nota frå 16 meter.
Norborg fekk tilbake sin viktige forsvarsspelar Elling Mikal Kalvø frå skade i høve kampen mot Brattvåg, men stod utan keeper då verken Geir Roar Gamlem, Joakim Kjerstad eller Kenneth Hånde kunne vere med. Ein glupt hovud, Kristian Søviknes, kom då på STX-keeper og skøyebygdar Jostein Valde. Responsen i telefonen var særs positiv og Jostein stilte sporty opp. Kjell Terje Brusdal og Hans Edvard Nordang slapp diverre ikkje fri frå jobb til denne kampen, men vår sentrale midtbane ved André Larsen og Bee vart heldigvis friskmeldt i tide til kampen.
Skodje hadde eit 3-8 tap å revansjere mot Norborg og starta kampen best. Allereie før minuttet var spelt utnyttar dei ei stygg feilpasning av Norborg på midten, ein stikkar vart slått i bakrom og Eivind Erstad utnyttar at Norborg-forsvaret såg ut som eit trekkspel og var igjennom åleine med keeper Valde, men frå skrått hald avslutta Erstad i nettveggen.
Norborg tok gradvis over kampen og fekk store rom på midtbana. Diverre var ikkje Norborg sine vingar heilt på hogget i denne kampen så ein fekk ikkje utnytta romma i den graden ein ville. Men, trioen Larsen, Søviknes og Urkedal var i vigør. Tarjei Urkedal fekk den første sjansen med ei heading frå 10 meter, men over. Urkedal får også sjanse nr. 2, men skuddet frå 12 meter vart slått til corner av keeper. På sin tredje sjanse lykkast endeleg Urkedal då han vidareformidla eit lavt legg frå André Larsen i mål. Fint forarbeid og god avslutning. 0-1, og fortent leiing. Like etter var Kristoffer Søviknes nær å dible leiinga etter at han vann ballen sjølv og fossa mot mål, men keeper redda til corner.
Så vaknar heimelaget igjen. Først ved eit dribleraid og skot over frå 16 meter av Eirik Tomren (?), så ut av ingenting, 1-1 ved Eirik Hjelvik på eit skot i frå 25 meter utakbart heilt nede ved stolperota. Norborg er nærmast leiing til pause etter skudd frå gode posisjonar av Alexander Eide og Tarjei Urkedal, men keeper Skarbø redda begge forsøka.
Med 3-6 i målsjansar og minst samme siffer i hjørnespark var Norborg det beste laget før pause. Ein hadde likevel mykje å gå på for fleire av spelarane hadde ikkje meldt seg på. Ein var også noko rufsete defensivt og enkle ballar vart slått bort. Det førte til ein del overgangar for Skodje, men ein spelesugen Elling Mikal Kalvø redda sine lagkameratar før det vart farleg.
Norborg gjorde nokre endringar i pausa. Steffen Grytten kom inn som stoppar, medan Kristian Søviknes vart flytta frå stoppar til sin meir vande venstrebackposisjon. Tarjei Urkedal gjekk ned som høgreving, medan Alexander Eide gjekk opp som spiss.
Norborg fortsette å vere best det første kvarteret av 2. omgang, og spesielt var høgresida ved Asgeir Kalvø og Tarjei Urkedal mykje involvert. Ti minutt ut i omgangen kom Kalvø fram frå sin back og inn i 16 meteren. Norborg hadde mange folk framfor mål, men Kalvø snubla og ballen gjekk ut over kortlinja. Medan norborgarane stod å tok seg frustrert til hovudet, stod dommar Alf Furland å peika på straffemerket. Ingen veit kva som skjedde, men Ole Johan Urke takka og bukka å sette ballen i mål. 1-2, fortent, men kanskje ikkje på denne måten.
Kampen jamna seg ut etter målet og det blir skapt lite framfor begge mål, men 17 minutt før slutt blir Kristoffer Søviknes spelt igjennom. Avslutninga er det diverre ikkje så mykje å skrive om.
Det siste kvarteret vaknar Skodje. Keeper Valde har stort sett hatt ein roleg dag, men måtte vise seg fram då ein Skodje-spelar kom seg fri frå venstre. Ti minutt etter får Skodje eit billeg frispark ute på høgresida. Eirik Hjelvik fann Johann Kjerstad sitt hovud og ballen gjekk i mål til 2-2. Tre minutt seinare er Norborg i angrep. Kristoffer Søviknes mottek ballen, men blir lagt i bakken. Liggande har han fortsatt kontroll på ballen og dommar ropar fordel. På veg opp blir ballen snappa i frå Søviknes og Skodje får kontre. Ballen blir slått til Emil Slettedal på venstrekant og hans innlegg fann Eivind Erstad som heada inn 3-2. Med 6-8 i sjansar og 3-2 i målprotokollen går Norborg mot eit surt tap.
Elling Mikal Kalvø hadde hatt ein god kamp i midtforsvaret. To minutt før slutt gjekk han fram i angrep og klinka ballen i mål på halvspretten frå 16 meter. Vakker og fortent utlikning.
Norborg styrer store delar av denne kampen, men er i år som i fjor ikkje kald nok framfor mål til å punktere kampar. Spesielt før pause burde ein hatt fleire mål. I 2. omgang fell prestasjonane gradvis og ein taper viktige duellar.
Skodje er nyopprykka og er venta å kjempe heilt i botnen. Likevel har dei eit godt lag med ei robust sentrallinje og raske vingar. Det viser at ingen av kampane i årets 4. divisjon blir lette.
To debutantar på Norborg i kveld. Ole Marius Otterlei kom inn og gjorde ein god figur på venstrekanten, medan Jostein Valde viste at dei eldste fortsatt er best på keeperplassen. Stor takk til Jostein som stilte sporty opp då Norborg var i beit for keeper.
Laget: Jostein Valde – Torgeir Garshol (Steffen Grytten, 46), Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Asgeir Kalvø – Ole Johan Urke (Ole Marius Otterlei, 60), André Larsen (Stian Myklebust, 68), Bee, Alexander Eide (O.J.Urke, 87) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes.
Dommar: Alf Furland (Rollon)