Norborg – Tomrefjord 5-3 (3-0)
Uggedal KGB, 30.03.12
Sjansar: 11-7
Cornere: 8-2
1-0 Kristoffer Søviknes (7)
2-0 Kristoffer Søviknes (22)
3-0 Kristoffer Søviknes (34)
4-0 Kristoffer Søviknes (60)
4-1 ? (66)
4-2 ? (76)
5-2 Adrian Håbet (80)
5-3 ? (83)
Med ein Kristoffer Søviknes i skikkeleg målform vann Norborg sin siste treningskamp for vinteren relativt komfortabelt 5-3 over Tomrefjord. Norborg spelte med vinden i 1. omgang og leia 3-0 etter tidvis fin fotball og hat-trick av Kristoffer Søviknes. Tomrefjord greidde ikkje å utnytte vinden i starten av 2. omgang, og Søviknes putta sitt fjerde for dagen etter eit kvarter. To raske mål av gjestane kunne ha skapt ei viss nerve, men då Adrian Håbet sette inn 5-2 ti minutt før slutt var det meste gjort. Tomrefjord fekk ein ekstrem medvind dei siste ti minutta og pynta på sluttresultatet til 5-3.
Forfalla til kampen tikka jamt og trutt inn til trenar Roger Grytten sin mobil i løpet av fredagen, og spesielt Bee fekk seg ei skikkeleg overrasking/utfordring då han fekk beskjed om å spele midtstoppar. Den tok han på strak arm og sette i gong mange fine angrep.
Norborg starta kampen med vinden i ryggen og valsa over stakkarslege romsdalingar. Pasningsspelet og rørsla stemte hjå eit Norborg-lag i spelehumør. Torgeir Garshol var nær ved å sende oransjetrøyene i føringa på ei heading før to minutt var spelt, medan André Larsen trefte stolpen berre minuttet seinare. På den tredje sjansen fekk så heimelaget uttelling, og for eit vakkert angrep. Etter litt balltrilling i eige forsvar vart Tomrefjord lokka fram på bana. Bee fann André på midtbana med ei lur pasning som sette halve Tomrefjord-laget ut av spel. André sendte ballen direkte i bakrom til Kristoffer Søviknes som iskaldt sette ballen i nota bak keeper.
Norborg fortsette å varte opp med flott fotball og både målscorar Søviknes og ein leiken Adrian Håbet hadde sjansen til å auke leiinga, men utan resultat. I staden kjem Tomrefjord seg litt meir med i kampen og keeper Kenneth Hånde måtte gjere si første redning 17 minutt ut i kampen då Norborg gjekk inn i ei lita dvale. Heldigvis vakna ein raskt til live igjen og ved halvspelt omgang fann ein offensiv venstreback Ole Marius Otterlei Kristoffer framfor mål med eit perfekt innlegg. Kristoffer gjorde ingen feil å heada ballen kontant i nota frå kloss hald. Kristoffer var verkeleg på hogget i denne kampen og fekk det også til å stemme framfor mål. Sitt tredje mål sette han inn åleine med keeper etter ein fin stikkar av Ole Marius. Like før pause burde Norborg ha auka til 4-0 då ein fekk straffe etter felling av Kristoffer. Diverre greidde ikkje Ole Johan Urke å overliste keeper. Dermed 3-0 til pause i ein omgang Norborg styrte frå start til slutt.
2. omgang vart som venta langt jamnare sidan Tomrefjord fekk spele i medvind. Likevel er det Norborg og Kristoffer som aukar til 4-0 då han enkelt breidsidar ballen i mål etter flott forarbeid av Ole Johan Urke. Norborg dabba etter dette av og starta å gjere enkle feil. Tomrefjord kontra først inn 4-1 redusering før dei utnytta ei feilpasning i Norborg-forsvaret og sette inn 4-2 med eit skot i lengste. Det kunne då ha spredd seg uro i Norborg-laget, men i staden legg Adrian Håbet på til 5-2 åleine med keeper. Sluttminutta vart spelt i snøstorm og Tomrefjord fekk pynte på resultatet etter ei kontring.
Ei god gjennomkjøring for Norborg sjølv om vinden øydelagde ein del. Spelarane jobba hardt og spelte fin fotball i 2/3 av kampen mot Tomrefjord sitt unge 4. divisjonslag. Kristoffer Søviknes kosa seg på topp og fekk mange ballar å jobbe med av ei kreativ venstreside med dei to Ole-ane og sentralmidtbana med André og Adrian, som igjen vart fora av det interessante midtstopparfenomenet Bee. Eit spel som varma i det triste veret på Uggedal KGB denne fredagskvelden.
Laget: Kenneth Hånde – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Bee, Torgeir Garshol – Ole Johan Urke, André Larsen, Adrian Håbet, Johan Stavik (Trym Nyland, 46) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes.
Dommar: Alf Furland (Rollon)
Assistentar: Odd Arne Grande (Skodje) og Arnt Ove Tenfjord (Ravn)