Norborg – MSIL 1-2 (0-0)
Uggedal stadion, 09.08.12
Sjansar: 4-10
Cornere: 12-9
1-0 Kristoffer Søviknes (49)
1-1 Marius Brækkan (76)
1-2 Marius Brækkan (88)
Etter jamspelte 45 starta Norborg 2. omgang best og tok leiinga då eit frispark frå André Larsen fann Kristoffer Søviknes sitt hovud. MSIL tok gradvis over kampen og utlikna eit kvarter før slutt. Norborg var slitne og MSIL produserte sjanse på sjanse og avgjorde til slutt kampen på ei kontring. Ein ok 1. omgang og ein elendig 2. omgang gav eit fortent tap.
Det einaste positive ved sidan av at keeper Joakim Kjærstad stod strålande, var at MSIL ikkje ville utsette kampen til fredag og at vi dermed slapp å bruke tid og penger på å reise til CLS for å sjå AaFK tape, og at når ein først gjorde ein elendig heimekamp, så var oppmøtet på tribuna dårlegare enn i treningskampar på svartaste vinteren. For det meste gjekk på tverke for Norborg denne torsdagen. Først kom det forfall frå Ole Marius Otterlei og Alexander Eide. Sidan Tarjei Urkedal og Ole Johan Urke allereie var borte, så førte dette til ein syltynn tropp og ein litt ubalansert 11-ar. Når vi kom på stadion, hadde banemerkinga regna bort og ramma på det eine målet blitt øydelagt. Det vart dermed hektisk aktivitet før kampstart og det heile likna meir på ein 6. divisjonsstadion. Eit par timar seinare så kan vi vel slå fast at det gjorde sjølve fotballen til heimelaget også.
MSIL kjenner til Norborg sine styrker og svakheiter og opptrådte taktisk lurt. Det gav ein særs keisam 1. omgang med få klare sjansar. Ikkje før mot slutten av omgangen fann vi det bryet verdt å notere noko på blokka. Først er det MSIL som reddar på strek etter eit skot av Edward Laverton, så er det Norborg som reddar på strek etter ein corner. 0-0 til pause var eit greit resultat.
Norborg gjekk hardt ut etter pause og Kristoffer Søviknes kom seg til to store sjansar i opningsminutta. Keeper Håkon Eikrem redda den første sjansen, men minuttet etter har han ingen sjanse då André Larsen sitt frispark fann hovudet til Kristoffer.
Etter leiarmålet tok MSIL gradvis over initiativet og kjem seg til 3-4 gode sjansar dei neste 15-20 minutta. Midtbana til Norborg vart for baktung og dei to på sentral fekk det særs vanskeleg med to breie vingar. MSIL fekk dermed store rom å boltre seg i. Men, eit kvarter før slutt er Norborg særs nær 2-0 då Christian Sæther sin corner fann hovudet til Kristian Søviknes på 5 meter, men ballen gjekk 5 centimeter over tverrliggjar. I angrepet etter utliknar MSIL til 1-1 etter at ei heading frå Marius Brækkan går i mål via stolpen.
Norborg vaknar litt etter utlikninga og setter MSIL under press dei neste minutta før ein mister fullstendig grepet og opptrer som hovudlause høns. 6 gongar er MSIL så og seie åleine med keeper Joakim Kjærstad og Norborg skal vere glade for at han berre kapitulerte ein gong. For to minutt før slutt mister Norborg ballen midt inne på MSIL sin halvdel og blir kontra i senk før Marius Brækkan sette inn sitt og MSIL sitt andre mål. Norborg hadde ikkje noko å svare med og MSIL tok ein fortent siger etter ein vel gjennomført taktisk kamp.
Vi kan sikkert skrive ei 30 siders avhandling om kva Norborg gjor feil i denne kampen, men nøyer oss med å kåre Joakim Kjærstad til Norborg sin beste spelar og ønske lykke til i neste kamp.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Asgeir Kalvø – Skjalg Volstad, Christian Sæther, André Larsen (Torgeir Garshol, 81), Adrian Håbet – Edward Laverton (Hans Edvard Nordang, 86), Kristoffer Søviknes.