Norborg – FK Sykkylven 3-2 (1-0)
Uggedal stadion, 24.05.12
Sjansar: 5-9
Cornere: 2-4
1-0 Kristoffer Søviknes (22)
1-1 Kenneth Carlsen (47)
2-1 Ole Johan Urke (49)
2-2 Damian Cruz (str. 50)
3-2 Kristoffer Søviknes (70)
Norborg hadde marginane med seg då ein tok sin fjerde strake heimesiger for året. Det var nemleg bortelaget som hadde ballen mest og produserte dei fleste sjansane, men Norborg har spisskompetanse og sikra tre poeng og tabelltopp etter to mål av Kristoffer Søviknes og eitt av Ole Johan Urke.
Eit par forfall for Norborg i høve sist kamp. Alexander Eide har vore småskadd dei siste vekene og valgte å stå over denne kampen for å bli frisk. Adrian Håbet har reist tilbake til England, men tilbake på laget var Kristoffer Søviknes, og han skulle vise seg å bli særs viktig.
Topp mot botn i Uggedalen i kveld, men Norborg frykta gjestane frå Sykkylven. Eit lag som spelar ein stil som Norborg ikkje trivst mot. Kampen bølgja fram og tilbake dei første tjue, med eit par halvsjansar til begge lag. Ved halvspelt omgang er det Norborg som får hol på byllen då André Larsen fann Kristoffer Søviknes framfor mål. Han fekk med seg ballen forbi keeper og sette den i tomt mål.
Etter målet tok gjestane kraftig over og produserte eit par store sjansar ved Damian Cruz, men ballen ville ikkje i mål. Norborg vart veldig baktunge, men var likevel nær å få 2-0 til pause då Kristoffer sprang frå forsvaret og var åleine med keeper, men Kristoffer valgte ei tidleg avslutning og sendte ballen utanfor mål.
Norborg gjekk til pause med 1-0 i ein omgang FK Sykkylven hadde det meste av trykket.
2. omgang starta forrykande. Dryge minuttet ut i omgangen klinka gode Kenneth Carlsen ballen i mål frå nær 25 meter. Ballen gjekk temmeleg midt på mål, men ein keeper Kjærstad såg ikkje utgangen av skotet og haurte berre susen av ballen. Norborg brukte berre to minutt på å igjen ta føringa då Ole Johan Urke sklir ballen i mål etter innlegg av Kristoffer Søviknes. Gleda varer ikkje lenge. FK Sykkylven går rett i angrep og keeper Kjærstad er uheldig og lager en unødvendig straffe nede ved kortlinja. Den rutinerte storscoraren Damian Cruz sette straffa sikkert i mål. 2-2, og tilskodarane har fått sett tre mål på fem minutt.
Kampen roa seg etter dette, men tjue minutt før slutt er Kristoffer igjen på farta og stangar inn eit innlegg frå André Larsen. Flott angrep av Norborg. Gjestane tok igjen over kampen og skapte tre store sjansar dei ti siste minutta. To sjansar vart satt høgt over mål frå god posisjon, medan keeper Joakim Kjærstad stod fram med ei glimrande refleksredning på ei heading fem minutt før slutt. På overtid skjedde det lite og Norborg drog i land ein 3-2 siger.
Som så ofte før i sesongen så hadde Norborg marginane med seg, medan FK Sykkylven måtte slite langt meir for å omsette sjansar i mål. Spelemessig så var gjestane klart best. Pasningane var sikrare og beina kjappare, og fortsette dei slik er det berre eit spørsmål om tid før dei begynne å vinne kampar og kjem seg vekk i frå botnstriden.
Uvurderlege Kristoffer Søviknes vart dagens Norborg-spelar. Han jobbar og slit på topp og var innblanda i alt Norborg skapte offensivt. To mål og ei målgivande vart det i dag. – Det er låkt, men godt, uttalte Kristoffer etter kampen.
Norborg står no med 16 poeng på 7 kampar og begynne å få ei god luke på botnlaga. Neste kamp er borte mot Ørsta torsdag 31. mai.
Laget: Joakim Kjærstad – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Asgeir Kalvø – Ole Johan Urke, André Larsen (Trym Nyland, 79), Christian P. Sæther, Tarjei Urkedal – Hans Edvard Nordang (Kristian Søviknes, 56), Kristoffer Søviknes.
Dommar: Sindre Eikrem (MSIL)
Assistentar: Norvald Lausund (Lepsøy) og Maren Kringstad (Valder)
7 kampar ut i årets sesong så må vi seie at dommarstanden i 4. divisjon gjer ein god jobb.
Kamphendingar:
13 min: Ole Marius legg inn til Tarjei som headar utanfor.
22 min: 1-0. André får lagt ballen framfor mål der Kristoffer er raskast, får den med seg forbi keeper og sette den i tomt mål.
23 min: Cruz vender opp på 16 meter og skyt, men midt på Joakim.
27 min: Cruz headar utanfor.
30 min: Frispark like utanfor 16 meteren. Cruz skyt midt i muren.
34 min: Lang ball i bakrom til Kristoffer som velge ei tidleg avslutning og skyt utanfor.
47 min: 1-1. Carlsen skyt i mål frå distanse.
49 min: 2-1. Urke sklir ballen i mål etter forarbeid av Kristoffer.
50 min. 2-2. Cruz sette inn straffe.
70 min: 3-2. Kristoffer header ballen i mål frå 5 meter etter innlegg av André.
80 min: Fure sende ballen over mål frå god posisjon.
83 min: Hanssen skyt over etter forarbeid av Aure.
85 min: Stor FKS sjanse då ein spelar får heade frå kloss hald. Joakim reagerer raskt og sender ballen over tverrliggjar.
95 min: Norborg kan sleppe jubelen laus.
Målscorarane Kristoffer Holmeset Søviknes og Ole Johan Øster Urke.