Norborg – Brattvåg 1-8 (0-2)
Uggedal KGB, 15.03.12
Sjansar: 6-16
0-1 Rickard Tomren (21)
0-2 Rickard Tomren (40)
0-3 Kristoffer Hildrestrand (47)
1-3 Tarjei Urkedal (58)
1-4 Eivind Gjerde (63)
1-5 Hildrestrand (66)
1-6 Årseth (68)
1-7 Thomas Aarsund (79)
1-8 Aarsund (90)
Norborg skulle eigentleg ha møtt divisjonskollega Valder i kveld, men vart i staden kasta rett i løvens gap, Brattvåg. Norborg angra kanskje på at ein takka ja til denne forespørselen, men ei god treningsøkt vart det i alle fall. Norborg gjekk defensivt ut og sjølv om Brattvåg skapte fleire store sjansar i første halvdel av 1. omgang vart det med eitt mål av Rickard Tomren etter dødball. I resten av omgangen skapte Brattvåg ikkje noko før Rickard Tomren dobla leiinga like før pause etter corner. Norborg skapte lite framover i denne omgangen, men fekk etterkvart orden på det defensive. Med tanke på at 3/4 av forsvarsrekka var borte fungerte ting greit.
Etter kvila ville ein forsøke å stå høgare på bana. Trass i at ein fekk 0-3 i sekken etter få minutt greidde ein å legge trykk på gjestane det neste kvarteret. Fleire store sjansar vart skapt, men berre Tarjei Urkedal fekk ballen i mål. Norborg hadde var nær 2-3, men då Eivind Gjerde smokka ballen i mål frå langt hald til 1-4, fall Norborg sine prestasjonar og innsats til eit lågpunkt. Brattvåg fekk score fleire enkle mål, men viste også flott kombinasjonsspel ved fleire høve. Alt i alt møtte Norborg i dag eit lag som befinn seg i ein annan fotballverden. Brattvåg har fått inn spennande spelarar og sjølv om ein mangla både Heggdal og Grønmyr, så var dette eit lag utan svake punkt og truleg det beste laget som nokon gong har spelt på Uggedal KGB. Norborg på si side har heldigvis noko å gå på sidan hverken Kalvøyingane eller Kjell Terje Brusdal var å finne i forsvaret i dag. Ein måtte også ty til fleire spelarar med minimalt treningsgrunnlag og ein Torgeir Garshol på penicillin. Han fekk for si eiga helses skyld avløysing av Kristian Furnes som eigentleg har lagt opp og var der som tilskodar. Elles kjekt å sjå Steffen Grytten og Martinus Grytten tilbake på bana. Vonleg kan dei vere med framover. Ein tidlegare SIF-spelar som kalla seg sjølv Junior, fekk sin debut etter at han var med Alexander Eide.
Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Søviknes, Hans Edvard Nordang, Jan Even Drønnesund, Torgeir Garshol (Kristian Furnes, 32) – Ole Johan Urke, André Larsen (Bee, 72), Bee (Steffen Grytten, 46), Alexander Eide (Martinus Grytten, 46) (Harley Junior da Rosa Silva, 68) – Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal.
Dommar: Bjarte Steinsbu
Assistentar: Arild Vegsund og Arve Toven.