Godøy – Norborg 5-2

Godøy – Norborg 5-2 (3-0)
Godøybana gras, 08.08.11

Sjansar: 10-7 / cornere: 3-7

1-0 Sjølvmål (35)
2-0 Erlend Holmen (42)
3-0 Jan Arild Austnes (str. 44)
4-0 Lars Kristian Austnes (53)
4-1 Hans Edvard Nordang (str. 67)
5-1 Jan Arild Austnes (str. 81)
5-2 Skjalg Volstad (88)

Raudt kort: Hans Edvard Nordang (Norborg, 83)

Godøy tok som vanleg tre poeng heime mot Norborg. Etter ein jamn og sjansefattig første halvtime tok heimelaget over kampen inn mot pause. Norborg gjorde i denne perioden mange personlege feil og Godøy var nådelause. Tre mål på ti minutt og kampen var i realiteten punktert. Etter pause kontrollerte Godøy inn til ein fortent siger.

Norborg vann berre ein av seks bortekampar før sommaren og greidde ikkje å pynte på denne statistikken i møtet med Godøy. Norborg hang godt med den første halvtimen då ingen av laga greidde å skape det heilt store framfor måla. Godøy starta etter kvart å presse Norborg stadig lenger bak på bana og ti minutt før pause får dei 1-0 då eit innlegg frå venstre gjekk via eit Norborg-bein før Cato Longva klarerte ballen i eige mål. Leiarmålet gav heimelaget enda meir blod på tann og tre minutt før pause aukar Erlend Holmen enkelt til 2-0 etter kommunikasjonssvikt i Norborg sine bakre ledd. Minuttet etter er Holmen på farta igjen. Han forfølgje ein ball i bakrom og vert felt av keeper like innafor straffefeltet. Keeper Kjæstad prøvde å stoppe taklinga si, men rutinerte Holmen gjekk i bakken. Dommar Tanstad kunne ikkje anna gjere enn å peike på straffemerket. Straffa sette Jan Arild Austnes sikkert i nota. 3-0, og Norborg går mot ein tøff 2. omgang.

Norborg sitt defensive spel fungerte ikkje og forplanta seg over resten av bana. Like etter pause gjer Lars Kristian Austnes 4-0 då han får vende opp innafor 16-meteren å prikke inn ballen ved lengste stolpe. Godøy trekker seg meir tilbake på bana og gjestane får styre spelet. Tarjei Urkedal er nær ved å redusere, men sender ballen over mål frå kloss hald. Nokre minutt seinare er det Elling Mikal Kalvø som vender fint opp innafor straffefeltet før han blir lagt i bakken av Ole Kristian Oterhals. Dermed ny straffe på Godøybana. Straffa sette Hans Edvard Nordang sikkert i mål. Norborg fortsette å trykke på og skaper eit par sjansar, men i staden for ny redusering er det Godøy som gjer 5-1 på straffe etter at Kjell-Terje Brusdal kjem for seint inn i ei takling. Jan Arild Austnes får æra av å score sitt andre straffemål. Eit par minutt seinare snappar Godøy opp ei tversoverpasning og Nordang feller motspelaren sin som bakerste mann. Dermed utvisning. Norborg sitt femte raude kort i år. Etter utvisninga er det Norborg som kjem til sjansane. Skjalg Volstad reduserer til 5-2 då han sette ballen mellom beina på keeper etter å ha blitt spelt fri av Adrian Håbet. Skjalg får også sjansen til ei ny redusering like etter, men denne gong går avslutninga over mål.

Norborg får meir til offensivt etter pause, men opptrer veldig uryddig og gjer enkle feil. Godøy skapte flest sjansar og spelte den beste fotballen i denne kampen og tok tre fortente poeng.

Elling Mikal Kalvø spelte på ein uvant spissplass, men var totalt sett Norborg sin beste spelar på ein dag då dei fleste var godt under pari. Trym Nyland fekk sin A-lagsdebut, medan keeper Joakim Kjærstad fekk sin seriedebut på A-laget.

Laget: Joakim Kjærstad – Cato Longva (Kjell-Terje Brusdal, 67), Edward Laverton, Hans Edvard Nordang, Marius Rogne (Trym Nyland, 79) – Tarjei Urkedal, Asgeir Kalvø (Preben Lorgen, 46), André Larsen (Ole Johan Urke, 83), Adrian Håbet – Skjalg Volstad, Elling Mikal Kalvø.

Dommar: Tove Marie Tandstad (VRF)
Assistentar: Magne Krumsvik (Hødd) og Palmar Blindheim (Blindheim)

Grei jobb av trioen.